5 Kommunal planlegging

I Noreg er mykje av ansvaret for samfunnsutviklinga og arealplanlegginga lagt til kommunane. Derfor har kommunen også ei særleg viktig rolle i å sjå til at omsynet til universell utforming blir teke i vare i samfunnsplanlegginga. Planleggjarane i kommunen bør ha eit medvite forhold til korleis universell utforming skal innarbeidast som eit sentralt omsyn i dei enkelte planane, og sikre at dette blir teke i vare i alle stadium – frå planstrategien og ned til den enkelte byggjesaka.

Kommunal oversiktsplanlegging skal ifølgje § 11-1 i plan- og bygningslova omfatte samfunnsdelen i kommuneplanen med handlingsdel og arealdel. Kommunen skal også i nødvendig grad utarbeide reguleringsplanar. Planstrategien skal avklare behovet for kommunal planlegging i kommande fireårsperiode.

Kommuneplanlegginga er ein prosess frå samfunnsdelen med statusbeskriving av demografisk utvikling, folkehelse, statusen og behova i verksemdene og den økonomiske situasjonen til kommunen. Vidare skal tiltaka beskrivast i handlingsdelen, og den økonomiske prioriteringa mellom tiltaka er i økonomiplanen. I arealplanen blir prioriteringane og avgjerdene til kommunen kartfesta med dertil høyrande føresegner.

Samfunnsdelen gjev politisk forankring, medan arealdelen er det viktigaste verktøyet kommunen har for styring av arealbruken i tråd med måla i samfunnsdelen om korleis kommunen skal utvikle seg.

Det er viktig at alle verksemdene i kommunen deltek i planprosessen frå innleiande drøftingar til økonomiske prioriteringar fordi det er her avgjerdene blir tekne om korleis kommunesamfunnet kan utvikle seg, og om kva tiltak som kan gjennomførast i den neste fireårsperioden.

5.1 Kommunal planstrategi

Kommunestyret skal minst ein gong i valperioden, seinast eitt år etter at det blei konstituert, lage og vedta ein kommunal planstrategi, jf. § 10-1. Rettleiaren Kommunal planstrategi – kommunestyrets redskap for å prioritere planoppgaver forklarer dette nærmere.

Planstrategien er ikkje ein plan. Planstrategien er eit verktøy til å avklare kva planoppgåver som skal prioriterast i valperioden.

Planstrategien skal blant anna drøfte dei strategiske vala til kommunen for samfunnsutviklinga.

Korleis det skal takast omsyn til universell utforming i planane til kommunen, er eit tema som skal drøftast i planstrategien. Omsynet til universell utforming i planstrategien må sjåast i samanheng med samfunnsdelen i kommuneplanen med handlingsdel, økonomiplanen, sektorplanar og arealplanar.

Det går fram av § 10-1 at kommunen bør leggje opp til brei medverknad og debatt for allmenta som grunnlag for behandlinga. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne bør kunne gi innspel til beskrivinga av status om universell utforming i kommunen, og om er det behov for delplanar om til dømeuniversell utforming.

5.1.1 Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet

Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (Boligsosiallova av 1. juli 2023) skjerper kommunens ansvar for samordning og plikt til å ta boligsosiale omsyn i planlegginga. Kommunen skal ha ein oversikt over behovet for både ordinære og tilpassede bustader for vanskelegstelte på bustadmaknaden, og denne oversikten skal inngå som grunnlag for kommunen sin planstrategi. Ein drøfting av kommunen sitt boligsosiale arbeid bør derfor inngå i planstrategien.

5.1.2 Aktuelle vurderingar i arbeidet med kommunal planstrategi

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av planstrategien.

Samfunnsutviklinga – kunnskapsgrunnlaget

  • Kva er dei viktigaste utviklingstrekka i kommunen innan universell utforming?
  • Er det behov for å kartleggje skular, andre kommunale bygg, offentleg infrastruktur, barnetråkk, uteareal, friluftsområde, kulturminne eller kulturarenaer for å avklare status om dei er universelt utforma? (For hjelp til å velje kartleggingsmetode, sjå kapittel 9 Kartleggingsmetoder og rettleiiarar .
  • Korleis kan kommunen bli betre på universell utforming (skulane, uteområda, bygga, tenestene, verksemdene, annan infrastruktur)?

Drøfting av eksisterande planar

  • Korleis er universell utforming følgd opp i gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar?
  • Bør nokon planar eller strategiar reviderast for at universell utforming skal takast betre hand om? Er det hensiktsmessig å sjå dette arbeidet i samanheng med planlegginga i andre verksemder?

Vurdering av behovet for nye planar

  • Er det behov for eigne planar for å prioritere enkelte område som er særleg viktige for å oppnå eit universelt utforma samfunn, til døme skular, andre kommunale bygg, offentleg infrastruktur, uteareal, grønstruktur, friluftsområde, kulturminne, kulturarenaer osv.?

Medverknad

  • Korleis trekkje inn rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og ungdomsråd inn i utarbeidinga av planstrategien?

5.1.3 Døme: universell utforming i planstrategiar

Meløy kommune vektlegg universell utforming og tilgjenge i utkast til kommunal planstrategi for Meløy 2024–2027: «Kommunen må utvikle et aldersvennlig og inkluderende lokalsamfunn, med satsing på universell utforming og tilgjengelighet i offentlige bygg og uteområder.»

Tilgjengelege tilbod for alle er viktig, og å jobbe for inkludering, særleg av unge og eldre, på ulike arenaer. Meløy har ikkje ein overordna plan for kultur og fritid, og har fleire planer som omhandlar kultur, idrett og friluftsliv som må revideres i planperioden. På bakgrunn av dette er følgande planer prioritert: Temaplan for kultur og fritid , og revidering av Kommunedelplan for fysisk aktivitet og fritid , med tilhøyrande handlingsplan for ferdselsårer.

5.2 Kommunedelplanar, temaplanar og strategiar

Mange kommunar vel å lage eigne kommunedelplanar, temaplanar eller strategiar for å auke merksemda om universell utforming. Dette er i tråd med § 11-1 tredje leddet som seier at «det kan utarbeides kommunedelplan for bestemte områder, temaer eller virksomhetsområder».

Både kommunedelplanar, temaplanar og strategiar kan vere gode verkemiddel for å heve kunnskapen om og rette meir merksemd mot universell utforming i kommunen. Mange opplever sjølve prosessen med utarbeidinga av desse planane eller strategiane som nyttig. Det er viktig at det er samsvar mellom desse og resten av planprosessane, og at dei blir løfta inn i arbeidet med samfunnsplanen. Slik kan dei følgjast opp i handlingsdelen og økonomiplanen og bli ein del i prioriteringa kommunane gjer av ressursar.

Av og til skjer utviklinga raskt, som da dei nye sparkesyklane kom. Dersom kommunane opplever at dei må møte endringane i samfunnet med nye tiltak utanom den normale rulleringa kvart fjerde år av kommuneplanen, kan utarbeiding av temaplanar eller tematiske strategiar vere eit godt verktøy.

5.3 Samfunnsdelen i kommuneplanen

I samfunnsdelen i kommuneplanen skal kommunen vektleggje viktige utfordringar knytte til samfunnsutviklinga, irekna utfordringar som har med miljø å gjere, og utfordringar knytte til universell utforming, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalde målgrupper. Særleg viktig er dette for sentrale samfunnsforhold som folkehelse, barn og unge, inkludering, integrering, næringspolitikk m.m. Utfordringar knytte til universell utforming av tenester, bygg og infrastruktur i kommunen skal vektleggjast.

Samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala kommunen tek. Hensikta er å beskrive samanhengen mellom dei langsiktige måla og strategiane som blir måla ut i samfunnsdelen, og dei fysiske konsekvensane. Dette blir utdjupa i lovkommentaren til plan- og bygningslova.

Det blir understreka at det er i samfunnsdelen kommunen med utgangspunkt i vedteken planstrategi og planprogram beskriv kva mål og delmål som skal prioriterast vidare. Dette vil så danne rammene for handlingsdelen og gi innspel til arealdelen.

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande åra eller meir, og skal reviderast årleg. Økonomiplanen kan etter kommunelova § 14-4 inngå i handlingsdelen. Sjå rettleiinga Kommuneplanprosessen – samfunnsdelen – handlingsdelen

5.3.1 Aktuelle vurderingar – samfunnsdelen i kommuneplanen

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av eller rullering av samfunnsdelen. Om denne blir utkvittert skriftleg, er opp til kommunen.

  • Korleis skal universell utforming bli teken i vare i samfunnsdelen i kommuneplanen?
  • Korleis er utviklinga i befolkninga når det gjeld fleire eldre og grupper med behov for ekstra tilrettelegging?
  • Korleis skal ein jobbe med universell utforming på tvers av verksemdene i kommunen?
  • Kva mål skal kommunen setje seg, og kva tiltak må kommunen setje i verk
  • for å bidra til eit meir universelt utforma og inkluderande samfunn (særleg barn og unge, folkehelse, eldre, integrering og inkludering)?
  • Kva arealmessige konsekvensar vil dette føre til?
  • Er bygga og anlegga til kommunen universelt utforma (barne- og ungdomsskular parkar, publikumsområde, fortau, stiar og kulturarenaer)?
  • Er det spesielt behov for strakstiltak i nokon område?
  • Korleis blir dette følgt opp i handlingsdelen og økonomiplanen?

Rettleiinga Kommuneplanens samfunnsdel utdjupar dette noko. Se også Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratets heimeside om Veikart for nærskolar www.bufdir.no

5.3.2 Døme: universell utforming i kommuneplanens samfunnsdel

Under gjev vi nokon fleire døme på korleis eit utval kommunar har teke i vare universell utforming i samfunnsdelen i kommuneplanen. Beskrivinga av eksempla er ikkje ei uttømmande liste:

Døme 1. Oppdal kommune; Kommuneplanens samfunnsdel 2024–2034 : I Satsingsområde 1, Folkehelse, livskvalitet og mestring seies det at « Kommunen har en viktig rolle som tilrettelegger for riktige rammebetingelser . Gode fysiske omgivelser , sosialt fellesskap og et rikt og mangfoldig kultur- og fritidstilbud vil fremme god folkehelse og livskvalitet. »

Videre seies det under Mål 2 Muligheter for alle at kommunen skal (utdrag):

  • .skal legge til rette for gode sosiale møteplasser med universell utforming
  • Legge til rette for reell brukermedvirkning
  • Universell utforming skal legges som premiss for all planlegging og virksomhet i kommunen, i tråd med FN-konvensjonen om rettigheter for mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD)
  • Lik tilgang til kommunale tilbod
  • .at alle kan delta i fritidsaktiviteter uavhengig av alder, etnisitet, kjønn, funksjonsevne og levekår – inkluderende møteplasser for alle

Døme 2: I høyringsutkast til kommunplanens samfunnsdel for Bergen kommune ‘Et nystemt Bergen’ står det at

  • «I Bergen skal det være trygt å ferdes i det offentlige rom, og det skal være trygt for barn og voksne å være i sitt eget hjem. Vi skal være en raus og inkluderende by som er tilgjengelig, universelt utformet, fri for diskriminering, som er livssynsåpen og trygg for alle aldersgrupper. «
  • «Bergen skal være en demokratisk by, med respekt for ulike meninger. I byen vår skal alle leve trygge og frie liv, uavhengig av alder, etnisitet, kjønn og seksualitet, religion, funksjonsnivå og livssituasjon. Alle skal oppleve å bli sett og hørt, særlig de stille stemmene som har vansker med å komme til orde.»
  • «Vi skal ta vare på vår kulturarv og kulturmiljøer som skaper særegne bydeler og nabolag, og gjøre disse mer tilgjengelige for alle».

Døme 3: Time kommune 1 sin kommuneplan 2015–2027 byggjer vidare på ein fylkesdelplan for universell utforming og vektlegg universell utforming blant anna i omtale av helse og livskvalitet og under deltaking og aktivitet:

«Med stor byggjeaktivitet i kommunen er det viktig å verna og sikra grøntområde, møteplassar og leikeplassar. God planlegging og universell utforming av bygningar og uteområde verkar positivt inn på helse og livskvalitet og vernar mot risikofaktorar. […] I kommunen er universell utforming et prinsipp som vert tatt med i alle planprosessar og byggjeprosjekt slik at publikumsbygg, tur- og friområde, bustader, vegar og tiltak langs kollektivtransportaksane kan brukast av alle menneske utan spesiell tilpassing.»

5.4 Arealdelen i kommuneplanen

Arealdelen i kommuneplanen skal byggje på samfunnsdelen og følgje opp mål og strategiar som er vedtekne der. Arealdelen er det viktigaste verktøyet kommunen har for å styre arealbruken i tråd med måla i samfunnsdelen om korleis kommunen skal utvikle seg. Kommunen skal ha ein arealdel for heile kommunen, men det kan òg lagast kommunedelplanar for delar av kommunen, til døme ein tettstad, ei kystsone eller eit fjellområde. Rettleiinga om arealdelen i kommuneplanen har meir informasjon om planprosess og utforming av arealdelen i kommuneplanen.

Arealdelen er ein vesentleg del av det langsiktige plangrunnlaget til kommunen og skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga og den framtidige arealbruken. Det er i arealdelen at grunnlaget for utforming og utvikling av det fysiske miljøet blir lagt. Det er kommunen sjølv som fattar vedtak om bindande arealplan, og som gjennom denne planen kan sikre kvalitetar og verdiar i det fysiske miljøet som må takast omsyn til ved utbygging.

For alle kommuneplanar som kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn, skal det utarbeidast eit planprogram, jf. § 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess med fristar og deltakarar, behov for utgreiingar og opplegg for medverknad, spesielt med tanke på grupper ein kan anta dette vil vedkomme særleg.

Planprogrammet skal òg gjere greie for planprosessen med framdriftsplan og opplegg for medverknad, spesielt overfor grupper ein antek dette vil vedkomme spesielt. Det er viktig å involvere grupper som råd for personar med funksjonsnedsetjingar og eldrerådet i prosessen, og slik kan rådet avtale med kommunen når i planprosessen det skal trekkjast inn og gi høyringsutsegner.

Alle forslag til planar skal etter lova ha ei planbeskriving som beskriv formålet med, hovudinnhaldet i og verknader i planen og korleis forholdet er mellom planen og rammer og retningslinjer som gjeld for området, jf. § 4-2. Planbeskrivinga bør omtale korleis ein skal ta i vare universell utforming i planforslaget og eventuelt i påfølgjande byggjesak.

5.4.1 Føresegner i arealdelen av kommuneplanen

Kommunane kan uavhengig av arealformål vedta føresegner til arealdelen i kommuneplanen om byggjegrenser, utbyggingsvolum, funksjonskrav, irekna om universell utforming, jf. § 11-9 punkt 5.

I tråd med dette kan universell utforming leggjast til grunn for alle arealformåla som er lista opp i § 11-7, særleg viktige blir nr. 1, 2 og 3, som omhandlar høvesvis busetnad og anlegg, samferdselsanlegg, teknisk infrastruktur og grønstruktur.

For desse arealformåla kan kommunen etter § 11-10 punkta 2 og 3 gi føresegner om fysisk utforming av anlegg og kva areal som skal vere til offentlege formål eller fellesareal.

Det som blir fastsett i arealdelen i kommuneplanen, angår heile befolkninga, og det er derfor viktig at kommunen jobbar aktivt med å involvere ulike grupper gjennom heile planprosessen. Planleggjarane i kommunen bør i den innleiande fasen av planarbeidet lage eit opplegg for korleis ein skal involvere grupper med særskilde behov for tilrettelegging, som råd for personar med funksjonsnedsetjing, eldreråd og barn og unge. Medverknadsopplegget skal beskrivast i forslag til planprogram. Gjennom god medverknad frå ulike grupper vil ein ved utarbeidinga av planforslaget kunne få nødvendige innspel og synspunkt på kva som er viktig for å få til universelle løysingar i det fysiske miljøet, og kva omsyn som blir særleg viktige i neste fase med reguleringsplan, og som bør fastsetjast i arealdelen.

Kommunen kan etter § 11-9 nr. 8 gi føresegn om forhold som skal avklarast og belysast i det vidare reguleringsarbeidet. Når det gjeld universell utforming, kan kommunen bestemme at det i reguleringsplanen skal avklarast og belysast korleis universell utforming er teken i vare i uteareal, gangvegar, fellesområde, leikeplassar mv., og kva vurderingar som er tekne.

Dersom kommunen ønskjer å gi føringar om løysingar eller beskrivingar, bør kommunane bruke dei juridiske verkemidla.

5.4.2 Utbyggingsavtalar

Plan- og bygningslova § 11-9 nr. 2 gjev kommunen moglegheita til for å gi føresegner til arealdelen i kommuneplanen om utbyggingsavtalar etter § 17-2. Det er føresegnene om utbyggingsavtalar som gjev rammene for kva som kan takast inn i vedtaket og føresegnene. Ein utbyggingsavtale vil vanlegvis vere knytt til reguleringsplanar som legg til rette for privat utbygging av vanlege byggjeformål som bustad, næring, hytter, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur i tillegg til grønstruktur.

I den grad det i arealdelen i kommuneplanen blir gitt føresegner om universell utforming for reguleringsplanar, jf. § 12-7 nr. 4 (funksjons- og kvalitetskrav til bygningar, anlegg og uteareal, irekna krav for å sikre omsynet til helse, miljø, sikkerheit, universell utforming og det særlege behovet barn har for leike- og opphaldsareal ute), kan ein utbyggingsavtale omhandle universell utforming.

5.4.3 Aktuelle vurderingar: arealdelen i kommuneplanen

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeidinga av arealdelen. Om denne blir utkvittert skriftleg, er opp til kommunen.

  • Korleis skal føringane i samfunnsdelen og arealstrategien for universell utforming opp i arealdelen?
  • Er gjeldande føresegner i arealdelen hensiktsmessige for å ta i vare omsynet til universell utforming?
  • Ønskjer kommunen til dømes å styre plasseringa og utforminga av viktige fellesfunksjonar som leikeplassar, parkar og/eller parkeringsplassar for å oppnå at desse blir universelt utforma og tilgjengelege for alle?
  • Er det hensiktsmessig med ei føresegn om utbyggingsavtalar i arealdelen i kommuneplanen for å sikre at universell utforming blir teken i vare i reguleringsplanar?

5.4.4 Døme: universell utforming i arealdelen i kommuneplanen

Under gjev vi nokon eksempel på korleis nokon kommunar har teke i vare universell utforming i arealdelen i kommuneplanen. Eksempla er ikkje uttømmande med omsyn til korleis universell utforming kan takast i vare gjennom arealdelen i kommuneplanen, men gjev eit inntrykk av ulike måtar kommunane kan vurdere å ta omsyn til ambisjonane for universell utforming på.

Døme 1: Bergen kommune

Bergen kommune har Generelle føresegner i arealdelen i kommuneplanen og Retningslinjer som inneheld «målsettinger og veiledning ved bruk av bestemmelsene». Av generelle føresegner er for eksempel den innleiande føresegna:

§ 1 Formål ( pbl § 11-5, jf. §§ 3-1 og 1-1)

Kommuneplanens arealdel skal bidra til å oppnå målene som er stilt i kommuneplanens samfunnsdel. Det pekes spesielt på at vi må:

  • sørge for en grønn, bærekraftig og klimanøytral byutvikling
  • fremme inkludering, likeverd og utjevne levekårsforskjeller
  • fremme folkehelse og forebygge sykdom
  • sikre gode oppvekstmiljø for barn og unge

[…]

§ 7 Levekår ( pbl § 3-1 første ledd, bokstav e og f)

7.1 Folkehelseplanen og kunnskap om levekår skal legges til grunn for all planlegging. Planforslag skal redegjøre for hvordan planen vil bidra til å oppnå kommunens mål for folkehelse og levekår.

7.2 Spesielt for levekårssoner: – 10 soner med høyest indeks: Tiltak som kan ha negativ effekt på levekår bør ikke tillates – 10 soner med høyest barneutflytting: Det skal legges spesiell vekt på gode kvaliteter for barnefamilier Byutviklingen skal bidra til å fremme god folkehelse, og til reduksjon av sosiale forskjeller

§ 8 Arkitektur og byform ( pbl § 11-9 nr 6, jf. § 29-2)

8.2.3 Ny byutvikling skal planlegges i en menneskelig skala, med et finmasket byromsforløp der menneskets opplevelse fra gateplan gir premisser for bygningsutformingen

8.2.6 Det skal sikres kvalitet i arkitektur og byromsutforming. Det skal legges vekt på nytenking, universell utforming og innovasjon for bygninger og byrom med viktige allmenne funksjoner.

§ 15 Universell utforming ( pbl § 11-9 nr 5)

Reguleringsplaner skal redegjøre for universell utforming både internt i planområdet og i sammenheng med omgivelsene. Der det kan oppstå konflikt mellom ulike hensyn skal planarbeidet avveie alternative løsninger basert på prinsippet om inkludering og likeverd.

§ 16 Mobilitet ( pbl §§ 11-9 nr 3)

16.1 Gående, syklende og kollektivtransport skal prioriteres ved planlegging av transportsystemet. 16.2 Ved regulering av tiltak etter §§ 26 og 27 (bebyggelse og anlegg) større enn 5000 m2 BRA, eller som beregnes å gi mer enn 50 arbeidsplasser skal det utarbeides mobilitetsplan.

Retningslinjer som inneheld «målsettinger og veiledning ved bruk av bestemmelsene»:

Mobilitetsplan skal blant annet redegjøre for (utdrag):

  • Hvordan det legges til rette for å begrense transportbehovet, fremme miljøvennlig transport og sikre trygg varelevering, parkering og tilkomst for alle
  • Universell tilgjengelighet

Døme 2: Tidlegare Os kommune, no Bjørnafjorden

Tidlegare Os kommune (no Bjørnafjorden kommune) sa i si Planbeskriving til arealdelen i kommuneplanen (2012–2023) at universell utforming skal vere eit grunnprinsipp for stadutviklinga si (sjå 2.1 under). Følgjande blir sagt i relasjon til universell utforming (utdrag):

2 RAMMER OG FØRESETNADER FOR PLANARBEIDET

I utarbeiding av kommuneplanens arealdel skal ein legge til grunn føringer som for eksempel lovverk, forskrifter, rikspolitiske retningslinjer og fylkesplanar. Os kommune har også eigne planar og utgreiingar som skal vere grunnlag for planlegginga.

2.1 OVERORDNA FØRINGAR

Universell utforming

Universell utforming har stort fokus i nasjonale strategiar, for å bidra til eit lett tilgjengeleg samfunn for alle og hindre diskriminering. Utforming og tilrettelegging av fysiske forhold fremjar like moglegheiter til samfunnsdeltaking. Ny teknisk forskrift (Forskrift om krav til byggverk, heimla i byggesaksdelen av ny plan- og bygningslov), konkretiserar prinsippet om universell utforming.

I tillegg set Fylkesdelplan Deltaking for alle – Universell utforming 2006–2009 som mål at universell utforming skal vere ein premiss i kommuneplaner og reguleringsplanar.

I samband med tettstadsutvikling og fokus på forsterking av tettstadsstrukturen i Os kommune, vil universell utforming vere eit grunnprinsipp.

Arealdelen til kommuneplanen for Os 2012–2023.

5 FØRESEGNER OG RETNINGSLINJER TIL AREALDELEN

Planen er heimla i PBL § 5.

Føresegnene til arealplanen er ein del av planen, og har juridisk verknad på lik linje med plankartet. Desse er skrivne som nummererte kulepunkt.

Retningslinjene er ikkje juridisk bindande, men er retningsgjevande og gjev utfyllande opplysningar til føresegnene.

5.3.1 GENERELLE RETNINGSLINJER

[…]

5. Ved utbygging og gjennomføring av tiltak bør det i størst mogeleg grad sikrast god tilgjenge for alle, til dømes rørslehemma, orienteringshemma og miljøhemma (universell utforming). Bygningar og anlegg skal gjevast universell utforming slik at dei kan brukast på like vilkår av så stor del av innbuarane som mogeleg.

Døme 3: Trondheim kommune

I rettleiinga Krav til uterom knytt til arealdelen i kommuneplanen 2012–2024 set kommunen krav om universell utforming av uterom (utdrag):

Krav til uterom – veileder Kommuneplanens arealdel 2012-2024 Vedlegg 16 .

Retningslinjer og bestemmelser KPA 12-24 30.

Uterom for bolig

§ 30.1 Uterom skal være mest mulig sammenhengende, ha gode solforhold, tilfredsstillende støynivå og være skjermet mot motorisert trafikk og forurensing.

§ 30.2 Uterom for felles bruk skal utformes etter prinsippene om universell utforming. Uterommet skal være godt egnet som sosial møteplass for alle aldersgrupper og utformes slik at det kan brukes til alle årstider

Døme 4: Trondheim kommune

I Trondheim kommunes Kommunedelplan Lade, Rotvoll, Leangen gjev kommunen føresegner om dokumentasjon og beskrivingar knytte til omsynet til universell utforming:

Bestemmelser:

3 SPESIELLE KRAV TIL DOKUMENTASJON I PLAN- OG BYGGESAKER

3.3 Tilgjengelighet

Ved all planlegging og utbygging i området skal det dokumenteres hvordan det er tatt hensyn til tilgjengelighet for alle og universell utforming.

7 UTFORMING AV UTEROM

7.1 Innenfor hvert byggeområde skal det avsettes nok ubebygd areal til å få gode uterom og uterom med tilstrekkelig oppholdsareal, vrimleareal og møteplasser og eventuell bakkeparkering. Uterom bør tilrettelegges for alle brukergrupper og opparbeides med grøntanlegg, benker, lekeapparater, ha gode solforhold og være belyst.

8. UTFORMING OG BRUK AV FRIOMRÅDER

8.1 Framtidig bydelspark, F1 (Lade) Området skal opparbeides som bydelspark. Minimum 8 daa av området skal opparbeides som bymessig park med parkbeplantning, benker, lekeapparater og kunstnerisk utsmykking. Øvrige deler av parken skal opparbeides som robust lek-, aktivitets- og oppholdsområde; med balløkke, lekeapparater, akemuligheter og slitasjesterk naturlig vegetasjon. I sonen langs Jarlevegen, Lade allé og Haakon VII’s gate skal det etableres en flersjiktet vegetasjonssone, eventuelt kombinert med støyskjermer/støyvoller. Bydelsparken bør ha belysning.

Ladeparken, omtalt i rapporten: Ladeparken – universell utforming Vedlegg til årsrapport 2011 ressurskommune i universell utforming .

5.5 Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner og beskriving som skildrar bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1. Reguleringsplanen skal følgje opp føringar gitte i arealdelen til kommuneplanen. Lova stiller krav om reguleringsplan for store tiltak. I tillegg kan kommunen stille krav om reguleringsplan i arealdelen i kommuneplanen.

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering. Områderegulering skal gi detaljerte områdevise avklaringar der kommunen ser behov for dette, medan detaljregulering er ein plan for gjennomføringa av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern. Detaljregulering skal brukast for å følgje opp arealdelen i kommuneplanen og områderegulering.

Reglar om oppstartsfasen er gitte i plan- og bygningslova § 12-8. Kongen har fastsett ei eiga forskrift om behandlinga av private planforslag, jf. forskrift 8. desember 2017 nr. 1950 om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven. Det er naturleg at forslagsstillar i denne fasen også innhentar relevant og nødvendig planinformasjon frå kommunen og elles avklarar kva juridiske rammer og skrankar som det er nødvendig å rette seg etter ved ei utbygging av eigedommen. Dette vil til døme kunne omfatte eigedomsinformasjon, innhaldet i overordna arealplanar, krav til reguleringsplan i tillegg til retningslinjer og føringar som elles måtte gjelde for området eller eigedommen frå myndigheitene.

Meir informasjon finst i rettleiinga frå departementet: Reguleringsplan .

5.5.1 Planprogram

Det skal etter § 4-1 utarbeidast planprogram dersom reguleringsplanen kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn. Som ledd i varslinga av planoppstarten skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet.

Planprogrammet skal gjere greie for målet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, spesielt overfor grupper ein må gå ut frå dette vil vedkomme særleg, kva alternativ som vil bli vurderte, og behovet for utgreiingar.

5.5.2 Planbeskriving og konsekvensutgreiing

Alle forslag til planar skal ha ei planbeskriving som fortel kva formålet med planen er, hovudinnhaldet, verknader og korleis forholdet er mellom planen og rammer og retningslinjer som gjeld for området.

Reguleringsplanar som kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn, skal i planbeskrivinga gi ei eiga vurdering og konsekvensutgreiing av verknadene planen har for miljø og samfunn.

5.5.3 Føresegner til bruk i reguleringsplanar

Etter § 12-7 kan kommunen gi føresegner som bidreg til å skape universelt utforma område.

Etter § 12-7 nr. 4 kan det det givast føresegner om

«funksjons- og kvalitetskrav til bygninger, anlegg og utearealer, herunder krav for å sikre hensynet til helse, miljø, sikkerhet, universell utforming og barns særlige behov for leke- og uteoppholdsareal.»

Etter § 12-7 nr. 5 kan det blant anna relatert til eit område givast føresegner om nærmare krav til tilgjenge og om utforming av bustader der det er hensiktsmessig for spesielle behov.

Etter § 12-7 nr. 10 blir det gitt føresegner med krav om særskild rekkjefølgje for gjennomføringa av tiltak etter planen og at utbygging av eit område ikkje kan skje før tekniske anlegg og samfunnstenester som (utdrag) « transport, vegnett, friområder er tilstrekkelig etablert».

Etter § 12-7 nr. 11 kan det òg givast føresegner om krav om detaljregulering for delar av eit planområde og eller bestemte typar av tiltak og retningslinjer for slik plan.

Etter § 12-7 nr. 12 kan kommunen gi føresegner «om nærmere undersøkelser før gjennomføringa av planen, samt undersøkelser med sikte på å […] og klargjøre virkninger for miljø,[…] og tilgjengelighet for alle […] ved gjennomføring av planene og enkeltvedtak i den».

Og ut frå nr. 14. kan det bestemmast kva areal som skal vere til offentlege formål eller fellesareal.

Føresegner gitte i reguleringsplanar skal etterlevast i byggjesaka, samtidig som tekniske krav til universell utforming i bygg og uteareal blir regulerte gjennom byggteknisk forskrift (TEK).

5.5.4 Aktuelle vurderingstema – reguleringsplanar

Spørsmåla under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding og behandling av reguleringsplanar.

  • Kva føresegner, rekkjefølgjekrav og retningslinjer finst i dei overordna planane kommunen har for det aktuelle området (samfunnsdel, arealdel og eventuell kommunedelplan)?
  • Korleis skal desse følgjast opp i reguleringsplanen og i planprosessen, blant anna i opplegga for medverknad?

5.5.5 Døme: universell utforming i reguleringsplanar

Hamaren aktivitetspark i Fyresdal

Spektakulær natur med høge fjell, djupe fjordar og kupert terreng er ikkje tilgjengeleg for alle, sjølv om dei bur rett i nærleiken. Eldre, småbarnsfamiliar, personar med nedsett funksjonsevne og framandkulturelle utan kunnskap om tøff natur har derfor store problem med å bruke naturen til helsefremjande fysisk aktivitet og sanseopplevingar. Dette ønskte Fyresdal kommune å gjere noko med ved å tilby ein sentrumsnær universelt utforma aktivitetspark.

Parken ligg rett ved barnehage, skule og eldre- og sjukeheim. Fysisk aktivitet i naturen er eit effektivt verkemiddel for å betre folkehelsa. Parken har dessutan vorte eit sosialt samlingspunkt for alle innbyggjarane uansett etnisitet, alder eller funksjonsevne, noko som aukar trivselen for alle.

Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper. Total lengd er cirka 2,4 km i lett terreng, og dei mest brukte stiane er skilta og merkte av på kartet.

Aktivitetsparken vann innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien landskapsarkitektur i 2017.

Foto: Fyresdal Kommune.

Les meir om prosjektet:

Schandorffs plass, Oslo

Schandorffs plass er ei tidlegare gate omregulert til friområde (park/plass) sentralt i Oslo. Gata enda tidlegare i ein bevaringsverdig mur og var berre mogleg å krysse via trapper med ein høgdeforskjell på sju meter. Ved omreguleringa og prosjekteringa blei det valt å gjere universell utforming til eit hovudmotiv for utforminga av parken.

Reguleringsplanen omfatta eit større bygg, friområdet som utgjer plassen, og noko tilgrensande gateareal. Universell utforming av friområdet er sikra i reguleringsplanen gjennom denne føresegna:

«§ 6. Friområde: Park/plass i Schandorffs gate opparbeides med steinbelegg og beplantning med utgangpunkt i illustrasjonsplan og krav til universell utforming. Utformingen av parken skal skje i samarbeid med Friluftsetaten og Byantikvaren. Parken skal være ferdig opparbeidet ved utgang av påfølgende sommer etter at midlertidig brukstillatelse for nybygg er gitt.» (Kjelde: https://innsyn.pbe.oslo.kommune.no/saksinnsyn/showregbest.asp?planid=91052263 )

Plassen vann innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien landskapsarkitektur i 2011.

Schandorffs plass sto ferdig i 2009 og vart teikna av landskapsarkitektane Østengen & Bergo AS.

Foto: Østengen & Bergo.

Schandorffs plass sto ferdig i 2009 og vart teikna av landskapsarkitektane Østengen & Bergo AS.

Foto: Østengen & Bergo.

Les meir om prosjektet her: