4 Regionale planoppgåver, planar og rettleiing

Regional planlegging kan gå på tvers av både kommunegrenser og tema og slik bidra til meir merksemd om universell utforming i regionalt perspektiv. Som nemnt i kapittel 1 skal sektorar i den fylkeskommunale administrasjonen som dette vedkjem, delta i den regionale planlegginga.

Fylkeskommunen skal også gi råd til og hjelpe kommunane i utarbeidinga av kommunale planar, jf. plan- og bygningslova § 3-2. Fylkeskommunane skal i tillegg uttale seg til kommunale planforslag, og fylkeskommunen og statsforvaltaren kan fremje motsegner med grunngiving i universell utforming. Fylkeskommunane har med andre ord ei særleg viktig rolle i å bidra til at universell utforming blir sikra i kommunal planlegging.

4.1 Regional planstrategi

Regional planmyndigheit skal minst ein gong i løpet av valperioden, seinast eitt år etter konstituering, utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og aktuelle institusjonar. Dette er eit viktig tidspunkt for å få universell utforming på dagsordenen.

Planstrategien er ikkje ein plan. Planstrategien skal gjere greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsmoglegheiter og avklare kva spørsmål som skal takast opp gjennom den regionale planlegginga vidare.

Regional planstrategi skal òg innehalde oversikt over prioriterte planoppgåver og korleis dei prioriterte planoppgåvene skal følgjast opp, og presentere opplegg for medverknad. Vurderingane skal svare ut Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som gitt i plan- og bygningslova § 6-1.

Utarbeidinga av regional planstrategi er tidspunktet for å drøfte universell utforming sett i lys av regionale utfordringar: korleis universell utforming skal takast i vare i regional planlegging.

Planstrategien bør avklare korleis universell utforming skal takast i vare i all regional planlegging. Nedanfor er det lista opp nokon spørsmål som kan vere nyttige å stille i dette arbeidet.

4.1.1 Aktuelle vurderingar i arbeidet med regional planstrategi

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av regional planstrategi.

Vurdering av eksisterande planar og planoppfølging:

  • Er universell utforming tilstrekkeleg og godt behandla i gjeldande regionale planar, og korleis er dei følgde opp i handlingsplanar og tiltak?
  • Er det avklart kven som gjer kva, når og med kva ressursar?
  • Kan ansvarsfordelinga tydeleggjerast?

Når ny planstrategi skal utarbeidast:

  • Kva er dei viktigaste regionale utviklingstrekka og utfordringane knytte til universell utforming som bør følgjast opp i den regionale planlegginga?
  • Kva er status for universell utforming i dei skulane, næringsbygga og -areala, infrastrukturane som gangvegar, haldeplassar for kollektivtransporten, friluftsliv, grønstrukturane og turvegane, kulturmiljøa eller kulturarenaene som fylkeskommunen har ansvaret for?
  • Er det behov for ytterlegare kartlegging? For hjelp til å velje kartleggingsmetode, sjå kapittel 9 Kartleggingsmetoder og rettleiingar.
  • Er det behov for å prioritere tiltak for å oppnå universell utforming innanfor desse områda?

Sjå rettleiing om Regional planstrategi .

4.1.2 Døme på regionale planstrategiar

I Vestland er planstrategien integrert i ein bred utviklingsplan, som setter tydeleg retning for samfunnsutviklinga. I Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 regional planstrategi , er eitt av satsingsområda Demografi og likeverd. Der seies det at

«Gode prioriteringar er å setje barn og unge først, samstundes som ein handterer demografiske endringar, til dømes ved å gjere kommunen aldersvennleg. Kommunen bør også arbeide systematisk med mangfald og inkludering knytt til kjønn, seksualitet, etnisitet, kultur, livssyn og funksjonsevne.»

Utviklingsplanen har 5 strategiar for å nå måla, og ein av desse (nr 6) har overskriften: « Vestland skal styrke innsatsen for å redusere sosial ulikskap og utvikle eit mangfaldig og inkluderande samfunn» . Der seies det at «

«Innsatsen for eit universelt utforma Vestland, betre folkehelse, styrka livskvalitet, og å hindre utanforskap og einsemd vert viktig.»

I Trøndelag fylkeskommune sin Regional planstrategi 2024–2027 er eit trygt, helsefremmande og inkluderande Trøndelag satsingsområde 2. Det skal mellom anna nås gjennom samfunnsdeltagelse for alle (s om er eit av innsatsområda i dette satsingsområde).

4.1.3 Planprogram

Regional planmyndigheit skal utarbeide regionale planar for dei spørsmåla som er fastsette i den regionale planstrategien. For alle regionale planar skal det utarbeidast eit planprogram som eit ledd i varsel om oppstart, jf. § 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utgreiingar.

Høyring av planprogrammet er viktig for at myndigheiter og interesser som dette får følgjer for, får oversikta over aktuelle problemstillingar og korleis forslaget påverkar interessene deira. Målet er å gi anledning til tidleg medverknad, god informasjon og dialog og ein føreseieleg prosess for alle involverte. Det er viktig å involvere råda for personar med funksjonsnedsetjing i prosessen.

4.1.4 Regional plan og handlingsprogram

Regionale planar blir utarbeidde for tema som er fastsette i den regionale planstrategien.

Universell utforming bør følgjast opp i utarbeidinga av alle regionale planar, om dei er tematiske eller geografisk avgrensa. Aktuelle tematiske planar er opplæring, kultur, samferdsel, næring, fylkesbygg og andre offentlege bygg, informasjon, IKT-løysingar mv.

Dersom det er behov for å samle og konkretisere problemstillingar knytte til universell utforming på dei ulike sektorområda, kan ein eigen regional plan for universell utforming vere ei løysing. Men sidan universell utforming ofte krev tenking og handling på tvers av sektorane, er det viktig at konklusjonane i ein eventuell sektorplan blir baka inn i regional planstrategi og resten av den regionale planlegginga. Ein regional plan skal ha eit handlingsprogram. Behovet for rullering skal vurderast årleg.

Koplinga mellom planen, anbefalte tiltak og handlingsprogrammet for gjennomføring av planen, som fylket etter lova § 8-1 er plikta til å utarbeide, er særleg viktig.

Det er her ein kan tidfeste tiltaka, prioritere mellom dei og setje av ressursar til gjennomføringa. Her ser ein nytta av at fleire sektorar i fylkeskommunen deltek og drøftar dei ulike tiltaka og gjer ei felles prioritering.

4.1.5 Døme: universell utforming teken i vare i regionale planar

Fleire fylkeskommunar utarbeider eigne regionale temaplanar om universell utforming for å heve merksemda om og konsentrere seg meir om universell utforming i planlegginga si. Andre tek i vare universell utforming i den regionale planen. Under blir det gitt nokon beskrivingar frå fylkeskommunar som har teke i vare universell utforming i eit utval regionale planar.

Døme 1: I Regional plan for det inkluderende Innlandet (2020), seiar planen at

«Lokalsamfunn må utformes slik at barndom, oppvekst og voksenliv gir tilgang på godt utformede universelle omgivelser. Det er avgjørende for inkludering og deltakelse.

og vidare

«Det handler også om åpne og trygge lokalsamfunn med plass for alle, uavhengig av blant annet tro, funksjonsevne, hudfarge, etnisitet, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

Universell utforming gjør at alle, uansett funksjonsevne, opplever god tilgjengelighet både ute og inne, i egen bolig, i institusjoner og på offentlige plasser. Mulighet til å delta i lek, aktivitet og organiserte fritidstilbud skal gjelde alle, uavhengig av funksjonsevne.