Forord

Regionalt planforum er eit lovpålagt forum som fylkeskommunane har ansvar for. Føremålet med regionalt planforum er skape ein arena der statlege, regionale og kommunale interesser i konkrete plansaker skal bli klarlagde og freista samordna. Dette kan førebyggje konfliktar og leggje grunnlag for meir effektive planprosessar.

Denne rettleiinga er laga av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for å ­styrkje bruken av regionalt planforum i alle fylka i landet. Rettleiinga er laga spesielt for fylkeskommunane, kommunane, fylkesmennene og andre myndigheiter som deltek i planforum.

Departementet ønskjer at rettleiinga skal bidra til ei meir einskapleg praktisering av regionalt planforum i fylka. Rettleiinga gir derfor innspel og inspirasjon til korleis ein kan gjennomføre gode møte og prosessar i planforum.

Oslo, november 2020

Revisjon april 2021

  • Tabell 3.1 er oppdatert
  • Fylkesmannen er endra til statsforvaltaren
  • Omtale av fylkeskommunen sine oppgåver i pkt. 4.1 er endra