Rettleiar om organisering og gjennomføring av regionalt planforum

Regionalt planforum er ein arena for klargjering og samordning av nasjonale, regionale og kommunale interesser i planar etter plan- og bygningslova. Tidlege diskusjonar i planforum kan førebyggje konfliktar, og legge grunnlag for gode planar og effektive planprosessar.

Les dokumentet

Fylkeskommunane har ansvar for å organisere og leie møta i planforum. Kommunar og statlege myndigheiter skal delta i møte der aktuelle saker vert diskuterte. Representantar for andre interesser kan og inviterast til planforum.

Denne rettleiaren gir informasjon om føremålet med planforum, kva planer som er aktuelle, når dei bør leggast fram, kven som deltek i planforum og korleis møta bør gjennomførast. Departementet ønskjer at rettleiaren skal styrke planforum som arena for samordning, i alle fylka i landet.

Revisjon april 2021:

  • Tabell 3.1 er oppdatert
  • Fylkesmannen er endra til statsforvaltaren
  • Omtale av fylkeskommunen sine oppgåver i pkt. 4.1 er endra