Rundskriv F-01-25 Forskrift om opptak til høgare utdanning
Rundskriv | Dato: 24.11.2025 | Kunnskapsdepartementet
Mottaker: Etter liste i rundskrivet
Nr:
F-01-25
Vår referanse:
25/5717
Kunnskapsdepartementet fastsette 21. november 2025 endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (uhl.) Fleire av endringane er av strukturell eller teknisk karakter. Endringane i forskrifta vert gjort kjent i Norsk Lovtidend og publisert på Lovdata.no. Forskrifta gjeld for opptak til all grunnutdanning, også lokale opptak, mindre emne og opptak til private høgskular sjølv om desse ikkje deltek i den nasjonale opptaksmodellen (NOM) gjennom Samordna opptak.