Rundskriv N-3/2018 Endring i garantiformular for løyve for gods- og persontransport

Etter yrkestransportlova § 4 jf. § 5, første ledd må den som vil drive gods- og persontransport ha løyve. For å få/ha løyve er eitt av vilkåra at vedkommande har tilfredsstillande økonomisk evne.

Etter yrkestransportlova § 4 jf. § 5, første ledd må den som vil drive gods- og persontransport ha løyve. For å få/ha løyve er eitt av vilkåra at vedkommande har tilfredsstillande økonomisk evne. Etter forskrift om yrkestransport (yrkestransportforskrifta) § 7 skal tilfredsstillande økonomisk evne dokumenterast gjennom å leggje fram garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap for eit beløp svarande til 9000 Euro i kroneverdi. For kvart løyve utover dette skal kroneverdien svare til 5000 Euro. Ordninga med krav om tilfredsstillande økonomisk evne, og dermed kravet om garanti, vart gjort gjeldande frå 1. januar 1994 ettersom transport då vart ein del av den indre marknaden med felles vilkår for etablering gjennom etablering av EØS-avtala. Det sentrale for løyvestyresmaktene er at kravet om garanti som dokumentasjon for tilfredsstillande økonomi evne sikrar ei kredittvurdering av søkjar/løyvehavar.

Finans Norge som representerer bank- og forsikringsnæringa i Noreg i dag, har tatt opp spørsmålet om å endre pkt. 5 i gjeldande garantiformlar om garantiperiode ved bytte av garanti. Som bytte av garanti reknast dei tilfella der ein stilt garanti blir avløyst av ein annan garanti og gjeld både ved skifte av garantist og ved opp- og/eller nedtrapping av talet på løyve. Bakgrunnen for framlegget til endringa er at ordninga har vist seg vanskeleg å administrere. Etter gjeldande garanti vil ny garantist i slike tilfelle vere ansvarleg for tidlegare oppståtte krav men som ikkje har forfall før etter at garantien er overtatt. Tidlegare garantist vil vere ansvarleg for tidlegare oppståtte krav med forfall før garantien blir overført. Dette ansvaret gjeld i 6 månader rekna frå overføring til ny garantist. Gjeldande ordning vil kunne redusere høve til å bytte garantist og kan også føre til auka kostnader for løyehavar som skiftar garantist ettersom han ein periode må betale gebyr både til gamal og ny garantist.

Departementet vurderer at med framlegget frå Finans Norge om endring i pkt. 5 i gjeldande garantiformular, vil garantien framleis tene som fullverdig dokumentasjon for tilfredsstillande økonomisk evne hos søkjar/løyvehavar. Utover dette vil departementet presisere at garantiordninga er eit privatrettsleg forhold mellom garantist, debitor og kreditor. Ordninga vil etter endringa vere enklare å administrere for dei som stiller slike garantiar. For transportnæringa vil endringa føre til uendra eller noko lågare kostnader. Departementet samtykker difor til at gjeldande pkt. 5 i garantiformularet blir erstatta med følgjande tekst:

"Avløser garantien en annen, tilsvarende garanti (herunder som følge av skifte av Garantist), dekker Garantien både krav som har oppstått, men ikke forfalt til betaling og krav som har oppstått og forfalt til betaling i de siste 6 måneder før skiftet eller ombyttet. Disse krav kan ikke kreves av tidligere garantist eller under tidligere garanti. Gjaldt tidligere garanti for et høyere beløp enn ny garanti, gjelder den høyere beløpsgrensen for ny garanti i 6 måneder etter skiftet av garantist eller ombyttet."

Nytt garantiformular med nemnte oppdatering ligg ved.

Iverksetting:

Endringa skal gjelde frå 1. januar 2019. Nytt garantiformular skal brukast på nye garantiar som blir stilte etter 1. januar 2019 eller når det etter 1. januar 2019 skjer eit bytte av tidlegare stilte garantiar, anten ved bytte av garantist eller ved opp- eller nedtrapping av talet på løyver hos løyvehavar.

Departementet ber om at løyvestyresmaktene sørger for å oppdatere informasjon om garantierklæringa på sine heimesider.

Pdf-versjon av rundskrivet

Garanti for gods- og persontransportvirksomhet i medhold av forskrift
etter lov 21. juni 2002 nr 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy
(yrkestransportlova) (pdf)