Stadnamnlova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Bakgrunnen for lova var å klargjera ansvarsforhold og gi retningslinjer for korleis stadsnamn skal skrivast, og også gi ein klarare formell heimel for det offentlege til å fastsetje og bruke visse skriftformer av stadnamn.

Lova omfattar kven som kan reisa ei namnesak, og gir reglar for kva for eit offentleg organ som fastset skrivemåten i dei enkelte tilfella. Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter reglane i lova og vedtaket er meldt inn til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Statens kartverk, skal alle offentlege organ bruke denne skrivemåten.

Ifølgje lova er språkrådet stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn, og Sametinget er stadnamnteneste for samiske stadnamn. Stadnamntenesta skal gi rettleiing og komme med tilråding til vedtaksorganet ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn.

Stadnamnlova trådde i kraft 1. juli 1991, og har vært revidert fleire gonger.