St.meld. nr. 10 (2001-2002)

Teknologirådet

Til innhaldsliste

1 Opprettinga av Teknologirådet

Teknologirådet blei oppretta ved kgl. res. 30. april 1999. Resolusjonen blei lagt fram av kyrkje-, utdannings- og forskningsministeren. I samme statsråd blei vedtektene for Teknologirådet fastsett. I samband med revidert budsjett for 2000 blei ansvaret for rådet overført frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet den 1. juli 2000, jf. St.prp. nr. 61 for 1999-2000.

Grunngjevinga for å overføre ansvaret til Nærings- og handelsdepartementet var m.a. at ansvaret for regjeringa si IT-politikk og den næringsretta forskningspolitikken allereie låg i dette departementet. Overføringa førte med seg ein gjennomgang av rådet sine oppgåver og mandat. I St.prp. nr. 1 (2000-2001) skreiv Nærings- og handelsdepartementet at ein «ønsker å styrke sammensetningen av Teknologirådet slik at de muligheter som ny teknologi og bruken av denne innebærer for samfunnet, kan fokuseres i sterkere grad. Departementet ønsket samstundes en presisering av rådet sine vedtekter.»

Dei nye vedtektene blei fastsett ved kgl. res. 17. november 2000. Endringane gjeld i hovudsak:

  1. Teknologirådet skal auke fokuseringa på dei moglegheitene teknologien inneber. Vedtektene av 30. april 1999 nøgde seg med å fastslå at «Rådet skal vurdere den teknologiske utvikling på alle samfunnsområder og fremme en offentlig teknologidebatt.» Kjernepunktet i dei nye vedtektene er at Teknologirådet frå no av skal «ta stilling til teknologiutfordringene og de muligheter som ligger i ny teknologi på alle samfunnsområder, samt fremme en offentlig teknologidebatt og komme med forslag til tiltak» (§ 1).

  2. Når det gjeld oppgåvene, seier dei nye vedtektene at rådet skal halde seg «oppdatert på hva som foregår innen teknologivurdering og teknisk framsyn internasjonalt» (§ 2). Denne tilføyinga har sin bakgrunn i at det i dag ikkje fins noko miljø i Noreg som aktivt følgjer med når det gjeld andre land sine rapportar om «technological foresight».

  3. Dei nye vedtektene aukar mengda av rådsmedlemmer frå 10 til 15. Ordninga med 2 varamedlemmer oppretthaldast. Sidan relativt få teknologar hadde fått plass i det opprinnelege styret, har det vore Nærings- og handelsdepartementet si meining i første rekke å prioritere denne gruppa når nye medlemmer skal oppnemnast. Likevel skal lekmannsrepresentasjonen oppretthaldast. Sitjande rådsmedlemmer som ønsker det, skal få halde fram i det minste oppnemningstida ut.

  4. Dei gamle vedtektene gav Norges forskningsråd det administrative ansvaret for sekretariatsfunksjonen. Da Regjeringa ønskte å flytte sekretariatet til Trondheim, var det naturleg å fjerne denne tilknytinga. Dei nye vedtektene nøyer seg med å presisere at «Teknologirådet skal ha et eget og uavhengig sekretariat» (§ 4). Denne endringa gjer det framleis mogleg for Norges forskningsråd å halde fram som ansvarleg arbeidsgjevar for sekretariatet, noe departementet mellombels ynskjer og Forskningsrådet har godteke.

Dei nye vedtektene inneheld ikkje noe om lokaliseringa til Teknologirådet. Men i framlegget til statsråd den 17. november 2000 foreslo regjeringa at rådet skulle flyttast frå Oslo til Trondheim.

Nærings- og handelsdepartementet har hatt tett kontakt med så vel Teknologirådet som Norges forskningsråd under heile prosessen med utarbeidinga av dei nye vedtektene. I samsvar med ordlyden i vedtektene fekk Teknologirådet utkastet til vedtektsendringar på høyring saman med brev frå departementet den 8. september 2000. Svaret frå Teknologirådet av 2. oktober 2000 inneheld ingen vesentlege innvendingar av konkret art, bortsett frå motstand mot planane om å flytte rådet til Trondheim. Med unntak av lokaliseringa blei Teknologirådet sine merknader godtekne. Teknologirådet, alle rådsmedlemmene og Norges forskningsråd er blitt tilsendt dei nye vedtektene av 17. november 2000. Teknologirådet har lagt dei nye vedtektene til grunn for verksemda si i 2001.

Da Stortinget ba Regjeringa om å leggje «spørsmålet om endringer av mandat, vedtekter og sekretariatsfunksjon frem for Stortinget som egen sak», sjå neste avsnitt, utsette Nærings- og handelsdepartementet iverksettinga av kgl. resolusjon av 17. november 2000.

Konklusjonane i denne melding har vore drøfta med formannen i Teknologirådet i januar 2002 som var nøgd med det som blir lagt fram her.

Til forsida