5 Målbruk i stortingsdokument frå Miljøverndepartementet
Brev frå Kulturdepartementet av 22. november 1993
Vi viser til tidlegare korrespondanse med innskjerping av kravet i mållova om minst ein fjerdedel nynorsk i m.a. stortingsdokument.
Etter våre registreringar hadde Miljøverndepartementet pr. 19. november i år lagt fram ni dokument for Stortinget, av desse eitt på nynorsk. Det gir førebels ein nynorskprosent på 11.
For å oppfylle det lovpålagde minimumskravet må altså Miljøverndepartementet seinare i år leggje fram to nynorskdokument, samstundes som minst fjerdeparten av eventuelle dokument utover desse to må vere på nynorsk. Vi vonar dette er i samsvar med dei planane departementet har.
Vi gjer merksam på at det kan vere eit mindre etterslep i registreringane våre.