St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

4 Informasjonsteknologiens verknader for norsk språk og for måljamstillinga

4.1 Innleiing

I den førre målbruksmeldinga vart det kort omtala korleis edb kunne utnyttast som eit praktisk hjelpemiddel i måljamstillinga:

«Alle standardbrev og normer som legges inn på edb, bør ligge inne i begge målformer. Et mer avansert hjelpemiddel er ordrettingsprogram. Ved riktig bruk av et slikt program får en verdifull hjelp til å forbedre teksten, og en sparer tid fordi en ikke må slå opp i bøker hele tiden. Oversettingsprogrammene begynner nå å komme på markedet, og flere er under utvikling. Foreløpig er de ikke gode nok, men det er all grunn til å regne med at de snart vil foreligge i mer anvendbar form. Ingen slike elektroniske hjelpemidler vil kunne erstatte kunnskap om det språket som skal brukes, men de vil gjøre arbeidet lettere.» (St meld nr 53 - 1991-92, s 15)

Sidan dette vart skrive, har bruken av edb og nye former for elektronisk kommunikasjon gitt heilt nye rammer for språkleg verksemd. Ein stadig aukande del av dei tekstane som blir laga i både offentleg og privat verksemd, ligg i dag føre som elektroniske dokument. Dataskjermen er i ferd med å bli det viktigaste tekstmediet. Utviklinga av språkbaserte edb-system dei siste åra har vore så gjennomgripande at departementet denne gongen har funne det nødvendig å gi ei nærmare framstilling av situasjonen for norsk språk i høve til den nye teknologien.

Det er all grunn til å tru at den teknologiske utviklinga her heime vil halde fram i minst like høgt tempo som dei siste åra. Også omfanget av internasjonal kommunikasjon og samhandling vil truleg auke sterkt, mellom anna på grunn av stadig raskare og meir utbreidde datanett. Mest alle grupper i samfunnet vil snart vere brukarar av den nye informasjons- og kommunikasjonsteknologien.

Dei mest avanserte produkta for tekstbehandling vil vere utvikla for engelsk språk. Langt over 90 pst av den internasjonale teksttrafikken på Internett går i dag føre seg på engelsk. Nye former for avanserte produkt for tekstbehandling som er utvikla for engelsk, kan lokke mange større verksemder og grupper av privatpersonar til å nytte engelsk også i innanlands korrespondanse, både på grunn av lågare pris og dei nye funksjonane i produkta. Denne situasjonen kan samla sett gi så dramatiske verknader for norske språktilhøve, også for jamstillingsarbeidet, at det er grunn til å vurdere ei større nasjonal satsing for å fremje norsk språkbruk i det informasjonssamfunnet vi er på veg inn i.

4.2 Måljamstilling i elektronisk informasjonstilfang og korrespondanse

Bruken av elektroniske program til støtte for tekstproduksjon, saksbehandling og arkivering reiser ei rad nye problemstillingar når det gjeld bruken av dei to målformene.

Databaserte standardbrev og formular blir stadig vanlegare. Desse skal sendast i den målforma mottakarane har krav på. Dette føreset mellom anna dataprogram som sorterer mottakarane etter målform. Tilsvarande må også databaserte standardbrev til kommunar og fylkeskommunar kunne lagast i begge målformer. I dag ser ein ofte døme på at datasystema ikkje er slik innretta et dette er mogleg å få til. Også i produksjonen av statleg tekstmateriale på diskettar og CD-ROM er det døme på at reglane for språkleg jamstilling ikkje blir følgde.

I 1994 tok Noregs Mållag opp desse spørsmåla og departementet omtala saka slik i budsjettproposisjonen for 1995 (s 85):

«Eit særleg problem mellom anna for måljamstillingsarbeidet i det offentlege er at ulike edb-program oftast berre blir laga i ein bokmålsversjon. På denne måten gjer teknologien sitt til å redusere bruken av nynorsk og hindre at nynorskbrukarane får oppfylt dei språklege rettane sine. Det gjer også at det i mange samanhengar blir vanskeleg eller umogleg å etterleve lov om målbruk i offentleg teneste. Departementet vil no ta initiativ til ei nærmare kartlegging av situasjonen på dette området som grunnlag for å vurdere realistiske tiltak med sikte på ei betre jamstilling mellom bokmål og nynorsk».

Departementet følgde opp dette ved å be Norsk språkråd sjå nærmare på korleis mållova blir praktisert i høve til ulike elektroniske kommunikasjonsmåtar, og Språkrådet sende i 1996 eit spørjeskjema om dette til i alt 100 statsorgan. Dei vart bedne om å gi eit oversyn over målform i databaserte standardbrev, løyve og formular, i databasar, i web-sider og elektroniske filer for nedlasting, i elektroniske skjema og blankettar, i anna elektronisk materiale, og det vart spurt etter planar om databaserte skriv, databasar o l som kjem inn under lova.

Det var til dels dårkeg kvalitet på dei 79 svara som kom inn, og som gjeld situasjonen hausten 1996. Kartlegginga gir såleis ikkje noko fullgodt bilete av alt som finst av relevant elektronisk materiale. Granskinga gir likevel ein klar indikasjon på at det står heller dårleg til med måljamstillinga på dette området.

Språkrådet har oppsummert undersøkinga slik:

«Departementa har oppgitt brevmalar, men ikkje program/system for masseutsending av databaserte skriv. Brevmalane som er oppgitt, ligg stort sett føre på begge målformer. Unntak er Utanriksdepartementet, som oppgir brevmalar berre på bokmål.5) 1 Eitt departement (KAD) oppgir at malar for stortingsdokument ligg føre på begge målformer, dei andre nemner ikkje slike malar. Ser ein på direktorat og andre sentrale statsorgan (universitet og høgskolar ikkje medrekna på dette punktet), oppgir om lag halvparten av respondentane at brevmalar ligg føre på begge målformer.

Tre statsorgan har oppgitt program/system for masseutsendingar (Lånekassen, Rikstrygdeverket og Statens forvaltningsteneste). Rikstrygdeverket sitt system BOST tek ikkje omsyn til målform, men nye kravspesifikasjonar blir utarbeidde. Systema til Lånekassen og Statens forvaltningsteneste sorterer etter målform.

Når det gjeld websider, er det berre 2 av 42 statsorgan som har oppgitt meir enn 25 pst nynorsk (KUF og Lånekassen). 23 statsorgan oppgir 0 pst nynorsk. Prosenttala er elles låge. Også menyar og fellestekstar på ODIN er på bokmål. (...)

Det er oppgitt 14 databasar (Universitetet i Oslo sitt elektroniske informasjonssystem på vev medrekna). Basane er av ulik art. Somme har søk i fritekst. Dei aller fleste basane har menyar og søkjeord på bokmål. Ein base ser ut til å ha menyar på nynorsk. Det er oppgitt at ein kan søkje på begge målformer i 6 av basane, basar med fritekstsøk ikkje medrekna. Men det kan vere noko uvisst kva desse svara inneber. Det blir opplyst at det studieadministrative systemet MSTAS, som blir nytta av statlege høgskolar, ikkje fangar opp ønske om målform.

Åtte statsorgan har oppgitt elektroniske skjema av ulike slag. Nokre av skjemaa er til utprøving og har enda ikkje fått nynorskversjon. Studentregistrering på skjerm ved Universitetet i Oslo skjer førebels berre på bokmål.

Nokre statsorgan oppgir planlagde tiltak (databasar o a.) og opplyser som regel at det vil bli teke omsyn til mållova.»

Elektroniske hjelpetenester i form av ulike typar brevmalar, skjemaformular o l er eit område der det er etter måten enkelt å ta omsyn til dei krava som måljamstillinga stiller. For at slike omsyn skal bli tekne vare på som fast rutine i språkleg effektiviseringsarbeid, krevst det på den andre sida ei medviten haldning til språkspørsmål i dei ulike institusjonane. I tida framover vil tilgjengeleggjering av offentleg informasjon på web (verdsveven) bli meir og meir vanleg. Her er det derfor særleg viktig å følgje med i språkbruken. Språkrådets undersøking for 1997 vil gi meir detaljert informasjon om bruken av dei to målformene på dette området.

Elles har departementet i ulike samanhengar teke opp spørsmålet om korleis ein kan sikre ei betre jamstilling mellom dei to målformene når ein legg til rette tenester for t d elektronisk tekst- og kjeldeproduksjon. I ein ny handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er spørsmålet om det norske språket i høve til den nye teknologien gitt brei omtale. Departementet er også engasjert i det EU-baserte arbeidet med å sikre språkleg mangfald i Europa.

Det er kvart enkelt statsorgan sjølv som også i høve til den nye elektroniske teknologien har ansvaret for at dei følgjer dei krava som mållova fastset. Gjennom dei siste åra har Kulturdepartementet og Språkrådet teke kontakt med ei rekkje institusjonar for å drøfte rutinane deira når det gjeld å sikre krava til språkleg jamstilling ved elektronisk tekstproduksjon og når det gjeld oppbygging av databasar med tilhøyrande spørjetenester. Kontakten har vist at viljen til å oppfylle krava i mållova er til stades, men problemet er ofte at ein ikkje har teke omsyn til desse ved planlegginga av nye tenester. Innarbeiding av nynorskversjon etter at eit programsystem er teke i bruk, kan innebere ekstrakostnader som lett kunne vore unngått. Når det gjeld meir avanserte språkstøttesystem, let det seg vanskeleg gjere å gripe inn i systemet på denne måten i ettertid.

Det i dag nokre svært konkrete tiltak som alle statsorgan må arbeide med å leggje til rette for i målbrukssamanheng: dokumentmalar på begge målformene, adressesystem som sorterer etter målform og registrering av målform til bruk i systemet, interaktive elektroniske skjema, og informasjonstilfang på web, i databasar og andre system. I fleire tilfelle har det kome fram krav om at det også skal vere mogleg å bruke begge målformer i spørjetenester mot databasar som inneheld materiale i fri tekstform eller som tekstkodar. Mellom anna heiter det i rapporten Den norske IT-veien. Bit for bitsom eit statssekretærutval la fram i 1996, at «for norske databaser til offentlig bruk må hovedregelen være at en skal kunne søke både på bokmål og nynorsk». Her er det tale om å utvikle søkjeprogram som byggjer på kunnskap om norsk språk og på fagterminologi i begge målformer. Å utvikle kraftige språkverktøy av dette slaget er langt meir tidkrevjande enn til dømes å leggje til rette elektroniske skjema med valfri språkform.

Dei siste åra er det lagt omfattande planar for bruk av informasjonsteknologi i forvaltninga, mellom anna i form av eit vidt forgreina forvaltningsnett som skal knyte saman både statlege, fylkeskommunale og kommunale instansar i eit felles tenestenettverk. Kulturdepartementet har overfor Administrasjonsdepartementet streka under at omsynet til måljamstilling må integrerast i det vidare arbeidet med offentleg informasjonsteknologi. Elles vil departementet frå 1998 auke innsatsen for å styrkje norsk språk og måljamstilling i høve til utviklinga av stadig meir avanserte arbeidsreiskapar for offentleg tilsette til meldingsformidling, tekstproduksjon og saks- og arkivbehandling.

Som oppsummering vil departementet peike på følgjande: Opplegg av parallelle skjema, malar og andre tekstar på bokmål og nynorsk er mangelfullt gjennomførte i dei ulike etatane. Det er få eller ingen tekniske hindringar for at dette kan gjerast slik at ei språkleg jamstilling kan gjennomførast. Samanlikna med produksjon av trykte skjema o a i begge målformer, er det no også billigare å gjennomføre full jamstilling. Tilrettelegging av til dømes elektronisk baserte verktøy for saksbehandling i begge målformer er meir komplisert og til dels svært kostnadskrevjande. I tida framover må ein vere særleg merksam på målbruken i web-baserte tenester.

4.3 Elektroniske språkverktøy i høve til dei nasjonale språkpolitiske måla

I innleiinga til dette kapitlet er det vist til at det alt da den førre stortingsmeldinga vart skriven, var klare teikn på at edb-støtta hjelpemiddel for skrivearbeid o l ville gi ein ny dimensjon til det språkpolitiske arbeidet. I innstillinga til den førre målbruksmeldinga (Innst S nr 17 for 1992-93) uttala fleirtalet (AP, SV, KrF og SP) mellom anna følgjande:

«Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon».

I et notat frå Noregs Mållag frå 1994 er det peikt på at det finst få nynorskversjonar for edb i staten, og at det kan vere vanskeleg å få til slike etter at systema er laga ferdig. Nynorskbrukarar som klagar på dette, får som før stempel som masekråker som kjem med krava sine når alt endeleg er i orden. Ofte blir nynorskversjonar utførte i all hast og stundom berre delvis.

Av notatet går det fram at dei mest utbreidde tekstbehandlingsprogramma rett nok har ei nynorsk ordliste og ordrettingsprogram for nynorsk, men styre- og hjelpetekstar er på bokmål. Database- og kommunikasjonsprogram finst stort sett i bokmålsversjonar. Elektroniske saksbehandlingssystem har ofte styre- og hjelpetekstar i valfri målform, og det same gjeld skjema og faste tekstar. Terminologi- og klassifikasjonssystema til bruk ved arkivering og framhenting av informasjon er som oftast på bokmål. Notatet tek også for seg fleire andre område, også pedagogisk programvare. På dette området er også nynorsktilbodet utilfredsstillande, og det verkar ofte tilfeldig kva som finst.

I notatet blir det teke til orde for at staten må definere ein politikk for måljamstilling i programvare og skaffe fram eit oversyn over stoda. Sjølv om situasjonen dei siste åra truleg har endra seg i positiv lei på visse område når det gjeld parallellutgåver av programvarer o a, er det grunn til å halde fast i det prinsipielt viktige i denne saka: I framtida vil gjennomføringa av dei lovheimla krava til måljamstilling i stor mon vere avhengig av at det finst språklege hjelpemiddel også på nynorsk når det gjeld tekstproduksjon, meldingshandtering, informasjonssøking, saksbehandling og arkivering. Det vil såleis vere dei informasjons- og kommunikasjonsteknologiske hjelpemidla som i høg grad kjem til å avgjere den famtidige bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Eit problem i så måte er at mållova ikkje seier noko om lik tilgang på nynorsk- og bokmålsversjonar når det gjeld elektronisk baserte verktøy for tekstproduksjon og informasjonshandtering.

Det er all grunn til å tru at utviklinga av språkbaserte hjelpetenester vil halde fram i høgt tempo, samstundes som vi vil få sjå stadig fleire bruksområde for tenestene. Nye program og informasjonstenester vil gi grunnlag for avansert behandling av språk både i tale og skrift. Produkt for automatisk transformasjon av tale til tekst og tekst til tale finst alt i dag for engelsk språk og blir nytta i praktisk tenesteyting. Eit døme på dette er dei nye dikteringssystema for engelsk, tysk og fransk som no er på marknaden. Dei gir høve til å diktere ein tekst direkte inn i eit tekstbehandlingssystem. Dette er system som også kan gi ulike grupper funksjonshemma og språksvake ein ny arbeidssituasjon. Elektroniske støttesystem for omsetjing er i dag handelsvare, mellom anna for direkte omsetjing av tekst frå Internett-sider, men er stort sett utvikla for dei store språka. Di fleire avanserte språkfunksjonar som finst, di meir arbeid - og språkkunnskap - er det lagt inn i dei særspråklege programmodulane. Mange av desse språkprodukta vil vise eit heilt nytt nivå for maskinstøtta funksjonar til bruk i språkhandtering. Basisprogramma vil bli masseproduserte for dei store språka og ha så låge prisar at dei også vil kome inn på privatmarknaden.

Her skal også nemnast at utviklinga av nye generasjonar av språkstøttesystem vil utfordre norsk språkpolitikk på ein tidlegare ukjend måte. Dei nye skrivestøttesystema kan lett kome til å avgjere bruken av jamstilte former, sideformer, variantar av bøyingsverk m v, og setje til sides dei tilvande reglane som gjeld valet av og samsvaret mellom ulike ordformer i praktisk språkbruk. Nye former for automatiske ordlister og ordrettingsprogram vil verke sterkt normerande gjennom det vokabularet og bøyingsverket som brukarane blir presenterte for. Det blir også utvikla stadig meir avanserte elektroniske arbeidsbenkar for tekstproduksjon, som er tufta på normative reglar for ordval og tekstframstilling. Da kan det lett bli datamaskinen som lærer oss kva som skal reknast som god språkføring. Denne utviklinga vil ha mykje å seie ikkje berre for jamstilling mellom bokmål og nynorsk, men for norsk språkutvikling reint allment.

Regjeringa vil arbeide for å styrkje norskspråkleg programutvikling og utvikling av norskspråklege utgjevingar på CD-rom. Det er etablert kontakt mellom Kulturdepartementet og Planleggingsdepartementet om behovet for å sjå nærmare på kva føresegnene i mållova vil ha å seie i programutvikling og nettpublisering.

Storparten av dei programvarene vi brukar er utanlandske, for ein stor del amerikanske. Ettersom Noreg er ein svært liten marknad, vil ei norsk tilrettelegging frå produsenten i beste fall bli svært overflatisk og truleg ikkje omfatte dei mest avanserte språkverktøya. Det blir derfor viktig å finne fram til ei samarbeidsform med internasjonale produsentar for å innarbeide fullgode språkverktøy for norsk. Det særspråklege grunnlagsarbeidet må Noreg sjølv gjere. Dette har også ei kostnadsside.

Den norske språkpolitikken som krev jamstilling mellom bokmål og nynorsk, og som dessutan inneber at vi skal ta omsyn til fleire jamstilte ord- og bøyingsformer, vil bli enda meir komplisert og arbeidskrevjande i det komande teknologiske informasjonssamfunnet. Målet må vere å utvikle ein norsk språkteknikk i tekstbehandlingssystem, i databasar, i spørje- og dialogsystem, på Internett osv som er på høgde med det ein i dag finn på marknaden for engelsk og fleire av dei større språka i Europa.

Ny teknologi vil altså endre mange av dei tradisjonelle rammevilkåra for arbeidet med språkleg jamstilling. Departementet konstaterer at den teknologiske utviklinga med relevans for norske språktilhøve no går så raskt at det er nødvendig å setje i verk nye tiltak på ei rekkje område. Det blir mellom anna viktig å bruke fagkunnskap i skjeringspunktet mellom språk og informasjonsteknologi, inngå nye alliansar med industri og næringsliv på teknologiområdet, og å skaffe fram eit best mogleg oversyn over aktuelle utviklingstendensar. Dette gjeld både innanfor basisteknologi, brukarprogram og tenesteyting og ikkje minst når det gjeld konsekvensane av utviklinga på desse områda for norske språkbrukarar.

Det trengst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel blir tekne i bruk. Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o a på begge målformer.

4.4 Ein nasjonal innsats for bruk av norsk språk i informasjonssamfunnet

Dei aktuelle trugsmåla for norsk språk i framtida finn vi også innanfor mange andre språkområde. Nye massemedium og ny elektronisk kommunikasjonsteknologi kjenner ingen nasjonale grenser. Alt no er det på mange område etablert ein verdsomfattande underhaldnings- og informasjonsmarknad, samstundes som handel og næringsliv blir meir og meir internasjonalisert. Engelsk er her mest einerådande som medium for kommunikasjon.

Marknadskreftene rår grunnen når det gjeld utvikling av varer og tenester, ikkje minst innanfor det høgteknologiske produksjonsområdet, som er avhengig av ein stor og betalingssterk kundekrins. Slik er det ikkje minst når det gjeld elektronisk baserte produkt og tenester. USA har i lang tid vore marknadsleiar innanfor datamaskinproduksjon og programutvikling. Dei utviklingsstrategiane som er retta mot amerikansk og annan engelskspråkleg marknad, dominerer utviklinga av elektronisk baserte språktenester internasjonalt.

Ikkje minst i USA vil det bli produsert nye generasjonar av programvare for språkstøtte og basisteknologi for talte og skrivne informasjonstenester som vil auke brukspotensialet for produkta på dramatisk vis. Det er storleiken på marknaden rundt om i verda som vil avgjere kva språkområde dei nye produkta og tenestene i neste omgang vil bli lagde til rette for. I dei aller fleste samanhengar vil den norske marknaden framstå som marginal. Tilrettelegging av avanserte språkprodukt for nynorsk og bokmål vil ikkje løne seg for utviklarane.

Dei første generasjonane av amerikanske system for til dømes tekstbehandling var relativt enkle, og det lét seg gjere med overkomelege kostnader å byggje inn dei ordlistene og ordrettingsprogramma som var nødvendige for sal på den norske marknaden. I det siste tiåret har det vore ei rivande utvikling innanfor språkteknologi. Det blir no produsert avanserte språkverktøy som har innebygt elektroniske terminologibasar, grammatikkar, syntaks- og semantikkreglar, uttalereglar o l. Verknaden av desse språklege komponentane er at dei lettar bruken av moderne teknikk for mange og fører til at nye brukargrupper kjem til. Avanserte produkt for tekstproduksjon, dokumenthandtering, fleirspråkleg omsetjing, brukarvenlege informasjonstenester og elektroniske dialogsystem med bruk av naturleg talespråk er alt no på marknaden, men som oftast berre til bruk for engelsk tekst og tale.

Kompleksiteten i dei nye språkteknologiske produkta gjer at ein ikkje ved enkle grep kan tilpasse produkta til bruk i Noreg. Skal det kunne skje, må vi ha tilgjengeleg i nynorsk- og bokmålsversjon dei språkmodulane som ligg føre for engelsk i den originale utgåva. Dersom vi ikkje er i stand til å gjere dette tilretteleggingsarbeidet, som igjen må vere grunnlagt på norskspråkleg forskings- og utviklingsarbeid, vil mange brukarar i Noreg truleg gå over til å nytte engelskspråklege versjonar for å få del i det sterkt auka brukspotensialet i dei nye produkta. Slik vil det mellom anna kunne gå innanfor konkurranseutsett eksportretta næringsliv. Dette vil truleg smitte over til undervisning og forsking. Dei samla språkpolitiske verknadene av dette kan bli store. Vi må derfor ruste oss til kamp for i det heile å kunne nytte norsk på alle bruksområde i eit stadig meir teknologisk samfunn.

Å kunne utvikle frå botnen av dei avanserte systema for tekst- og talehandtering vil berre unntaksvis bli mogleg. Slik produktutvikling krev normalt særs store utviklingskostnader, og på mange felt manglar vi den nødvendige fagkompetansen i dag. Det er altså inga enkel løysing på dei alvorlege utfordringane vi her står overfor som kulturnasjon. Ei likesæl haldning må i utgangspunktet avvisast. Det finst ingen andre enn vi i Noreg som kan utvikle språkkomponentar med høg kvalitet i dei produkta vi treng for nynorsk og bokmål.

Derfor må det satsast strategisk og langsiktig for å byggje opp dei kompetansemiljøa som trengst innanfor språkvitskap på relevante område og i fagmiljø som arbeider med terminologi, omsetjing og dokumentasjon. Like viktig er det at sterke industrieiningar kan spesialisere seg på utvikling og tilpassing av nye generasjonar av språkverktøy. Oppgåvene er så store at dei krev koordinerte løysingar på nasjonal basis, aktiv medverknad frå fleire departement, frå industrien og frå Noregs forskingsråd. Samstundes bør vi også søkje samarbeid med internasjonale programvareprodusentar og språknasjonar som er i same situasjonen.

Innanfor EU har det vore arbeid mykje med situasjonen til dei små nasjonalspråka i det komande internasjonale informasjonssamfunnet. I viktige strategidokument dei siste åra er det understreka at det er eit overordna politisk mål å sikre det språklege mangfaldet i Europa. Nyleg har EU-kommisjonen sett i gang eit eige utviklingsprogram for å styrkje bruken av nasjonalspråka i Europa og ikkje minst i elektronisk basert tenesteutvikling. Programmet er kalla Multilingual Information Society (MLIS). Sentrale innsatsområde er fleirspråkleg omsetjing, terminologisamarbeid og oppbygging av elektroniske språkressursar for dei ulike nasjonalspråka i form av tekstar, vokabular o l til felles-europeisk bruk i språkleg utviklingsarbeid.

Kulturdepartementet har sett det som viktig at Noreg tek aktiv del i dette programsamarbeidet og har teke på seg å koordinere den norske innsatsen i samarbeid med KUF og NHD. Dette kan ikkje kome i staden for ei nasjonal satsing på å byggje opp avanserte former for språkprodukt. Den nasjonale innsatsen er heilt nødvendig og er også på mange vis ein føresetnad for samarbeid på europeisk nivå.

Før MLIS-programmet vart sett i gang, hadde det i fleire år vore arbeidt med eit særprogram for språkteknologi (language engineering) innanfor ramma av EUs forskings- og utviklingsprogram for telematikk. Noreg har fram til no vore lite med i dette arbeidet, som på mange område opparbeider metodegrunnlaget for ulike marknadsprodukt for språkstøtte og elektronisk basert tenesteyting. Dei siste to åra er det likevel kome i gang fleire tiltak innanfor språkteknologi med finansiering både frå Noregs forskingsråd, EU-midlar og næringslivet (Telenor). Dette viser at dei utfordringane som gjeld norsk språk i teknologisk informasjonsteneste, no blir tekne på alvor.

Eit nyleg gjennomført kartleggingsprosjekt som har femna om 17 ulike europeiske nasjonar (EUROMAP), viser klart at Noreg i dag har særs lite marknadsretta utviklingsarbeid å vise til innanfor området språkteknologi. Samarbeidet mellom dei faglege språkmiljøa våre og industrien er også sterkt avgrensa. Her skil Noreg seg i dag negativt ut samanlikna med både Finland, Danmark og Sverige. I Sverige har det såleis frå 1990 til 1996 vore gjennomført eit eige forskings- og utviklingsprogram for språkteknologi til ein kostnad på om lag 50 mill svenske kroner. Det er nyleg lyst ut eit oppfølgingsprogram for 1997-1999, og med høve til å søkje ei utviding på tre nye år. Innsatsramma er i første steget på om lag 20 mill svenske kroner. Formålet med dette siste programmet er å utvikle og betre metodane og teknikkane for elektronisk bearbeiding av naturleg språk, særleg svensk språk, både i tale og skrift, å utvikle, evaluere og spreie språkverktøy og svenske språkressursar, og å skaffe fram konkrete resultat i form av data, metodar, verktøy og system.

I Kulturdepartementets handlingsplan for informasjonsteknologi på kulturområdet er det i eit eige kapittel mellom anna gitt ein omtale av dei viktigaste oppgåvene som bruk av ny teknologi gir for departementet i åra som kjem. Som eige tiltak er det gjort framlegg om at det blir etablert eit sekretariat for språkteknikk. Om oppgåvene for sekretariatet blir det sagt:

«Sekretariatet skal være et sentralt virkemiddel i arbeidet for at norsk språk kan bestå som et fullverdig og foretrukket uttrykksmiddel også når vi arbeider med avansert teknologi og bruker produkter og tjenester basert på IKT. Det utarbeides et handlingsprogram for å øke oppmerksomheten om feltet og som et grunnlag i arbeidet for å fremskaffe avanserte programmer (nasjonale og internasjonale) for språkbehandling. Målet er at norsk språk skal nyttes i privat og offentlig utvikling av IT-produkter, herunder i de nye generasjoner av elektroniske meldings- og informasjonstjenester. Sekretariatet skal være et bindeledd mellom kultur- og forskningsmiljøene og IT-næringen (bl.a. programvareimportørene). Det utvikles et samarbeid med IT-industriens fagorganisasjoner og Den norske dataforening. Sekretariatet skal også fungere som et nasjonalt knutepunkt for det omfattende faglige samarbeidet som skjer på europeisk basis gjennom EUs innsatsprogrammer for språkteknikk og generelt innen rammen av arbeidet for et språklig mangfold i det europeiske informasjonssamfunnet.»

Det er eit mål frå 1998 å setje i verk konkrete tiltak som direkte eller indirekte har relevans for dei mange nye utfordringane som vi vil møte i norsk språkpolitikk på vegen inn i det neste årtusen.

Fotnoter

1.

5) Utanriksdepartementet opplyser at alle tilsette er gjorde merksame på at malane skal omskrivast til nynorsk når teksten elles er på nynorsk. Maler i begge målformer vil bli laga når eit nytt designprogram for departementa blir teke i bruk.

Til forsiden