St.meld. nr. 21 (1997-98)

Om utsett innkjøp av middelstunge transportfly

Til innholdsfortegnelse

2 Prosjektet

Eit prosjekt for å kjøpe nye fly vart starta opp umiddelbart etter Stortinget si behandling av St prp nr 57 (1996-97). Kontraktstingingar vart innleia hausten 1997. Ferdigforhandla kontrakt om levering av seks nye fly av typen C-130-J Hercules var klar primo desember 1997.

Hausten 1997 avslutta Forsvarssjefen arbeidet med styringsdokumentet sitt for perioden 1999-2004 (DOK 2). I planprosessen vart det avdekt at dei store strukturberande investeringane som Forsvaret står overfor dei næraste åra ikkje vil kunne gjennomførast som planlagt dersom nye middelstunge transportfly vert kjøpt på noverande tidspunkt. Forsvarssjefen fant difor ikkje å kunne tilrå at det blir kjøpt nye middelstunge transportfly i inneverande planperiode. Forsvarsdepartementet vart orientert om dette i brev frå Forsvarets overkommando av 9 desember 1997.

I samsvar med St prp nr 57 (1996-97), der det går fram at det ville vere avgjerande for realisering av prosjektet at det ikkje skjer på rekning av andre strukturrelaterte prosjekt, avgjorde Forsvarsdepartementet, i samsvar med Forsvarssjefens tilråding, at kjøpet måtte utsetjast.

Avgjerda om å utsetje innkjøpet vil ikkje få operative konsekvensar utover det som kan aksepterast, men vil medføre høgare driftsutgifer og redusert tilgjengelighet i tilhøve til kva som ville vore mogeleg med nye fly. Oppgraderingar vil verte naudsynte som fylgje av slitasje og krav til flytryggleik, og vil påverke Forsvaret sine materiellinvesteringsplanar.

Til forsiden