St.meld. nr. 21 (1997-98)

Om utsett innkjøp av middelstunge transportfly

Til innholdsfortegnelse

3 Økonomiske tilhøve

I samband med omgrupperingsproposisjonen for 1996, St prp nr 14 (1996-97) vart Stortinget informert om at Forsvarsdepartementet under post 45 Store nyanskaffelser ville få store overføringar frå 1996 til 1997. Av overføringsbehovet vart 800 mill kroner relaterte til nye og endra betalingsrutinar ved kjøp av materiell i USA (FMS-saker). Desse midlane var eit likviditetsoverskott, som fylgje av tidsmessige forskyvingar i betalingsplanane for allereie igangsatte prosjekt. Midlane var ikkje direkte bunde til spesifikke prosjekt i 1997, men kontraktsforplikta og vil komme til utbetaling på eit seinare tidspunkt. Det vart difor avgjort å overføre midlane til 1997 og forsere prosjekt for å sikre at midlane ville verte brukte fornuftig i løpet av 1997. Som ein mogeleg forseringskandidat vart innkjøp av nye middelstunge transportfly nemnt. Det vart presisert at Stortinget ville verte informert om eventuelle prosjekt

Ved den avsluttande behandlinga av Statsbudsjettet for 1997, vart Forsvarsbudsjettet ved salderinga (jfr St prp nr 1 Tillegg nr 7 (1996-97)) redusert med 800 mill kroner. Bakgrunnen var at det frå 1996 til 1997 vart overført 1,3 mrd kronar på Forsvaret sitt investeringsbudsjett, av desse var 800 mill kronar heller ikkje i 1997 øyremerkt spesielle prosjekt. Sistnemnte førte til ei forverring av situasjonen med tanke på å finne økonomisk dekning for planlagde investeringar og resulterte òg i at behovet for å forsere prosjekt for å omsetje løyvte middel på ein fornuftig måte fall bort.

Til forsiden