St.meld. nr. 26 (1999-2000)

Om verdiar for den norske helsetenesta

Til innholdsfortegnelse

10 Helsetenesta og forholdet til alternativ medisin

I dette kapitlet tek opp det vidare arbeidet med alternativ medisin.

10.1 Auka kunnskap om alternativ medisin

For Regjeringa er det vesentleg å medverke til auka vitskapleg innsikt i dei grunnleggjande kroppslege, mentale og kulturelle prinsippa som alternative utøvarar byggjer verksemda si på. Auka innsikt vil vere ein føresetnad for å kunne betre dokumentasjonen på dette området. Betra dokumentasjon er viktig dersom ein skal sikre slike metodar ei rolle i den norske helsetenesta. Dette krev at forskingskompetansen blir styrkja. Sosial- og helsedepartementet og Noregs forskingsråd har difor sett i verk eit program for forsking innanfor alternativ medisin i Noreg. Dette vil bli følgd opp i åra som kjem.

Stortinget har i fleire samanhengar peika på at alternativ medisin etter kvart har fått stort innpass i samfunnet og er svært utbreidd, og at mange menneske har fått hjelp av alternativ medisin. Sosialkomiteen har understreka at det er behov for ein gjennomgang av forhold knytt til kva plass alternativ medisin og alternative behandlingsformer bør ha innanfor den samla helsetenesta. komiteen har vidare uttala at det er viktig å skilje mellom seriøs og useriøs behandling, og har mellom anna bede om at arbeidet med å dokumentere effekten av ulike former for alternativ medisin blir intensivert.

I april 1997 blei det difor oppnemnd eit utval for å kome med ei utgreiing kring ulike sider ved alternativ medisin i Noreg. Dette utvalet la fram NOU 1998: 21 Alternativ medisin 15. desember 1998. Framlegga frå dette utvalet til aktuelle verkemiddel fell i to grupper - rettslege verkemiddel og andre verkemiddel, irekna organisatoriske, pedagogiske og økonomiske former. Utgreiinga har ført til ein omfattande offentleg debatt om emnet. Departementet har motteke ei mengd innspel i samband med høyringa og gjennom høyringssvara har ein fått fram eit stort mangfald i meiningar. Av framlegga til rettslege verkemiddel, har spørsmålet om oppheving av kvaksalvarloven og innføring av ei friviljug, offentleg registreringsordning for utøvarar av alternativ medisin fått størst merksemd. Når det gjeld dei andre framlegga, er det verd å merke seg at det er om lag samrøystes frå høyringsinstansane om at forskinga innanfor alternativ medisin må styrkjast.

Oppsummeringa av høyringssvara syner dessutan at både offentlege styremakter, utøvarar av alternativ medisin og pasientorganisasjonar saknar ein grundigare debatt om marknadsføringa av alternative tiltak og helsekost. Sjølvråderetten til den einskilde og valfridom er viktige verdiar i helsetenesta i vår tid. Tilsynsinstansane møter likevel ofte menneske i fortvila situasjonar som er viljuge til å prøve det meste for å oppnå lækjedom. Handlingane høver då ikkje alltid med idealet om reell valfridom. Det er difor viktig at alternative tiltak og marknadsføringa av desse blir regulert på ein slik måte at menneske i vanskelege livssituasjonar ikkje blir utnytta. Andre høyringsinstansar, som lækjemiddelindustrien, ønskjer strengare krav til registrering, merking og marknadsføring av alternative preparat.

10.2 Vurdering av lovendringar

Utgreiinga, høyringsrunden og den offentlege debatten reiser ei rekkje spørsmål som må avklårast. Sentralt står spørsmålet om korleis alternativ medisin skal lovregulerast. Andre spørsmål som reiser seg er kor langt ein skal gå i ei tilnærming mellom alternativ medisin og verksemda til den norske helsetenesta. Dette kan vurderast i lys av korleis kravet om forsvarleg verksemd for autorisert helsepersonell skal tolkast i forhold til utøving av tiltak som ikkje utan vidare høyrer til den utdanningstradisjonen helsepersonellet representerer. Det er også aktuelt å sjå nærare på korleis ein skal føre tilsyn med alternative tiltak i og utanfor helsetenesta.

Det kan også vere tenleg i det vidare arbeidet å nytte ei anna samlenemning på dei aktuelle verksemdsområda enn alternativ medisin. Dette kan vere aktuelt fordi mange ikkje nyttar slike tiltak som alternativ, men som tillegg til vanleg medisinsk behandling.

Departementet støttar hovuddraga i dei vurderingane som utvalet har gjeve til kjenne i NOU 1998: 21. Det er eit viktig prinsipp at pasientane sjølv skal ha fridom til sjølv å velje mellom ulike helsetenester, også utanfor det som tradisjonelt har vore ein del av den norske helsetenesta. Det er difor viktig at kunnskapen om alternativ medisin aukar, og at pasientane får høve til å dra nytte av desse kunnskapane slik at valfridomen blir meir reell og tryggleiken for pasientane blir styrkja. Det vil difor bli arbeidd med eit framlegg til ny lovregulering av dette området, m.a. vil ein føreslå å oppheve lov av 19. juni 1936 nr. 9 om innskrenkning i adgangen for den som ikke er norsk læge eller tannlæge, til å ta syke i kur.

10.3 Vidare oppfølging

  • Regjeringa vil leggje til rette for ei ytterlegare styrking av forskinga innanfor alternativ medisin.

  • Regjeringa tek sikte på å endre lovreguleringa på dette området, m.a. vil ein føreslå å oppheve lov av 19. juni 1936 nr. 9 om innskrenkning i adgangen for den som ikke er norsk læge eller tannlæge, til å ta syke i kur.

  • Departementet vil vurdere å etablere ein informasjonsbase som kan gjerast tilgjengeleg for publikum.

  • Departementet vil fremje kontakten mellom dei alternativ medisinske miljøa og helsestyremaktene, m.a. gjennom å etablere ei kontaktgruppe for alternativ medisin.

  • Auka kunnskap om alternativ medisin vil kunne gje auka forståing for den plassen dette har i samfunnet. Departementet vil difor vurdere tiltak som kan sikre at helsepersonellet får auka kunnskap om dette området. Avtalen om helsesamarbeid mellom Kina og Noreg som blei inngått i 1999 er eit verkemiddel i dette arbeidet.

Til forsiden