St.meld. nr. 31 (2008-2009)

Kredittmeldinga 2008

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2008.

Kapittel 2 handlar om føresetnadene for, og utsiktene til, finansiell stabilitet i Noreg. Under dette er risikoane på dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga innanfor dei norske finansinstitusjonane. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga, og dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2008.

Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2008, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtala av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jamfør sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ei omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2008. Omtala i kapittel 4 og 5 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet. Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2008 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Til forsida av dokumentet