St.meld. nr. 33 (1997-98)

Om tilleggspoeng for folkehøgskoleelevar ved opptak til høgre utdanning

Til innholdsfortegnelse

2 Nærare om bakgrunnen for saka

Opptaksreglane før 17. juni-vedtaket

Det er gjort greie for opptaksreglane i St meld nr 49 (1996-97), og departementet vil derfor berre kort gjengi hovudtrekka her.

I 1992 blei det fastsett felles opptaksforskrift for statlege høgskolar. Det blei etablert ein ungdomskvote der 30 % skulle takast opp berre på grunnlag av skolepoeng. Slik skulle ein sikre at det var reelle sjansar til å komme rett frå vidaregåande skole til høgre utdanning. Vidare kunne inntil 10 % av studieplassane bli tildelt søkjarar på særskilt grunnlag, der opptaksgrunnlaget ikkje gir grunnlag for å rekne poeng etter den vanlege karakterskalaen. Dette gjeld t.d. utanlandsk utdanning, utdanning frå Steinerskolen, og der ein tek omsyn til sjukdom og funksjonshemming eller anna morsmål enn norsk. Resten av studieplassane, som m.a. dei med poeng for folkehøgskole no konkurrerer om, blei fordelte etter desse prinsippa: Alle karakterar frå vidaregåande skole skulle telje, og det blei gitt fordjupingspoeng for elevar som valde særskilde fagkombinasjonar innanfor valfag/fag til val. I staden for poeng for definerte skoleslag og røynsle frå arbeidslivet, blei det gitt alderspoeng i inntil 4 år. Eitt år i høgre utdanning gav 2 poeng i tillegg til alderspoenga, og førstegongsteneste gav 1 poeng i tillegg.

Universiteta og dei vitskaplege høgskolane kunne etter den tidlegare universitetslova fastsetje spesielle opptakskrav sjølve, medan lov om universitet og høgskoler legg avgjerda til departementet. Inntil nye forskrifter er på plass ved opptaket i år 2000, har desse institusjonane fått mynde til å nytte dei reglane dei sjølve har fastsett når det gjeld spesielle opptakskrav og rangering av søkjarar. Det er skilnad på kor mykje vekt det blir lagt på skolepoeng i høve til anna verksemd. Det er vidare eit gjennomgåande trekk at tilleggspoeng for alder har mindre vekt ved opptak, og at fullført høgre utdanning har talt meir. Høgre utdanning og førstegongsteneste blei poengsette ulikt, med skilnader også mellom ulike avdelingar på same institusjon. I mange regelsett er det sett eit tak på kor mange tilleggspoeng ein søkjar maksimalt kan få. Både departementet og Stortinget har lagt til grunn at det trengst ei overgangsordning fram til hausten år 2000 før dei ulike regelverka kan samordnast.

Stortinget sitt vedtak av 14. januar 1997

I Innst S nr 91 (1996-97) uttaler komitefleirtalet m.a. dette som grunn for at dei ber Stortinget fatte vedtak om tilleggspoeng for folkehøgskole:

«Fleirtalet ser positivt på at unge vel eit folkehøgskoleår, framfor forbetring av einskildkarakterar og studium på høgre nivå for å skaffe seg ekstra konkurransepoeng.»

og

«Fleirtalet ønskjer å stimulere til at fleire unge kan velje eit folkehøgskoleår framfor å ta opp ein studieplass ved dei åpne universitetsstudia for å skaffe seg konkurransepoeng....»

og vidare

«Fleirtalet vil på bakgrunn av dette gjere framlegg (...) om at eit år på folkehøgskole skal gi utteljing i form av konkurransepoeng i tillegg til alderspoeng .....»

Ved handsaminga av saka uttalte saksordføraren at ordninga skulle verke slik at søkjarar til høgre utdanning kunne ta eit år på folkehøgskole framfor eit år med høgre utdanning. Fleire av talarane gjorde det også klart at ein gjennomgang av heile poengsystemet først kunne gjerast ved handsaminga av ei rangeringsmelding Stortinget bad departementet leggje fram seinare i sesjonen.

Departementet refererte Stortinget sitt vedtak i rundskriv F-38/97 av 20. mars 1997 til m.a. folkehøgskolane. Det blir sagt at folkehøgskole skal gi 3 tilleggspoeng ved opptak til høgre utdanning, og at poenga skal kome i tillegg til alderspoeng. Det blei ikkje sagt noko om at poenga også skulle kome i tillegg til poeng for høgre utdanning.

Stortinget sitt vedtak av 17. juni 1997

I St meld nr 49 (1996-97) følgde departementet opp Stortinget sitt vedtak og la fram forslag om at ein søkjar skulle få 3 poeng for anten folkehøgskole eller for eit år med høgre utdanning i tillegg til alderspoeng. Om ordninga med eit tilleggspoeng for førstegongsteneste heiter det at ho har vore praktisert i høgskolesektoren, men berre i liten grad i universitetssektoren. Departementet meinte at ordninga burde bli utvida til å gjelde opptak til alle studium ved universitet og høgskolar.

I Innst S nr 259 (1996-97) av 10. juni 1997 gjekk fleirtalet i komiteen inn for at søkjarar til høgre utdanning skulle få tre tilleggspoeng også for førstegongsteneste, men at ein maksimalt skulle kunne få 3 tilleggspoeng for dei tre poengkategoriane til saman. Stortinget vedtok framlegget 17. juni 1997.

Den 13. oktober 1997 sende departementet ut brev med orientering om handsaminga av rangeringsmeldinga i Stortinget og høyringsutkast til ny opptaksforskrift ved dei statlege høgskolane. Samstundes blei universiteta og dei vitskaplege høgskolane bedne om å innarbeide vedtaket i sine opptaksforskrifter. Brevet gjekk ikkje til folkehøgskolane. Ny forskrift for opptak til statlege høgskolar blei fastsett i rundskriv 15. januar 1998.

Universiteta og dei vitskaplege høgskolane har sjølve tatt inn slike reglar i dei einskilde institusjonane sitt regelverk. Overgangsreglane var ulike frå institusjon til institusjon fordi regelverka dei skulle passe inn i, var forskjellige. Felles for alle var at ein kunne få 3 poeng for folkehøgskole, men innafor ramma av taket på kor mange tilleggspoeng ein søkjar kan få.

T.d. kan ein no på medisinstudiet få 1-12 tilleggspoeng for høgre utdanning, 2-10 poeng for praksis (av dette 2-6 poeng for førstegongsteneste av lengd 6-15 månader) og 3 poeng for folkehøgskole. Maksimalt tal for tilleggspoeng er 12. Dette gjer at ein søkjar kan få poeng for både høgre utdanning, førstegongsteneste og folkehøgskole, men og at ein søkjar som allereie har 12 poeng for høgre utdanning og praksis ikkje får poeng for folkehøgskole.

Ved sivilingeniørstudia ved NTNU blir søkjarane gitt 1-7 tilleggspoeng for gode karakterar i særskilde fag, 2-4 poeng for høgre utdanning, 4-6 poeng for relevant praksis og 3 poeng for førstegongsteneste eller folkehøgskole. Også her er det eit tak på 12 tilleggspoeng, slik at ein kan få poeng for både folkehøgskole og høgre utdanning, dersom taket ikkje er nådd.

Ved Noregs handelshøgskole får ein 1-4 poeng for høgre utdanning, 2-4 poeng for praksis, alternativt 3 poeng for høgre utdanning eller folkehøgskole eller førstegongsteneste. Søkjarane blir poengrekna etter begge metodane, og ein vel den som gir søkjaren flest tilleggspoeng.

Informasjon

Etter handsaminga av Innst S nr 91 (1996-97) der fleirtalet i komiteen uttaler at det er naudsynt med stort atterhald i høve til å dele ut konkurransepoeng ut over generell studiekompetanse, har departementet, høgre utdanningsinstitusjonar og Samordna opptak gitt korrekt informasjon når nokon har spurt om tilleggspoeng for folkehøgskole. Men det var først 13. oktober 1997 det blei gitt skriftleg informasjon om den ordninga som var vedteken. Og det brevet gjekk ikkje til folkehøgskolane. Elevar som søkte folkehøgskole våren 1997, og tok til med utdanninga hausten 1997, seier dei har oppfatta den informasjon som er gitt i media og andre ikkje-autoriserte kjelder slik at dei ville få 3 tilleggspoeng for folkehøgskole i tillegg til andre poeng. Dei seier at det var først i januar 1998 då departementet sende ut rundskriv, dei blei merksame på den nye ordninga.

Til forsiden