St.meld. nr. 33 (1997-98)

Om tilleggspoeng for folkehøgskoleelevar ved opptak til høgre utdanning

Til innholdsfortegnelse

4 Konklusjon

Departementet ønskjer å endre forskrifta om opptak til statlege høgskolar for opptaket til studieåret 1998/99. Det vil bli laga ei særordning ved dette eine opptaket for elevar som har gått på folkehøgskole i skoleåret 1997/98 og som har høgre utdanning og/eller førstegongsteneste på førehand, slik at dei får 3 tilleggspoeng for folkehøgskole. Desse 3 tilleggspoenga vil kome i tillegg til eventuelt 2 poeng for høgre utdanning og 1 poeng for førstegongsteneste dei måtte ha frå før. I samsvar med vedtak i Stortinget 14. januar 1997 gjeld dette elevar som har gjennomført eit folkehøgskoleår på 33 veker, og under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert frammøte på 90 %.

Til forsiden