St.meld. nr. 33 (1997-98)

Om tilleggspoeng for folkehøgskoleelevar ved opptak til høgre utdanning

Til innholdsfortegnelse

3 Departementet sine vurderingar

Det er fleire forhold ein må vurdere om ein skal lage ei særordning slik at dei som har teke folkehøgskole i skoleåret 1997/98, skal få tilleggspoeng for dette i tillegg til andre tilleggspoeng.

Det første er omsynet til dei som har danna seg ei feil oppfatning av regelverket, og meiner dette skuldast for dårleg informasjon. Desse har teke eit år på folkehøgskole i den tru at dette ville gi dei ekstra poeng. Dei kan ha valt folkehøgskole i staden for anna poenggivande verksemd eller inntektsgivande arbeid. Dette valet kan føre til at dei nok ein gong ikkje når opp i konkurransen om ein studieplass, og samstundes som dei kan ha teke opp lån.

Det andre gjeld omsynet til dei som har innretta seg etter regelverket. Dei kan ha latt vere å ta folkehøgskole, eller slutta i løpet av året, fordi dei hadde høgre utdanning eller førstegongsteneste frå før. Nokre av desse har søkt og fått korrekt informasjon om den ordninga som blei vedteken, og kan i staden ha brukt året til å prøve å betre karakterane frå vidaregåande skole. Desse vil, til tross for at dei har halde seg til regelverket, ikkje få like mange poeng som dei andre. Der situasjonen elles er lik, vil dei bli lågare rangerte enn dei som har tatt folkehøgskole.

Vidare må ein ta omsyn til at det er store skilnader i opptaksregelverka ved dei høgre utdanningsinstitusjonane, og at departementet har delegert mynde til å gjere endringar til universiteta og dei vitskaplege høgskolane som har forskrifter som kan variere frå fag til fag. Mange fag har eit tak på kor mange tilleggspoeng ein søkjar kan få. Innafor taket har desse institusjonane endra regelverka sine slik at ein kan få tilleggspoeng for folkehøgskole. Fleire stader kan ein og få tilleggspoeng for både høgre utdanning, folkehøgskole og/eller førstegongsteneste. Skulle ein heve taket slik at ein alltid vil få tre poeng meir med folkehøgskole enn det som er mogleg utan, vil dette krevje at institusjonane sjølve må vedta store endringar i forskriftene før opptaket kan ta til, noko det knapt er tid til. Departementet legg derfor til grunn at dei eksisterande forskriftene må gjelde ved opptaket til studieåret 1998/99 ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane.

Opptaksforskrifta for dei statlege høgskolane er fastsett av departementet. Dette gjer at det vil vere mogleg rimeleg raskt å vedta ei endring etter at Stortinget har handsama meldinga. Men omsynet til gjennomføringa av opptaket for 1998/99 gjer at det ikkje vil vere råd å la dei saka gjeld, uttale seg før forskrifta blir endra, jf. forvaltningslova § 37 fjerde ledd a).

Regjeringa er derfor kome til at det bør etablerast ei særskild ordning for opptaket til studieåret 1998/99 ved dei statlege høgskolane for elevar som har teke folkehøgskole i studieåret 1997/98. Om ordninga blir ført vidare til seinare opptak, kan dette gi elevane sjansen til også å forbetre karakterane frå vidaregåande skole, eller ta høgre utdanning ved eit ope studium, med sikte på opptak seinare. At det skal fastsetjast ei ny opptaksforskrift for alle universiteta og høgskolane ved opptaket i år 2000, kan tale for at elevane får sjansen til å bruke særordninga fram til og med opptaket i 1999. Ordninga bør da utformast slik at det berre er høgre utdanning og førstegongsteneste som er tekne før folkehøgskoleåret 1997/98 som kan gi utteljing. Dette vil gjere at elevane ikkje er tvungne til å gå direkte frå folkehøgskole til høgre utdanning, og det vil og gi dei sjansen til å forbetre karakterpoenga frå vidaregående skole. Regjeringa har lagt lagt vekt på at intensjonen bak Stortinget sitt vedtak i januar 1997 var å gi elevane høve til å velje eit folkehøgskoleår, framfor forbetring av einskildkarakterar og studium på høgre nivå, og vil la ordninga gjelde berre ved opptaket hausten 1998.

Det er ulike måtar å utforme ei særordning på. Departementet legg til grunn at den ikkje skal gjelde for ungdomskvoten der det aldri har blitt gitt alderspoeng eller tilleggspoeng for høgre utdanning. I det tidlegare regelverket kunne ein i den kvoten der det blei gitt slike tilleggspoeng, få alderspoeng samt 2 tilleggspoeng for høgre utdanning i eitt år og 1 tilleggspoeng for førstegongsteneste, maksimalt 3 tilleggspoeng.

Om ein tek utgangspunkt i dette regelverket, som gjaldt vinteren/våren 1997, etter Stortinget sitt vedtak i januar, og då elevane la planar for skoleåret 1997/98, vil ein om ein alltid gir 3 tilleggspoeng for folkehøgskole, kunne få følgjande tilleggspoeng ut over alderspoenga:

6: folkehøgskole + høgre utdanning + førstegongsteneste

5: folkehøgskole + høgre utdanning

4: folkehøgskole + førstegongsteneste

3: folkehøgskole

3: høgre utdanning + førstegongsteneste

2: høgre utdanning

1: førstegongsteneste

Dei tre siste alternativa er ikkje aktuelle ved dette opptaket, då dei med berre høgre utdanning og/eller førstegongsteneste vil bli poengrekna etter den nye forskrifta og få tre poeng.

Departementet legg til grunn at særordninga må ta utgangspunkt i reglane som gjaldt før Stortinget fatta sitt vedtak 17. juni 1997. Det er om dette vedtaket det blir sagt at det ikkje blei gitt god nok informasjon. Elevane som mistydde Stortinget sitt vedtak av 14. januar 1997, og trudde dei ville få poeng for folkehøgskole i tillegg til poeng for høgre utdanning og førstegongsteneste, la sine planar på grunnlag av det regelverket som då gjaldt.

Til forsiden