St.meld. nr. 36 (2001-2002)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2002, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ei kvoteavtale for 2002 vart partane samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk året før om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003. Det same gjeld kvoten på 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden. I alle høve vil torskebestanden framleis vere utanfor føre-var grensen som er sett for fiskedødelegheit. Difor har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen no sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til langsiktige forvaltingsstrategiar for mellom anna norsk arktisk torsk.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 85.000 tonn og ein loddekvote på 650.000 tonn for 2002. Noreg og Russland er også for 2002 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar.

På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart partane samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. På kommisjonsmøtet hausten 2001 blei det fastsatt ein totalkvote på 400.000 krabbar for denne sesongen, fordelt med 300.000 krabbar til Russland og 100.000 til Noreg.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2002 vil vere å føre vidare arbeidet med felles omrekningsfaktorar for fiskeprodukter. Partane skal også mellom anna føre vidare arbeidet med løysingar på problema med bifangst av kongekrabbe i andre fiskeri.

Kvoteavtalen med EU for 2002 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er framleis svært dårleg, og då særleg for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2002 difor samde om å halde fram med det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk. Totalkvoten for torsk vart ført vidare på om lag same låge nivå som i 2001, og i tillegg vil partane i 2002 samarbeide om retningslinjer for å utrekne kvotar som sikrar oppbygging av bestanden og halde fram med arbeidet med å prøve ut selektive reiskap.

I 1997 vart EU og Noreg samde om ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtala vart sett i verk frå 1. januar 1998 og den løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU. Noreg og EU inngjekk i 2001 ei ny treårig avtale om forvaltning av nordsjøsild. Denne avtala byggjer på dei same prinsippa som avtala frå 1997.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. Jamfør trepartsavtala har partane vedteke ei totalkvote på 586.500 tonn makrell for 2002. Færøyane er tildelt ein kvote på 32.100 tonn makrell for 2002.

Totalkvoten for makrell som vart vedteke jamfør trepartsavtala, var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2002. NEAFC vedtok for 2002 ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ein kvote på 66.400 tonn makrell for dette området. Island har sett fram ein formell reservasjon mot denne reguleringa.

Noreg har for 2002 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtaler for 2002 med Færøyane, Grønland, og Polen. Det er for 2002 utveksla kvotar i tråd med trepartsavtala mellom Noreg, Grønland og Island om forvaltning av lodde og med Island i tråd med «Smottholavtala» og den tilhøyrande tosidige avtalen.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2002 på 851.500 tonn. Dei fem landa vil avgrense sitt fiske til 850.000 tonn. Den norske kvoten er på 484.500 tonn. NEAFC har for 2002 sett ein kvote på 76.500 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild vedteke i tråd med fempartsavtala for 2002.

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - saman med Russland som spesielt invitert part arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt ni drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 3.596 tonn i 2002, som i 2001. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har den seinare tid vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Dette er eit problem som no har fått ei mellombels løysing gjennom at NAFO har etablert reguleringar tilsvarande NEAFC si regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn. Den norske uerkvoten i Irmingerhavet for 2002 blir såleis ei totalkvote for begge områdene, og kvotar tatt i eit område skal reknast mot kvotar teke i det andre området.

Rekefisket ved Flemish Cap (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Det vert no vurdert om ein skal gå over til å kvoteregulere dette fisket. Noreg har sidan 1993 fiska reker i dette området.

Noreg har også i 2001 vore representert i ulike møte i regionale og globale forvaltningsorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CCAMLR og ICCAT. Noreg er no medlem i SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organsation) ein regional fiskeriorganisasjon som vart formelt oppretta 20. april 2001.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtala i dei ulike tosidige avtalene.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62°N fullt ut i 2000 og 2001. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62°N, kjøpte norske reiarlag kvotar på desse artane frå Russland i 2000.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell, sild og sei oppfiska i 2000 og 2001. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2000 fiska 198.000 tonn kolmule i internasjonalt område medan det i 2001 vart fiska 191.000 tonn. I 2000 og 2001 vart kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 77 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2000, mens graden av utnytting var om lag 61 % i 2001. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2000 og i 2001.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

Korkje i sesongane 2000/2001 eller 2001/2002 har dei norske fartøya fiska heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2000 og 2001.

Den norske deltakinga i 2000 var monaleg redusert i høve til 1996, då rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert. Rekefisket ved Flemish Cap er likevel eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten. Deltakinga tok seg ein del opp att i 2001.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra. I 2000 vart det fiska omlag 4.400 tonn, i 2001 om lag 4.000 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU likevel i dei seinare åra hatt relativt låg utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var derimot gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EU sitt fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 78 % og 71 % i 2000 og 2001.

I 2000 og 2001 fiska Færøyane heile seikvoten sin i NØS i Nordsjøen. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2000 og 2001.

Grønland har sidan kvoteavtala vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2000 og 2001 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden