St.meld. nr. 36 (2001-2002)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001

Til innholdsfortegnelse

0 Forord

Fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Ein viser i den samanheng til St meld nr 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på syttitalet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane (rammeavtalane). Desse avtalane er ikkje særskilt omtalt i denne meldinga.

I denne meldinga vert det gitt ei omtale av kvoteavtalane for 2002 og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Det vert gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noreg si økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar. Meldinga gir også ei kort oversikt over kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske. Meldinga viser vidare utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 2000 og 2001, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

Kvoteavtalane for 2002 finst på Fiskeridepartementets heimesider: http://www.dep.no/fid/

Til forsiden