St.meld. nr. 36 (2001-2002)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001

Til innholdsfortegnelse

5 Fisket etter avtalane i 2000 og 2001

I omtala av fisket etter avtalane for 2000 og 2001 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jamfør punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 2000 og 2001.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote for arten, og total tilleten fangst (TAC) blir fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt, er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse rapporterte fangsttala frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (-) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk1193.400195.550212.007202.703
Hyse233.40046.30042.01249.103
Lodde3256.000371.000283.220375.619

1 Inkluderar ikkje 15.500 tonn torsk som norske reiarlag kjøpte frå Russland i 2000 i tillegg til den bilateralt avtalte kvoten.

2 Inkluderar ikkje 2.348 tonn hyse som norske reiarlag kjøpte frå Russland i 2000 i tillegg til den bilaterale avtalte kvoten. 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er heller ikkje inkludert i hysekvoten.

3 Inkluderar ikkje 29.000 tonn lodde som Norges Sildesalgslag kjøpte frå Russland i 2000 i tillegg til den bilateralt avtalte kvoten.

I tillegg til dei bilateralt avtalte kvotane av torsk og hyse i 2000, kjøpte norske reiarlag 15.500 tonn torsk og 2.348 tonn hyse frå Russland. I 2000 kjøpte Norges Sildesalgslag 29.000 tonn loddekvote frå Russland. Det blei også tatt fangstar av torsk og hyse til forsking. I 2000 leitte 2 norske fartøy etter lodde før sesongen tok til. Både fangstar på kvotar kjøpt frå Russland og forskingsfangst er inkluderte i fangsttala, men ikkje i kvotetala. Når desse tilhøva blir teke omsyn til, blir overfisket av torsk og hyse i 2000 redusert til berre eit mindre kvantum medan loddekvota vart underfiska.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
RØS:
Torsk140.000140.0001.0472.917
Hyse20.00020.0001.1811.623
Haneskjel----
Reker3.0003.000994344
Grønlandssel5.0005.000
Lodde285.000371.00050580.809
Steinbit1.5001.500204251
Flyndre1.0001.000405
Bifangstkvote50050015549

5.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Av dei norske fangstane nord for 62°N i 2000 fiska Noreg 0,5 % av torskefangstane og 3,3 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2001 var 1,5 % for torsk og 3,5 % for hyse. Noreg tar altså små fangstar av torsk og hyse i RØS, sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2000 var 15 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, mens 10 fartøy deltok i 2001. Noreg sin haneskjelkvote var ikkje talfesta i 2000 og 2001. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde korkje i 2000 eller 2001.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62°N. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandane i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk7.1907.7806.4084.382
Hyse8.3807.0203.1471.906
Sei40.00041.00043.20743.692
Kviting3.0002.9703345
Raudspette2.7901.4608831.926
Makrell*158.460159.930142.445158.192
Nordsjøsild74.80074.80073.27676.055

1 Desse fangstane er førebels statistikk frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i Nordsjø-området må sjåast i samanhang med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord for 62°N i 2000 og i 2001 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 13.460 tonn i 2000 og 13.800 tonn i 2001, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 5.4).

Noreg fiskar også norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i perioden januar - mai. Totaltala i Nordsjøen for alle sortar sild for åra 2000 og 2001 er 94.310 tonn og 79.021 tonn.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst i leveransane til oppmaling.

5.1.2.2 Norske kvotar i EU sine farvatn (EUF), og inkludert kvotane tildelt Noreg frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad, at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfeller vere lik kvotetala slik dei vert viste i tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merka med (*) avtaler EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
EUF, Nordsjøen:
Torsk*7.1907.7801.6151.259
Hyse*8.3807.020372384
Sei*40.00041.00013.43613.561
Kviting*3.0002.970-6
Raudspette*2.7901.4602411.400
Makrell*145.24046.3701160
Sild*50.00050.00028.27112.390
Augepål20.00010.000--
Tobis30.00030.00011.67318.385
Brisling5.00010.0002.8428.900
Reke100100-7
Hestmakrell1.6001.60044175
Andre artar5.0005.0002.0673.797
EUF, Vest om 4°V:
Makrell13.46013.800-160
Sild----
Kolmule222.000190.640220.645199.281
Blålange1.000500154250
Lange11.0009.5008.1915.378
Brosme5.0005.0004.7643.458
Pigghå60020010
Brugde (lever)100---
Håbrann20010021
Kombinert kvote600600--
Blåkveite950950671300
Andre artar3.0003.0001.1241.135
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite895920895920
Kveite2002001921
Skolest/Isgalt o.a.7157151712
EUGRL, Aust-Grønland:
Reker2.5002.5002.3682.435
Blåkveite1.0301.0551.0301.055
Kveite200200200200
Uer1.0001.0001.0001.000
Lodde6.7006.7006.7006.700
Skolest/isgalt o.a.28528551152

1 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i 2000 og 40.000 tonn i 2001. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60-70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V både i 2000 og 2001. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis. Det vart ikkje fiska augepål vest av 4°V, korkje i 2000 eller 2001.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane i følgje sluttsetelstatistikken 132.300 tonn augepål/kolmule og 119.000 tonn tobis i Nordsjøen i 2000. Tilsvarande sluttseteltal for 2001 var 97.500 tonn augepål/kolmule og 187.400 tonn tobis. Fisket i EU-sona utgjorde altså for tobis berre ein liten del av totalfangsten av tobis, medan det ikkje vart fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske industritrålarar korkje i 2000 eller i 2001.

Av Noreg sin kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 2000 og 2001. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild både i 2000 og 2001. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i eit direkte fiske i NØS nord for 62°N av mindre omfang. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 553.500 tonn i 2000 og 573.700 tonn i 2001 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25% til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2000 og 2001 avgrensa til 3.000 tonn, og den blir rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme som var på 17.000 tonn i 2000 og 15.000 tonn i 2001.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten galdt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy berre kan ha som bifangst.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 671 tonn i 2000, og 300 tonn i 2001.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland blir nærare omtala i punkt 5.1.6.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Lange2.0932.141
Brosme4.0004.2221.7421.807
Blålange205103
Sei1.0001.0006056
Blåkveite75752825
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb1002511
Makrell4.0004.100--
Hestmakrell1.250250--
Kolmule42.00047.00041.92947.340
Brugde (lever)100---
Andre artar--909103

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

I 2000 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.000 tonn i færøysk sone, men maksimalt 1.000 tonn sei. Tilsvarande tal for 2001 var 5.222 tonn til saman, men maksimalt 1.000 tonn sei. I tabell 5.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten for botnfisk omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn både for 2000 og 2001. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Samla vart det fiska 5.009 tonn botnfisk i færøysk sone i 2000 og 5.180 tonn i 2001. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 2000 og 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb i 2001 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Eitt fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite i 2000 og to fartøy var med i 2001. I 2000 vart det fiska 28 tonn blåkveite og i 2001 16 tonn. Norske fartøy starta ikkje prøvefiske etter breiflabb i 2000 men det vart fiska 2 tonn i 2001. Det vart ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 41.929 tonn kolmule i 2000 og 47.340 tonn i 2001.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Vest-Grønland:
Blåkveite600600552559
Aust-Grønland:
Blåkveite20030030288
Kveite364393329182
Uer100200366200
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk950700-35

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64°30' N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Likeins kunne berre 85 % av kvoten for blåkveite i 2000 fiskast med trål. Det deltok 2 trålarar og 1 linefartøy i fisket i 2000, medan det var 4 trålarar og 2 linefartøy med i fisket i 2001. I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 9 linefartøy og 4 trålarar i 2000, mens 10 linefartøy og 4 trålarar deltok i 2001.

I 2000 og 2001 var det 18 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 9 fartøy deltok i rekefisket i 2000 mot 15 fartøy i 2001.

Både i 2000 og 2001 nytta Noreg uerkvotene (samansett av 1.000 tonn uer tildelt Noreg for eit fiske i grønlandsk sone etter den bilaterale avtala med EU og 100/200 tonn frå Grønland) fullt ut (sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.9).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 2000 fiska 10 linefartøy, og i 2001 fiska 8 linefartøy. 3 av desse linefartøya fekk både for 2000 og 2001 ein høgare fartøykvote fordi fisket deira var innretta mot kveite.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). Om situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre artar.

5.1.5 Noreg - Island, om fisket etter botnfisk ved Island, og fisket etter lodde

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Brosme, lange, blålange500500501501
Blåkveite----
Kveite--1614
Uer--3524
Anna--7484
Lodde13.87013.98213.87013.982

5.1.5.1 Kommentarar til oversikten

I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25% bifangst av andre artar. Loddekvotene er inkludert i dei norske loddekvotane for sesongane 2000/2001 og 2001/2002.

5.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtala (fiskeriavtala) for lodde, varar sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 2000/01 fiska ikkje norske fartøy om vinteren, i motsetnad til sesongen 2001/02 då det også vart fiska om vinteren.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i sesongane 2000/01 og 2001/02

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000/20012001/20022000/20012001
Lodde107.770132.31580.119113.166

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen 2000/01 på ((975.000 tonn x 8%) + 6.700 tonn(EU) + 13.870 tonn(«Smottholavtala»))=98.570 tonn. Endeleg TAC for 2000/01 blei seinare fastsett til 1.090.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 2000/01 blei då 107.770 tonn.

For sesongen 2001/2002 hadde Noreg ein førebels kvote frå starten av sesongen på ((1.050.000 tonn x 8%) + 6.700 tonn (EU) + 13.982 tonn («Smuttholavtala») + 7.633 tonn (kompensasjon frå Island)) = 112.315 tonn. TAC vart i løpet av 2 omgangar auka til 1.300.000 tonn, slik at endeleg norsk kvote etter trepartsavtala for sesongen 2001/2002 blei 132.315 tonn.

Til saman blei det fiska 80.119 tonn i sesongen 2000/01 av totalt 52 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for 2001/02 sesongen var 113.166 tonn og 62 deltakande ringnotfartøy. Trepartsavtala gjeld sesongen 2000/01, medan 13.870 tonn frå «Smottholavtala» gjeld kalendaråret 2000. Det same gjeld EU-kvoten på 6.700 tonn. Tilsvarande gjeld for 2001. Mellom anna på bakgrunn av dette er det postulert at det først blir fiska på «smottholkvoten», så EU-kvoten og til sist kvoten etter trepartsavtala.

5.1.7 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk380230300133
Hyse190170126148
Sei----
Kviting70451727
Raudspette2201906761
Sild10.67010.6709.6899.908
Makrell--859363
Brisling3.7503.7509051.398
Reker4.2404.7303.5542.957

1 Fangsttala er førebels tal frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2000 blei det fiska 624 tonn innanfor grunnlinja, mens det tilsvarande talet for 2001 var 623 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 2000 og 2001 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 2000 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga galdt i 2001. Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

5.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk----
Lodde----
Uer--1133
Reker--2.70013.283

1 Fangsttala er innmeldte tal til Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet.

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 var første gong norske fartøy fiska uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har og høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Dette til tross for at fangstkvantumet er redusert samanlikna med fangstnivået dei første åra etter at dette fisket tok til. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. I 2000 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO området. Tilsvarande tal for 2001 var 1.665 døgn. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I 2001 hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske 67 tonn reker i NAFO-underområde 3L, men denne kvoten vart ikkje nytta av norske fartøy i 2001. Totalt fiska 5 reketrålarar i 2000 med til saman 389 fangstdøgn. Totalfangsten blei då 2.700 tonn. Dette er ein monaleg reduksjon frå åra 1993-95, då mellom 15 og 27 fartøy deltok. Rekefisket i NAFO tok seg opp att i 2001 då 14 fartøy deltok med til saman 1.566 fangstdøgn. Totalfangsten auka då til 13.283 tonn.

5.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Uer4.5863.5964.4214.016

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. I 2000 fekk Noreg 4.586 tonn av ein TAC på 120.000 tonn, samt overføringar på 1.100 tonn frå andre avtalepartar. I 2001 var TAC 95.000 tonn, Noregs kvote 3.596 tonn. I 2000 deltok 3 fartøy i uerfisket, medan 4 fartøy var med i 2001.

5.1.10 Norsk vårgytande sild - Fempartsavtala

Frå og med 1997 vart firepartsavtala frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ei fempartsavtale ved at EU også vart delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar i fempartsavtala

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
EU104.80071.26086.31368.762
Færøyane68.27046.42065.98832.275
Island194.230132.080187.47081.695
Noreg712.500484.500717.765490.910
Russland170200115.740158.300110.963
Totalt1.250.000850.0001.215.836784.605

Tabell 5.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2000

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU40.13619.4124.68622.07986.313
Færøyane32.4207504005.63626.78265.988
Island42.581137.1057.784187.470
Noreg5.2921.089711.384717.765
Russland42.15313.026113.121158.300
Totalt162.58220.1621400151.542881.1501.215.836

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2001

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU33.24915.90127597218.36568.762
Færøyane15.88716038015.84832.275
Grønland1113113
Island65.6279.8026.26681.695
Noreg10490.900490.910
Russland22.6362.69185.636110.963
Totalt137.40916.06138813.845617.015784.718

1 Grønland er i bilateral avtale med Færøyane gitt ein kvote på 113 tonn.

5.1.10.1 Kommentarar til oversikten:

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. I tillegg til å fiske i NØS i 2000, fiska norske fartøy knapt 4.100 tonn i internasjonalt farvatn og 1.100 tonn ved Jan Mayen. I 2001 vart heile kvota fiska i NØS.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2000. I 2000 fiska Russland dessutan 42.153 tonn i internasjonalt farvatn. I 2001 fiska Russland 22.636 tonn sild i internasjonalt farvatn og 2.691 tonn ved Jan Mayen.

Island fiska 7.784 tonn i NØS i 2000. Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2001 enn i 2000. I følgje innrapporterte tal til norske styresmaktar minka dei islandske fangstane i Jan Mayen sona frå vel 136.000 tonn i 2000 til ca. 9.800 tonn i 2001. I 2000 og 2001 fiska ikkje islandske fartøy NVG-sild i si eiga sone.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 2000 og 2001. Færøyske fartøy fiska bortimot heile sin kvote i 2000.

EU fiska ikkje heile kvoten i 2000, men utnytta kvoten godt i 2001.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2000 og 2001

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Følgjande oversikt for 2000 og 2001 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 5.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk181.400183.550166.202183.574
Hyse25.40034.30022.73834.307
Lodde174.000252.00094.670180.098

1 Tala er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Tabell 5.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00056.92448.552
Hyse20.00020.0006.3028.321
Sei2.5005.0003.0833.605
Blåkveite--6151.102
Steinbit2.0002.0002.2922.297
Uer750750609812
Snabeluer2.7502.7502.1444.300
Kolmule50.00050.00048.69850.077
Lodde174.000252.00038.15650.604
Sild125.00085.000112.84368.650
Andre artar3.0003.0001.3261.069
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker750---
Sild10.6007.2003.0262.691

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Av torskekvoten i NØS i 2000 blei 41 % fiska. Tilsvarande tal for 2001 var 35 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 32 % i 2000 og på 42 % i 2001.

Sei- og uerkvotane kan berre nyttast til bifangst, medan steinbit- og snabeluerkvotane skal dekka både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I 2000 fiska Russland berre 13 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen, medan dei i 2001 ikkje fiska i det heile tatt.

Russland utnytta ikkje kvotane for norsk vårgytande sild i norsk økonomisk sone fullt ut korkje i 2000 eller i 2001. Det stod om lag 12.000 tonn att i 2000 og 16.350 att i 2001. Kvoten av andre artar for 2000 og 2001 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.18. EU sine kvotar og fangstar 2 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 2000 og 2001 var følgjande:

Tabell 5.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk73.23040.34054.66636.782
Hyse63.91053.34543.36036.680
Sei40.80041.76041.94940.729
Kviting27.00026.73024.12818.540
Raudspette94.21076.54078.24076.468
Makrell22.62023.19051.92738.833
Sild188.150188.150184.085178.030

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. I 2000 vart både sei- og makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten vart godt utnytta. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS, N 62°N:
Torsk16.15016.35516.20916.401
Hyse1.3601.8501.1921.528
Sei3.0003.2403.0823.211
Blåkveite1001007699
Uer1.6501.500193313
Snabeluer1.6501.500198338
Makrell13.46013.800--
Andre artar45045023455
NØS, Nordsjøen1:
Torsk*60.38035.38015.75311.153
Hyse*50.71040.71014.97011.392
Sei*41.68042.64015.73015.785
Kviting*25.19025.1901.4841.263
Raudspette*40.00030.0005.3473.485
Makrell*22.86023.43028.14226.556
Sild*50.85050.85011.48517.385
Augepål50.80050.8008.36210.083
Kolmule2--32.36334.092
Tobis150.000150.00060.91818.734
Reke1.0301.0407451.053
Andre artar11.00011.00010.3389.721
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen, er både i 2000 og 2001 sett saman av to kvoteavtaler; avtala mellom EU-Noreg og avtala mellom Sverige-Noreg. Avtala mellom Sverige og Noreg er dessutan presentert under 5.2.7.

2 Bifangst i augepålfisket.

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 5.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14% av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 2000 og 2001 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62° N svært godt.

EU sin makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2000 og 2001. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

EU sine fangstar i NØS sør for 62° N som del av EU sine samla fangstar utgjer i 2000 og 2001 følgjande prosentar, for torsk 29% og 30%, for hyse 35% og 31%, for sei 37% og 39%, for kviting 6% og 7% og for raudspette 7% og 5%.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 36.080 tonn i 2000 og 36.990 i 2001. EU utnytta 78% av denne kvoten i 2000 og 72% i 2001. EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 6% i 2000 og 10% i 2001.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.800 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.800 tonn var respektive 51% i 2000 og 31% i 2001.

EU hadde ei utnytting på 94% av kvoten andre artar i Nordsjøen i 2000 og 88% i 2001.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS, N 62°N:
Torsk4.3004.3004.3704.301
Hyse523795527786
Sei150250224518
Blåkveite--2310
Uer--1750
Kolmule2.0002.000480-
Lodde10.00014.0005.0834.739
Makrell8.1859.225--
Andre artar80190632
NØS, Nordsjøen:
Sei1.4001.4001.4321.238
Sild1.2001.2009711.082
Augepål25.00023.00012.6312.316
Makrell--8.0709.304
Hestmakrell3.0002.00026011
Håbrann/pigghå300300-2
Andre artar--11975
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule500250--
Reker150100-44

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2000 utgjorde kvotane frå Noreg 1.700 tonn torsk, 280 tonn hyse, 150 tonn sei og 30 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2001 representerte 1.700 tonn torsk, 395 tonn hyse, 250 tonn sei og 40 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør for 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 25.000 tonn i 2000 og 2001 omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS korkje i 2000 eller 2001. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62°N.

Både i 2000 og 2001 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten vart nytta fullt ut både i 2000 og 2001. Seikvoten i Nordsjøen vart nytta fullt ut i 2000, medan det stod att ein del av kvoten for 2001.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS, N 62°N:
Torsk3.6383.5613.6823.561
Hyse630541432541
Sei700700651701
Andre artar15015010181
NØS, Nordsjøen:
Torsk2001002135
Sei800900469896
Andre artar--1927

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

Grønland har nytta torske-, hyse- og seikvotane godt i 2000 og 2001. I 2000 overførte Grønland torske- og hysekvote tildelt frå Russland til NØS på høvesvis 1.938 tonn og 350 tonn. I 2001 var netto overføringar høvesvis 1.861 tonn torsk og 261 tonn hyse frå RØS til NØS.

I NØS sør for 62°N hadde Grønland i 2000 og 2001 ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn i 2000 og 100 tonn i 2001. I 2000 og 2001 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

5.2.5 Island - Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 3.630 tonn i 2000 og 3.660 tonn i 2001 som eit resultat av «Smottholavtala».

Tabell 5.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2000 og 2001

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk3.6303.6603.5993.507
Hyse1--561650
Sei1--2841
Anna1--17573

1 Bifangst inntil 30 pst.

5.2.6 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
Torsk11.2206.7709.0917.038
Hyse4.2603.8301.4692.027
Kviting3.9302.455212252
Raudspette10.9809.2106.8749.139
Sild69.33069.33071.59271.830
Brisling46.25046.25027.46042.243
Reker4.8605.4203.7182.981

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabellen over syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

5.2.7 Sverige - Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS, nordsjøen:
Torsk380380570465
Hyse710635562509
Sei8808801.1641.156
Kviting190190816
Augepål800800823
Makrell2402402.5262.555
Sild8508501.592680
Reke130140185142
Andre artar--316427

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 78 tonn i 2000 og 59 tonn i 2001. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. I 2000 fiska svenske fartøy 82 tonn industrifisk og i 2001 fiska dei 3 tonn. Svenske fartøy fiska ikkje hestmakrell i NØS korkje i 2000 eller 2001.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 5.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.8 Polen - Noreg

Tabell 5.24 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2000200120002001
NØS, N 62°N:
Kolmule3.0003.000--
Andre artar100100--
NØS, Nordsjøen:
Torsk--4018
Sei750750724756
Andre artar75753137
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule5.0005.000--

5.2.8.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei da omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei. Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 2000 og 2001.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden