St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

1 Utfordringar for Europarådet

Hovudutfordringa for Europarådet i åra framover er å gjere heile det europeiske kontinentet til eit område der menneskerettane, demokratiet og rettsstaten vert respekterte fullt ut. Dette er ei oppgåve av historisk omfang. Den framleis ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen syner at dei utfordringane som låg til grunn for opprettinga av Europarådet, er høgst aktuelle.

Noreg hadde formannskapen i ministerkomiteen i Europarådet i seks månader i 2004. For regjeringa representerte det eit høve til å påverke dagsordenen i ein av dei eldste og breiast samansette europeiske samarbeidsorganisasjonane, og ein sjanse til å fremje norske politiske interesser i Europa.

Sist Noreg hadde formannskapen var i 1989. Det har skjedd store forandringar i Europa sidan då, noko som også har påverka samarbeidet i Europarådet. I dag er det ein organisasjon med 46 medlemsstatar, dobbelt så mange som i 1989, med til saman 800 millionar innbyggjarar.

Styrken til Europarådet ligg i å utvikle og gjennomføre standardar på rettsstats- og demokratiområdet. Dette er grunnleggjande bidrag til førebygging av konflikt og sikring av menneskerettane. Gjennom europarådskonvensjonane er det lagt eit felles rettsleg grunnlag på sentrale samfunnsområde, og organisasjonen forvaltar viktige kontroll- og oppfølgingsmekanismar.

Samstundes er det nødvendig med reformer for å styrkje og effektivisere arbeidet i Europarådet. Den viktigaste saka under den norske formannskapen var såleis å få sett i gang reforma for å sikre framtida til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Denne reforma blei vedteken samstundes med at Noreg tok over formannskapen i mai 2004. Bakgrunnen er at bunken av ubehandla saker ved domstolen stadig veks, noko som truar heile institusjonen. Reforma går mellom anna ut på å betre situasjonen i medlemslanda slik at brot på konvensjonen ikkje oppstår, eller at dei blir retta opp på ein korrekt måte på nasjonalt plan. Det er også viktig å betre effektiviteten til domstolen og gjennomføre dommar. Noreg arrangerte eit høgnivåseminar i Oslo i oktober 2004 som gav konkrete forslag til korleis reformprosessen kan førast vidare. Noreg arbeidde også aktivt for at medlemslanda skulle underteikne og ratifisere reformpakken (sjå nærare under om reforma i kapittel 2 pkt. 2).

Regjeringa meiner at det er nødvendig å sikre Europarådet sin plass i den samla europeiske arkitekturen. Arbeidet i Europarådet må også sjåast i samanheng med oppgåvene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og eit utvida EU. Ei viktig prioritering under den norske formannskapen var difor eit sterkare samarbeid med desse organisasjonane og at dei må framheve sine fordelar der dei har ekstra bidrag og særleg kompetanse. Noreg tok initiativ til å etablere ein mekanisme for konkret samarbeid mellom Europarådet og OSSE. Dette opplegget blei godt motteke, og begge organisasjonane vedtok tekstar slik at mekanismen no er operativ.

EU-utvidinga har ført til ønske om ei klårare rollefordeling mellom EU og Europarådet. Regjeringa meiner det er særleg viktig å unngå to konkurrerande menneskerettsstandardar i Europa. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg, er berebjelken i samarbeidet i Europarådet og i forvaltninga av menneskerettane i Europa. Forfatningstraktaten for EU vart underteikna i Roma i oktober 2004. Pakta om dei fundamentale rettane er innarbeidd i forfatninga, og vil på denne måten bli rettsleg bindande. Samstundes står det i traktaten at EU skal bli part i EMK. Dette vil gjere det mogeleg å halde fram med ein sams standard for menneskerettar og å sikre eit sameint vern av menneskerettane i Europa, også i høve til EU-organa. Med EMD til å kontrollere at EU respekterer menneskerettane, vil menneskerettane stå sterkare i Europa. I desember 2003 vedtok Det europeiske rådet å opprette eit nytt EU-byrå for menneskerettar. Eit anna viktig spørsmål vil såleis vere korleis dette menneskerettsbyrået skal arbeide og korleis det skal samverke med Europarådet.

Regjeringa meiner at Europarådet òg har ei rolle å spele i førebygging av konfliktar, blant anna ved å arbeide for godt styresett og å fremje forståing mellom ulike kulturar. Under formannskapen blei difor arbeid på dette området prioritert. Særleg utdanning har eit potensial til å fremje kunnskap og forståing mellom kulturar og ulike trussamfunn. Det var tema under ein konferanse som Noreg arrangerte i Oslo om interreligiøse aspekt ved utdanning. Vidare vil demokratisk deltaking og godt styresett på regionalt og lokalt nivå vere viktig for stabile demokratiske styresett og førebygging av konfliktar. Under formannskapsperioden arrangerte den norske formannskapen difor ein stor konferanse i Oslo om dette emnet.

Formannskapen fall saman med førebuingane til det tredje toppmøtet mellom stats- og regjeringssjefane i medlemslanda. I juli 2004 vart det vedteke å halde toppmøtet i Warszawa 16.–17. mai 2005. Etter regjeringa sitt syn er toppmøtet eit høve for Europarådet til leggje ein strategi for framtida. Noreg har arbeidd for hovudsakene frå formannskapen og for at tanken om å gjere Europarådet til ein meir effektiv og open organisasjon får gjennomslag på toppmøtet. Regjeringa meiner at dette bør vektleggjast for at Europarådet skal kunne utvikle seg positivt i tida framover.

Til forsida