St.meld. nr. 43 (2002-2003)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2003, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ei kvoteavtale for 2003 vart partane samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk hausten 2000 om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003. Det same gjeld kvoten på 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane framleis å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 101.000 tonn og ein loddekvote på 310.000 tonn for 2003. Noreg og Russland er også for 2003 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar.

Partane har også fastsett langsiktige forvaltningsplanar for fellesbestandene torsk, hyse og lodde som tek til å gjelde frå 2004.

Noreg og Russland har fastsett ein totalkvote på 800.000 kongekrabbar for 2003, fordelt med 600.000 krabbar til Russland og 200.000 til Noreg. Norske og russiske forskarar har dessutan fått i oppdrag å utarbeide eit vitskapleg grunnlag for oppretting av ei vestgrense for fellesforvaltninga av kongekrabbe.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2003 vil vere å føre vidare arbeidet med eit forenkla og elektronisk basert rapporteringssystem for fiskefartøy, inklusive eit system for elektronisk utveksling av fangstdata på fartøynivå.

Kvoteavtalen med EU for 2003 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er ytterlegare forverra frå i fjor, og er særskilt kritisk for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2003 difor samde om å redusere totalkvoten for torsk med 45 % frå 2002 og halde fram med det felles arbeidet med å betre beskatninga av botnfisk.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane inngjekk nye årlege avtalar i 2000 og 2001, og vart i 2002 einige om å fastsetje ein «referanse-TAC» på 500.000 tonn for 2003 med same fordeling mellom partane som tidlegare.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Referanse-TAC'en som vart vedteke av dei tre kyststatane var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2003. NEAFC vedtok for 2003 ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ein kvote på 56.610 tonn makrell for dette området. Island har sett fram ein formell reservasjon mot denne reguleringa.

Noreg har for 2003 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtaler for 2003 med Færøyane, Grønland, og Polen. Det er for 2003 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtala» og den tilhøyrande tosidige avtalen. Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtala med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda vil ha verknad frå 1. mai 2003.

Det er ikkje inngått ei fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2003. Noreg har i mangel av ei fempartsavtale inngått bilaterale avtalar for 2003 med EU, Færøyane og Russland. EU, Færøyane og Russland kan såleis fiske heile kvotane sine på høvesvis 48.493, 29.523 og 96.702 tonn sild i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen.

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt ti drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 4.361 tonn i 2003.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2003 er, som i 2001 og 2002, ein totalkvote for begge områdene.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 2003. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2002 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR og ICCAT. Noreg er også medlem i SEAFO.

Langsiktige forvaltningsplanar

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uavhengig av storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62°N fullt ut i 2001 og 2002.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2001 og 2002, medan sei ikkje vart nytta fullt ut i 2002. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2001 fiska 191.000 tonn kolmule i internasjonalt område medan det i 2002 vart fiska 225.000 tonn. I 2001 og 2002 vart kolmulekvotane i både Færøysona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 61 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2001, mens graden av utnytting var om lag 56 % i 2002. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2001 og i 2002.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

I sesongen 2001/2002 fiska ikkje dei norske fartøya heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island, medan dei i 2002/2003 nytta kvoten fullt ut.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2001 og 2002.

Rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten. Deltakinga var høg i 2001 men avtok i 2002.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra. I 2001 vart det fiska om lag 4.000 tonn, i 2002 om lag 4.600 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EU sitt fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 71 % og 77 % i 2001 og 2002.

I 2001 fiska Færøyane heile seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, i 2002 var fangsten litt lågare. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2001 og 2002.

Grønland har sidan kvoteavtala vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2001 og 2002 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden