St.meld. nr. 43 (2002-2003)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002

Til innholdsfortegnelse

6 Fisket etter avtalane i 2001 og 2002

I omtalen av fisket etter avtalane for 2001 og 2002 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jamfør punkt 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 2001 og 2002.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote for arten, og total tilleten fangst (TAC) blir fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt, er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse rapporterte fangsttala frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet ( - ) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg - Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2.

Tabell 6.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk195.550195.335202.703222.062
Hyse46.30050.83549.10352.263
Lodde371.000383.000375.619394.000

Forskingsfangst er inkluderte i fangsttala, men ikkje i kvotetala.

Tabell 6.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Røs:
Torsk140.000140.0002.9171.061
Hyse20.00020.0001.6231.606
Haneskjel----
Reker3.0003.0003440
Grønlandssel5.0005.0005.2002.348
Lodde371.000383.00080.809129.042
Steinbit1.5001.500251435
Flyndre1.0001.00050
Bifangstkvote5005004984

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Av dei norske fangstane nord for 62°N i 2001 fiska Noreg 1,5 % av torskefangstane og 3,5 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2002 var 0,5 % for torsk og 3,2 % for hyse. Noreg tar altså små fangstar av torsk og hyse i RØS, sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2001 var 10 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, medan ingen deltok i 2002. Noreg sin haneskjellkvote var ikkje talfesta i 2001 og 2002. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde korkje i 2001 eller 2002.

6.1.2 Noreg - EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62°N. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 6.4).

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandane i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk7.7807.8804.3825.015
Hyse7.02021.7251.9062.245
Sei41.00066.00043.69258.983
Kviting2.9704.1004542
Raudspette1.4603.8901.9261.988
Makrell159.930161.246158.192161.574
Nordsjøsild74.80074.80076.05576.504

1 Desse fangstane er førebels statistikk frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i Nordsjø-området må sjåast i samanhang med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord for 62°N i 2001 og i 2002 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 13.800 tonn i 2001 og 14.100 tonn i 2002, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Noreg fiskar også norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i perioden januar - mai. Totaltala i Nordsjøen for alle sortar sild for åra 2001 og 2002 er 79.044 tonn og 79.043 tonn.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst i leveransane til oppmaling.

6.1.2.2 Norske kvotar i EU sine farvatn (EUF), og inkludert kvotane tildelt Noreg frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad, at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfeller vere lik kvotetala slik dei vert viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 6.6).

For fellesbestandane merka med (*) avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 6.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
EUF, Nordsjøen:
Torsk*7.7807.5801.2591.655
Hyse*7.02020.845384426
Sei*41.00065.70013.56123.552
Kviting*2.9704.100610
Raudspette*1.4602.3901.4001.655
Makrell*146.37047.3861609.758
Sild*50.00050.00012.39010.958
Augepål10.0005.000--
Tobis30.00050.00018.38554.768
Brisling10.00035.0008.90028
Reke1001007-
Hestmakrell1.6001.6004420
Andre artar5.0005.0002.0672.723
EUF, Vest om 4°V:
Makrell13.80014.100160-
Sild----
Kolmule190.640120.000199.281121.736
Blålange500500250101
Lange9.5009.5005.3785.313
Brosme5.0005.0003.4582.940
Pigghå20020000
Brugde (lever)----
Håbrann10010016
Kombinert kvote600600--
Blåkveite950950300243
Andre artar3.0003.0001.1351.709
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite920920920920
Kveite2002002110
Skolest/Isgalt o.a.7157151211
EUGRL, Austgrønland:
Reker2.5002.5002.4351.453
Blåkveite1.0551.0551.0551.055
Kveite200200200194
Uer1.0001.0001.0001.000
Lodde6.7006.7006.7006.700
Skolest/isgalt o.a.28528515257

1 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

6.1.2.3 Kommentarar til oversikten

I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 40.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i 2001 og 2002. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60-70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V i 2001 og 5.000 tonn i 2002. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis. Det vart ikkje fiska augepål vest av 4°V, korkje i 2001 eller 2002.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane i følgje sluttsetelstatistikken 97.500 tonn augepål/kolmule og 187.400 tonn tobis i Nordsjøen i 2001. Tilsvarande sluttseteltal for 2002 var 128.300 tonn augepål/kolmule og 176.000 tonn tobis. Fisket i EU-sona utgjorde altså for tobis ein større del av totalfangsten av tobis enn i tidligare år, medan det ikkje vart fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske industritrålarar korkje i 2001 eller i 2002.

Av Noreg sin kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 2001 og 2002. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild både i 2001 og 2002. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i eit direkte fiske i NØS nord for 62°N av mindre omfang. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 573.700 tonn i 2001 og 558.100 tonn i 2002 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25% til eikvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2001 og 2002 avgrensa til 3.000 tonn, og den blir rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme som var på 15.000 tonn både i 2001 og 2002.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten galdt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy berre kan ha som bifangst.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 300 tonn i 2001, og 240 tonn i 2002.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland blir nærmare omtala i punkt 6.1.6.

Tabell 6.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Lange2.1412.114
Brosme4.2224.2221.8071.946
Blålange103112
Sei1.0001.0005664
Blåkveite75752512
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb252510
Makrell4.1006.600--
Hestmakrell250250--
Kolmule47.00035.00047.34035.000
Brugde (lever)----
Andre artar--103888

6.1.3 Noreg - Færøyane

6.1.3.1 Kommentarar til oversikten

I 2001 og 2002 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.222 tonn i færøysk sone, men maksimalt 1.000 tonn sei. I tabell 6.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten for botnfisk omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn både for 2001 og 2002. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Samla vart det fiska 5.180 tonn botnfisk i færøysk sone i 2001 og 5.315 tonn i 2002. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb i 2001 og 2002 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. To fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite i 2001 og eit fartøy var lisensiert i 2002 men starta ikkje prøvefisket. I 2001 vart det til saman fiska 25 tonn blåkveite og i 2002 12 tonn. Norske fartøy fiska 1 tonn breiflabb i prøvefiske i 2001 men starta ikkje fiske etter breiflabb i 2002. Det vart heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 47.340 tonn kolmule i 2001 og 35.000 tonn i 2002.

Tabell 6.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Vestgrønland:
Blåkveite600600559600
Austgrønland:
Blåkveite300525288452
Kveite393393182194
Uer200400200227
Vest- og Austgrønland:
Torsk700600352

6.1.4 Noreg - Grønland

6.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64°30' N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 4 trålarar og 2 linefartøy i fisket i 2001, medan det var 5 trålarar med i fisket i 2002. I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 10 linefartøy og 4 trålarar i 2001, medan 8 linefartøy og 4 trålarar deltok i 2002.

I 2001 og 2002 var det 18 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 15 fartøy deltok i rekefisket i 2001 mot 11 fartøy i 2002.

I 2001 nytta Noreg uerkvotane (samansett av 1.000 tonn uer tildelt Noreg for eit fiske i grønlandsk sone etter den bilaterale avtala med EU og 100/200 tonn frå Grønland) fullt ut (sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 6.1.9). I 2002 vart det fiska 1.227 tonn uer av ei kvote på til saman 1.400 tonn.

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 2001 fiska 8 linefartøy, og i 2002 fiska 2 linefartøy. 3 av desse linefartøya fekk for 2001 ein høgare fartøykvote fordi fisket deira var innretta mot kveite. I 2002 fikk dei fritt fiske innanfor totalkvoten.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). Om situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre artar.

Tabell 6.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Brosme, lange, blålange500500501491
Blåkveite----
Kveite--1418
Uer--2416
Anna--8481
Lodde13.98213.98213.98213.982

6.1.5 Noreg - Island, om fisket etter botnfisk ved Island, og fisket etter lodde

6.1.5.1 Kommentarar til oversikten

I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25% bifangst av andre artar. Loddekvotane er inkludert i dei norske loddekvotane for sesongane 2001/2002 og 2002/2003. Sjå tabell 6.7.

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde, varar sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 2001/02 fiska norske fartøy om vinteren, i motsetnad til sesongen 2002/03 då det ikkje vart fiska om vinteren. Sjå tabell 6.8.

Tabell 6.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2001/02 og 2002/03

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001/20022002/20032001/20022002/2003
Lodde132.315109.154113.166119.412

6.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen 2001/02 på ((1.050.000 tonn x 8%) + 6.700 tonn(EU) + 13.982 tonn («Smottholavtalen»)) ») + 7.633 tonn (kompensasjon frå Island)) = 112.315 tonn = 112.315 tonn. TAC vart i løpet av 2 omgangar auka til 1.300.000 tonn, slik at endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 2001/2002 blei 132.315 tonn

For sesongen 2002/2003 hadde Noreg ein førebels kvote frå starten av sesongen på ((1.040.000 tonn x 8%) + 6.700 tonn (EU) + 13.980 tonn («Smottholavtalen») + 15.674 tonn (kompensasjon frå Island)) = 119.554 tonn. TAC vart i løpet av sesongen redusert til 910.000 tonn, slik at endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 2002/2003 blei 109.154 tonn.

Til saman blei det fiska 113.166 tonn i sesongen 2001/02 av totalt 62 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for 2002/03 sesongen var 119.412 tonn og 78 deltakande ringnotfartøy. Trepartsavtalen gjeld sesongen 2001/02, medan 13.870 tonn frå «Smottholavtalen» gjeld kalendaråret 2001. Det same gjeld EU-kvoten på 6.700 tonn. Tilsvarande gjeld for 2002. Mellom anna på bakgrunn av dette er det postulert at det først blir fiska på «smottholkvoten», så EU-kvoten og til sist kvoten etter trepartsavtalen.

6.1.7 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk230230133145
Hyse170265148146
Sei----
Kviting45362723
Raudspette1901286158
Sild10.67010.6709.9086.967
Makrell--363289
Brisling3.7503.7501.3981.151
Reker4.7304.7302.9573.709

1 Fangsttala er førebels tal frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

6.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2001 blei det fiska 623 tonn innanfor grunnlinja, mens det tilsvarande talet for 2002 var 498 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 2001 og 2002 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 2001 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga galdt i 2002. Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

Tabell 6.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk----
Lodde----
Uer--3-
Reker--13.28311.554

1 Fangsttala er innmeldte tal til Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet.

6.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 var første gong norske fartøy fiska uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har og høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Dette til tross for at fangstkvantumet er redusert samanlikna med fangstnivået dei første åra etter at dette fisket tok til. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. I 2001 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.665 døgn i NAFO området. Tilsvarande tal for 2002 var 1.985 døgn. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I 2001 og 2002 hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske 67 tonn reker i NAFO-underområde 3L, men denne kvoten vart ikkje nytta av norske fartøy korkje i 2001 eller 2002. Totalt fiska 14 reketrålarar i 2001 med til saman 1.566 fangstdøgn. Totalfangsten blei då 13.283 tonn. Tilsvarande tal for 2002 var 11 fartøy som fiska til saman 11.554 tonn i løpet av 1.317 døgn.

Tabell 6.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Uer3.5963.5964.0164.581

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

6.1.9.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. I 2001 var TAC 95.000 tonn, Noregs kvote 3.596 tonn. I 2001 og i 2002 deltok 4 fartøy i uerfisket. Sjå tabell 6.11.

6.1.10 Norsk vårgytande sild - Fempartsavtalen

Frå og med 1997 vart firepartsavtalen frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ei fempartsavtale ved at EU også vart delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar i fempartsavtalen

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
2001200220012002
EU71.26071.26068.76250.974
Færøyane46.42046.42032.27533.137
Grønland11132.406
Island132.080132.08081.695127.195
Noreg484.500484.500490.910495.992
Russland115.740115.740110.963116.486
Totalt850.000850.000784.718826.190

1 Grønland er i 2001 og 2002 i bilateral avtale med Færøyane gitt kvotar på høvesvis 113 og 2.406 tonn

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2001

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenNØSTotalt
EU33.24915.90127597218.36568.762
Færøyane15.88716038015.84832.275
Grønland113113
Island65.6279.8026.26681.695
Noreg10490.900490.910
Russland22.6362.69185.636110.963
Totalt137.40916.06138813.845617.015784.718

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2002

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU22.4175.7023.2885.66513.90250.974
Færøyane12.4461.0254.34915.31733.137
Grønland2.4062.406
Island11.82434.29974.5756.497127.195
Noreg4.070491.922495.992
Russland25.70054521.70668.535116.486
Totalt78.8635.70239.157106.295596.173826.190

1 Fangsttala er innrapporterte til NEAFC.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikten:

I tillegg til dei tala som kan sjåast i tabell 6.14, har EU rapportert 4.823 tonn, Færøyane 4.346 tonn og Russland 21.706 tonn sild fanga i Svalbardsona.

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. I 2001 vart heile kvoten fiska i NØS. I 2002 vart kvoten stort sett fiska i NØS, medan eit lite kvantum vart fiska i internasjonalt farvatn.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2001 og 2002. I tillegg fiska Russland ein del sild i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona.

Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2002 enn i 2001. I følgje innrapporterte tal til norske styresmaktar auka dei islandske fangstane i Jan Mayen sona frå vel 9.800 tonn i 2001 til ca. 34.300 tonn i 2002. I 2001 og 2002 fiska ikkje islandske fartøy NVG-sild i si eiga sone.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 2001 og 2002.

EU utnytta kvoten godt i 2001 og fiska heile kvoten i 2002.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2001 og 2002

6.2.1 Russland - Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Følgjande oversikt for 2001 og 2002 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk183.550143.550183.574163.815
Hyse34.30034.30034.30733.737
Lodde252.000260.000180.098219.446

1 Tala er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Tabell 6.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00048.55253.396
Hyse20.00020.0008.3214.698
Sei5.0005.0003.6053.189
Blåkveite--1.102431
Steinbit2.0002.0002.2971.083
Uer750750812547
Snabeluer2.7502.7504.3002.516
Kolmule50.00041.54250.07724.423
Lodde252.000253.00050.60410.628
Sild85.00085.00068.65068.535
Andre artar3.0003.0001.069244
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker----
Sild7.2007.2002.691545

6.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Av torskekvoten i NØS i 2001 blei 35 % fiska. Tilsvarande tal for 2002 var 38 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 42 % i 2001 og på 23 % i 2002.

Sei- og uerkvotane kan berre nyttast til bifangst, medan steinbit- og snabeluerkvotane skal dekka både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland fiska ikkje kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen korkje i 2001 eller 2002.

Russland utnytta ikkje kvotane for norsk vårgytande sild i norsk økonomisk sone fullt ut korkje i 2001 eller i 2002. Det stod om lag 16.500 tonn att både i 2001 og 2002. Kvoten av andre artar for 2001 og 2002 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU - Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EU sine kvotar og fangstar 2 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 2001 og 2002 var følgjande, sjå tabell 6.17.

Tabell 6.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk40.34041.42036.78238.443
Hyse53.34582.27536.68050.384
Sei41.76064.80040.72952.967
Kviting26.73036.90018.54014.829
Raudspette76.54074.61076.46866.939
Makrell23.19023.69338.83325.011
Sild188.150188.150178.030180.289

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. I 2001 og 2002 vart makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten vart godt utnytta. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 6.2.2.2.

Tabell 6.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS, N 62°N:
Torsk16.35516.35516.40116.416
Hyse1.8501.8501.528998
Sei3.2403.2403.2113.134
Blåkveite1001009948
Uer1.5001.50031378
Snabeluer1.5001.500338294
Makrell13.80014.100--
Andre artar45045055187
NØS, Nordsjøen1
Torsk*35.38036.20011.1539.783
Hyse*40.71062.08011.39210.653
Sei*42.64066.15015.78512.166
Kviting*25.19025.1901.263925
Raudspette*30.00031.5003.4852.859
Makrell*23.43023.93326.55629.324
Sild*50.85050.85017.38514.992
Augepål50.80031.80010.08316.825
Kolmule2--34.09218.781
Tobis150.000150.00018.73413.621
Reke1.0401.0401.053727
Andre artar11.00011.0009.7219.057
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen, er både i 2001 og 2002 sett saman av to kvoteavtaler; avtala mellom EU-Noreg og avtala mellom Sverige-Noreg. Avtala mellom Sverige og Noreg er dessutan presentert under 6.2.7.

2 Bifangst i augepålfisket

Som nemnt i punkt 6.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 6.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14% av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 2001 og 2002 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62°N svært godt.

EU sin makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2001 og 2002. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°Nsom del av EU sine samla fangstar utgjer i 2001 og 2002 følgjande prosentar, for torsk 30% og 25%, for hyse 31% og 21%, for sei 39% og 23%, for kviting 7% og 6% og for raudspette 5% og 4%.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 36.990 tonn i 2001 og 37.793 i 2002. EU utnytta 72% av denne kvoten i 2001 og 78% i 2002. EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 10% i 2001 og 8% i 2002.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.800 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.800 tonn i 2001 og 181.800 tonn i 2002 var respektive 31% i 2001 og 27% i 2002.

EU hadde ei utnytting på 88% av kvoten andre artar i Nordsjøen i 2001 og 82% i 2002.

Tabell 6.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS, N 62°N:
Torsk4.3004.3004.3014.277
Hyse795452786452
Sei250350518520
Blåkveite--1012
Uer--5017
Kolmule2.000500--
Lodde14.00013.0004.73911.270
Makrell9.2259.590--
Andre artar190170214
NØS, Nordsjøen:
Sei1.4001.4001.2381.021
Sild1.2001.2001.0821.418
Augepål23.00021.0002.3164.537
Makrell--9.3049.770
Hestmakrell2.00040011441
Håbrann/pigghå30030021
Andre artar-28075347
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule250100--
Reker100504413

6.2.3 Færøyane - Noreg

6.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2001 utgjorde kvotane frå Noreg 1.700 tonn torsk, 395 tonn hyse, 250 tonn sei og 40 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2002 representerte 1.700 tonn torsk, 350 tonn hyse, 350 tonn sei og 40 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør for 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 23.000 tonn i 2001 omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS korkje i 2001 eller i 2002. Augepålkvoten i 2001 dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62°N.

Både i 2001 og 2002 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten vart nytta fullt ut både i 2001 og 2002. Det stod att ein del av seikvoten både i 2001 og 2002.

Tabell 6.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS, N 62°N:
Torsk3.5614.0603.5614.059
Hyse541850541593
Sei700950701823
Andre artar1501508179
NØS, Nordsjøen:
Torsk1001003531
Sei9001.000896694
Andre artar--2730

6.2.4 Grønland - Noreg

6.2.4.1 Kommentarar til oversikten

Grønland har nytta torske-, hyse- og seikvotane godt i 2001 og 2002. I 2001 overførte Grønland torske- og hysekvote tildelt frå Russland til NØS på høvesvis 1.861 tonn og 261 tonn. I 2002 var netto overføringar høvesvis 2.360 tonn torsk og 520 tonn hyse frå RØS til NØS.

I NØS sør for 62°N hadde Grønland i 2001 og 2002 ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 100 tonn i 2001 og 2002. I 2001 og 2002 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen. Sjå tabell 6.20.

6.2.5 Island - Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 3.660 tonn både i 2001og 2002 som eit resultat av «Smottholavtala». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2001 og 2002.

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk3.6603.6603.5073.637
Hyse1--650355
Sei1--4168
Anna1--7366

1 Bifangst inntil 30 %

Tabell 6.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
Torsk6.7706.8707.0386.572
Hyse3.8306.0352.0274.495
Kviting2.4551.964252229
Raudspette9.2108.2799.1396.643
Sild69.33069.33071.83066.327
Brisling46.25046.25042.24330.808
Reker5.4205.4202.9813.901

6.2.6 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

6.2.6.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

Tabell 6.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS, Nordsjøen:
Torsk380200465370
Hyse635880509287
Sei8801.3501.1561.295
Kviting190190665
Augepål8008003458
Makrell2402402.5552.566
Sild850850680572
Reke140140142142
Andre artar--427705

6.2.7 Sverige - Noreg

6.2.7.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 59 tonn i 2001 og 59 tonn i 2002. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. I 2001 fiska svenske fartøy 3 tonn industrifisk og i 2002 fiska dei 43 tonn. Svenske fartøy fiska ikkje hestmakrell i NØS i 2001 men fiska 415 tonn i 2002.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 6.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reke.

Tabell 6.24 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
2001200220012002
NØS, N 62°N:
Kolmule3.000---
Andre artar100---
NØS, Nordsjøen:
Torsk--1833
Sei750750756748
Andre artar75753757
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule5.000---

6.2.8 Polen - Noreg

6.2.8.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule. Grunna den uavklarte situasjonen for kolmule vart det ikkje gitt kolmulekvote til Polen i 2002.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei då omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei. Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 2001 og 2002.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden