St.meld. nr. 43 (2002-2003)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2003

I tråd med dei etablerte rammeavtalene fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2003 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.

Noreg har i 2002 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtala om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala. Island har i ettertid sagt opp loddeavtala med verknad frå 1. mai 2003.

Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.

Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.

Noreg er medlem og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Frå norsk side deltek ein også i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») i forhold til forvaltninga av kval. Partsmøtene til CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), som Noreg deltek i, er også viktige i forhold til forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas») som observatør. Noreg er dessutan medlem i den regionale forvatningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i NordaustAtlanteren. (For meir informasjon, sjå: http://www.ices.dk/).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Til grunn for Fiskeridepartementet si utnemning av delegasjon til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i ligg ei balansert vurdering som i hovudsak byggjar på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representert, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik og forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening. Kven forhandlingane kan seiast å vedkoma vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år. Til dømes var fylkeskommunane for fyrste gong representert i den norske delegasjonen til fiskeriforhandlingane med Russland hausten 2002.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen lagt. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalane for 2002

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

3.2.1 Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtalen for 2003 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Kabelvåg 8. november 2002.

Partane vart samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk hausten 2000 om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003. Det same gjeld kvoten på 40.000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane framleis å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden.

Noreg og Russland vart vidare samde om ein langsiktig forvaltningsplan for torsk som tek til å gjelde frå 2004. I korte trekk går forvaltningsplanen ut på at ein arbeider for å halde det gjennomsnittlige fiskedøyingstalet på føre-var nivå i gåande 3-års perioder samstundes som kvotesvingingane jamnast ut frå år til år med maksimalt +/-10 %.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 55.900 tonn. Av dette kan 15.800 tonn verte fiska i fiskevernsonen ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 23.300 tonn til NØS og 16.800 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg også i 2003. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 195.550 tonn, medrekna 40.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 183.550 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 101.000 tonn. Det er sett av ei hysekvote til tredjeland på 5.000 tonn, som er delt med 3.000 tonn til NØS og 2.000 tonn til RØS. Russland har overført 4.500 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2003. Etter overføring er den norske kvoten på 52.500 tonn og den russiske på 43.500 tonn. Noreg og Russland har også vedteke ein forvaltningsplan for hyse tilsvarande den som vil gjelde for torsk, men med den skilnad at kvotesvingingane her kan jamnast ut frå år til år med inntil +/-25 %.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland også for 2003 samde om lik høve til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 2003 kan såleis Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 vart det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 vart det opna opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og fra 2000 - 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435.000, 630.000 og 650.000 tonn. For 2003 er det fastsett ein kvote på 310.000 tonn lodde. Den norske delen er på 186.000 tonn og den russiske på 124.000 tonn.

Noreg og Russland vart også samde om ein forvaltningsplan for lodde som skal forhindre kollaps i bestanden.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2003, har Russland denne gong ikkje blitt tildelt ein kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella), på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Samstundes har Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer blitt auka frå 1.500 tonn i fjor til 2.000 tonn i år. Vidare har Russland ein kvote på 5.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og bifangst.

I tillegg kan Russland fiske 50.000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 4 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2003. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2003.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2003, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit og 1.000 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst, og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er fordobla fra 5.000 dyr i fjor til 10.000 dyr i år.

På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart partane samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. Totalkvoten for 2002 var 400.000 krabbar, fordelt med 300.000 krabbar til Russland og 100.000 til Noreg. På kommisjonsmøtet hausten 2002 blei totalkvoten fordobla til 800.000 krabbar for 2003, fordelt med 600.000 krabbar til Russland og 200.000 til Noreg. På bakgrunn av norsk uro over spreiinga av kongekrabbe vestover i Barentshavet, fekk norske og russiske forskarar også i oppdrag å utarbeide eit vitskapleg grunnlag for oppretting av ei vestgrense for fellesforvaltninga av kongekrabbe.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere «Det permanente utvalg for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa sine kontrollmyndigheiter, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Noreg og Russland innførte satellittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 vart det vidare underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og Murmanrybvod og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrker kontrollen med fiskeria i begge land.

Eit hovudfokus for Det permanente utval i 2003 vil vere å føre vidare arbeidet med eit forenkla og elektronisk basert rapporteringssystem for fiskefartøy, inklusive eit system for elektronisk utveksling av fangstdata på fartøynivå, noko som ikkje minst er viktig for kontrollen med omlasting av fisk i Barentshavet.

3.2.2 Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsette største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsstrategiar og betring av beskatningsmønsteret

Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Forvaltningsavtalen vart fornya i 2001 for tre år. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Det står att å få på plass ein forvaltningsstrategi for kviting.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.

I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir teke i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedødelegheit og faktisk dødelegheit. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Som eit ledd i reformen av EU sin felles fiskeripolitikk som vart vedteken i desember 2002 har Europakommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak som kan redusere utkastet. Mellom anna vurderer Kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.

I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre fangstmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er sidan dette ytterlegare forverra, og då særleg for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2003 difor samde om å redusere totalkvota for torsk med 45 % frå 2002 og samstundes halde fram det felles arbeidet med å betre utnyttinga av botnfisk i ei arbeidsgruppe som partane vart einige om å opprette.

Makrell

Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.3.4).

Forvaltningsregimet for makrell har i ei årrekke vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at et ein har eit rettkomme krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.

Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområde. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og fangstmønster, har Noreg overfor EU gjort framlegg om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som blir fordelt mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsetjer ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbreiingsområde (Biscaya).

Kontroll

Generelt er arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve: til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Vidare er det eit hovudmål å sikre harmonisering av kontrollføresegnene. I denne samanhengen vil Noreg og EU føre vidare eit samarbeid om prosedyrar for veging av fangstar, vatntrekk og omrekningsfaktorar for å sikre lik kvoteavrekning. Ei eiga arbeidsgruppe er nedsett for å behandle desse spørsmåla. Partane vart under haustens kvoteforhandlingar einige om å fastsetje ein felles vatntrekksprosent, men ikkje før frå 1. januar 2004. For å unngå konkurransevriding har Noreg difor som tidlegare annonsert fastsett ein vatntrekksprosent på same nivå som Danmark (8 % for makrell og 13 % for sild) for 2003.

2003-avtala

Etter fire forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 20. desember 2002, ei kvoteavtale for 2003.

Tabell 3.1 : Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2003 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk27.3004.64122.659
Hyse51.7359.580*42.155
Sei165.00085.80079.200
Kviting1.60001.60014.400
Raudspette73.2503.969*69.282
Makrell62.45840.39522.063
Sild400.000116.000284.000

* Kvote til Noreg etter overføring av respektive: 2.319 tonn hyse, og 1.159 tonn raudspette til EU.

Kvoteavtalen for 2003 reflekterer den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Partane har difor vedteke ein kraftig reduksjon i blandingsfisket etter torsk, hyse og kviting. Situasjonen for sei- og sildebestandane har teke seg opp, og kvotene er difor auka betydeleg frå 2002. Det er vidare sett ein bifangstkvote på 54.000 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2003. Kvoten for raudspette er litt redusert frå 2002. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 2003 sett til 484.615 tonn mot 568.165 tonn i 2002. Av totalkvoten for 2003 kan 62.458 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 111.349 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N og i internasjonalt farvatn og 310.808 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtalen med EU på 151.744 tonn.

Tabell 3.2 : Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2003 (tonn):

FiskeslagKvote til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål5.00050.0001
Tobis35.000131.000
Kolmule120.00020.000
Blålange300
Lange9.500
Brosme5.000
Kombinert kvote600
Pigghå200
Håbrann100
Reker100900
Hestmakrell1.600
Andre artar5.00011.000

1 Frå 2002 kan EU maksimalt ta 19.000 tonn kolmule som bifangst i dette fisket.

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Avtalen for 2003 inneber ein reduksjon av kvoten på blålange med 200 tonn frå 2002. Dei andre norske kvotane på fellesbestandane er på same nivå som i 2002. EU sine kvotar i norsk sone på fellesbestandane er ikkje endra frå 2002.

Tabell 3.3 : EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62°N i 2002 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk16.355
Norsk arktisk hyse2.200
Sei3.600
Uer500
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

EU sine kvotar torsk og hyse nord for 62°N for 2003 er litt auka frå 2002, medan uerkvoten er redusert med 1000 tonn frå i fjor. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen har EU, sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I tråd med brevveksling av 2. mai 1992 pliktar Noreg å gje EU ein uerkvote på permanent basis, som er eit tilleggskvantum i høve til den uerkvoten EU vart tildelt som følgje av Spania og Portugal si tiltreding. Dette kvantumet er i 2003 på 500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70°N.

Tabell 3.4 : Noreg er i 2003 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)15.000
Blåkveite (EU-sona)950
Reker (Grønlands sone)2.500
Blåkveite (Grønlands sone)1.600
Uer (Grønlands sone)3.575
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)1.000
Lodde (Grønlands sone)6.700

Den norske brislingkvoten er redusert frå 35.000 tonn til 15.000 tonn, blåkveitekvoten i Grønlands sone redusert med 375 tonn, uerkvoten auka med 2.575 tonn, medan dei resterande kvotane er uendra frå 2002 til 2003.

3.2.3 Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2003 vart inngått i Tórshavn 16. januar 2003. Etter avtalen er Færøyane tildelt kvotar i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62°N har Færøyane i 2003 høve til å fiske 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 400 tonn hyse, 450 tonn sei og 50 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2021, er torskekvoten på same nivå, medan kvoten på sei, hysekvoten og kvoten på andre artar har hatt ei auke. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1.475 tonn makrell nord om 62°N. Kvoten er 255 tonn lågare enn kvoten i 2002. Avtalen opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57°30'N.

Færøyane kan fiske inntil 500 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Denne kvoten er på same nivå som i 2002. Loddekvoten for 2002 vart sett til 4.000 tonn. Dette er ei reduksjon på 2.000 tonn frå kvoten i 2002.

I avtalen for 2003 har Færøyane høve til å fiske inntil 9.700 tonn makrell i NØS nord om 57°30'N av den nasjonale færøyske kvoten avtala i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone. I 2003 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 200 tonn hyse og 280 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Færøyane kan også overføre eit kvantum på 5.000 tonn lodde tildelt av Russland for fiske i NØS nord om 62°N i 2003. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS, skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62°N på 50 tonn tildelt av Noreg og 280 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.

I Noreg si økonomiske sone sør om 62°N er Færøyane tildelt 8.000 tonn augepål, 3.000 tonn tobis, 8.000 tonn kolmule, 500 tonn brisling og 280 tonn andre arter. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei og sild. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.400 tonn sei og 700 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 1.000 tonn hestmakrell. Kvotane av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62°N. Hestmakrellkvoten er auka med 600 tonn i forhold til kvoten i 2002, medan sildekvoten er redusert med 500 tonn i forhold til kvoten i 2002. Kolmulekvoten er auka med 2.000 tonn, medan kvoten på tobis vart redusert med 2.000 tonn i forhold til avtalen for 2002. Dei andre kvotane er tilsvarande kvotane i 2002.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 100 tonn kolmule, og 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. Begge kvotane er tilsvarande kvotane i 2002. Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 818 tonn norsk arktisk torsk og inntil 197 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyane si økonomiske sone er Noreg i 2003 tildelt ein kvote på 2.200 tonn lange/blålange, 1.800 tonn brosme, 400 tonn sei og 822 tonn andre artar. Botnfiskkvoten vart splitta opp i 2003 som fjølge av at Noreg splitta opp det færøyske industrifisket. Kvoten av andre artar skal berre fiskast som bifangst. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare bestemt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2003.

I Færøyane si økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 36.200 tonn kolmule som er ein auke på 1.200 tonn. Noreg er også tildelt 6.100 tonn makrell, ei reduksjon på 500 tonn. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske og drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er for 2003 fastsett til 230 tonn som er ein reduksjon på 20 tonn frå 2002.

Med referanse til møtet i NEAFC i London 15. november 2002 om ein trepartsavtale om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane, var partane samde om at alt fiske etter Nordaust-Atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla «referanse-TAC»).

3.2.4 Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reke, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 10. desember 2002 kan grønlandske fiskarar i 2003 ta følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62°N: 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 330 tonn norsk arktisk hyse, 950 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Nytt i protokollen for 2003 er at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Nord om 62°N er kvotane på same nivå som i 2002. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også her er det nytt i 2003 er at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen pliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62°N: 1.000 tonn sei. Grønland har, i motsetnad til 2002, ikkje høve til eit direktefiske etter torsk og hyse. Det vert nytta eit bifangstregime lik det arrangement EU og Norge har blitt samde om, men avgrensa til 100 tonn.

Noreg har følgjande kvanta i Grønland si sone i 2003:

Ved Vest-Grønland: 600 tonn blåkveite. Kvoten er den same som i 2002. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2003, kan trålfiske finne stad sør for 64°30'N eller nord om 68°N med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Nytt i 2003 er at Noreg må meddela innan utgangen av januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske sør for 68°N.

Ved Aust-Grønland: 525 tonn blåkveite, 300 tonn uer fisket med pelagisk trål, 100 tonn uer fisket med bunntrål og 393 tonn kveite. Kvotane er dei same som i 2002.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 600 tonn torsk. Også denne lik kvoten i 2002.

I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Det var semje om at partane i 2003 skal inngå ein avtale om kontrollsamarbeid.

3.2.5 Noreg - Island

Gjennom den trilaterale avtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtala»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtala» er gitt ei omtale i St meld nr 49 (1998 - 1999)). Den bilaterale avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den bilaterale avtalen kan Island i 2003 fiske 3.660 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62°N. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Island si økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2003 er loddekvoten sett til 13.980 tonn.

3.2.6 Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat kjem i stand på grunnlag av trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastsetjer totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 20. desember 2002 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2003.

Tabell 3.5 : Følgjande kvotar gjeld for 2003 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk3.9001273.773
Hyse3.1501333.017
Kviting1.500271.473
Raudspette13.28026613.014
Reker10.1504.7305.420
Sild80.00010.67069.330
Brisling50.0003.75046.250

Totalkvoten for torsk er redusert med 3.200 tonn, for kviting med 500 tonn, medan totalkvoten for hyse er halvert i forhold til kvoten i 2002. Kvoten for raudspette har gått opp med 6.880 tonn, medan kvotane for reker, sild og brisling er uendra samanlikna med 2002.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2003.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidligare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak er dei siste åra vesentleg redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 21.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2003.

Avtalar om einsidige fangstkvotar

3.2.7 Noreg - EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 2001 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 20. desember 2002.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 2003:

I NØS sør for 62°N: 426 tonn torsk, 789 tonn hyse, 982 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 140 tonn reker, 910 tonn sild, 260 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane for torsk, sild og makrell er auka frå 2002, medan kvotane for hyse og sei er reduserte. Dei øvrige kvotane er ført vidare frå 2002.

3.2.8 Noreg - Polen

Tildelingane til Polen har dei siste åra omfatta ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og fram til 2002 eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noreg si økonomiske sone nord om 62°N. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Dei polske kvotane er gradvis blitt reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen.

Kvoteavtalen med Polen vart skriven under i Gdynia 5. februar 2003. På grunn av den dårlege tilstanden til kolmulebestanden fekk Polen heller ikkje kolmulekvotar nord for 62°N og i fiskerisonen rundt Jan Mayen i 2003. Polske fiskarar kan etter avtalen ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 2003:

I NØS sør om 62°N: 825 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 750 tonn utgjere sei og maksimum 75 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting. Denne kvoten er på same nivå som i 2002. Polakkane vil bli underlagde dei same bifangstbestemmelsar for torsk som norske fiskarar.

Avtalen inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen pliktar også ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsette for bestanden.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekning av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 2003 fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.225 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 395.000 tonn. Dette er på same nivå som i 2002.

Tildelinga til Polen i fiskevernsonen ved Svalbard går utanom kvoteavtalen og fisket blir regulert etter ei årleg norsk forskrift om regulering av torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard.

Partane inngjekk dessutan ein ny avtale om gjensidig satellittovervaking for fartøy over 24 meter. Avtalen inneber at Noreg ikkje vidareførar overgangsordninga med at polske fartøy kan sende manuelle posisjonsmeldingar når dei er i farvatn under norsk fiskerijurisdiksjon.

Polen blir medlem av EU frå 1. mai 2004. Som ein konsekvens av dette, tek Noreg sikte på å avvikle fiskeriavtalen med Polen.

3.3 Fleirsidig fiskerisamarbeid

3.3.1 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Det er ikkje kome i stand ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2003.

Partane har vore samla fleire gonger for å nå fram til ei eining. Noreg har i forhandlingane om ein avtale for 2003 lagt fram eit krav om 70 % av TAC. Noreg grunngir kravet sitt ut i frå prinsippet om sonetilhøyring, samt at Noreg fekk urimelig lav del av TAC då den fyrste fempartsavtalen blei inngått i 1997.

Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive bilaterale avtalar for 2003 med EU, Færøyane og Russland. Avtalen med EU inneber at dei overfører 1.8 % av sin opprnnelege kvote på 8.38 % til Noreg mot at dei får full tilgang til NØS. Liknande avtale er inngått med Færøyane mot at dei overfører 1,2 % av sin opprinnelege kvote på 5,46 %. Desse avtalane er ad hoc avtalar som ikkje vil legge føringar for forhandlingane om ein ny avtale for 2004.

EU kan såleis fiske 48.493 tonn sild (heile kvoten) i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Noreg kan fiske 48.493 tonn sild i EU-farvatn nord om 62°N.

Færøyane kan fiske inntil 29.523 tonn sild (heile kvoten) i NØS nord om 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Etter avtalen kan norske fiskarar fiske 29.523 tonn sild i færøysk sone i 2003.

Russland kan fiske 96.702 tonn sild i NØS nord om 62°N og i fiskerisona rundt Jan Mayen.

3.3.2 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda vil ha verknad frå 1. mai 2003.

3.3.3 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - saman med Russland som spesielt invitert part, arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden.

Desse partane er samde om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ei separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Partane er såleis samde om at for å få til ei NEAFC-regulering av kolmulefisket i internasjonalt farvatn, må ein først etablere eit kyststatsregime. Sidan Russland er ein viktig aktør i kolmulefisket i internasjonalt farvatn er Russland spesielt invitert til å delta i desse forhandlingane, sjølv om Russland ikkje er tildelt status som kyststat.

Kyststatane hadde sitt første møte i Brussel 9.-10. februar 2000, og ein har førebels hatt ti slike forhandlingar, utan å kome til ei endeleg løysing.

3.3.4 Regulering av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget blei vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei to partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttført 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren i 2000. Partane inngjekk tilsvarande avtalar for 2001 og 2002. For 2003 underteikna partane 15. november 2002 ei felles forståing av kva dei skal tilrå sine respektive myndigheiter å leggje til grunn for forvaltninga av makrell i 2003. Avtalen går ut på at partane skal forvalte sitt fiskeri på grunnlag av proporsjonalitet mellom fangstavgrensninga på 586.500 tonn i 2002 og 500.000 tonn i 2003. Fordelinga mellom Noreg og EU er gjenstand for bilaterale forhandlingar. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2003 (sjå punkt 3.2.2).

På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 56.610 tonn. Av denne kvoten vart det sett av 32.405 tonn til Russland, 20.805 til kyststatane og 400 til til tredjeland. Island har sett fram ein formell reservasjon. Den formelle reservasjonen frå Island si side, er ein protest på at Island ikkje har fått aksept for sitt krav om å bli godkjent som kyststat til makrellen. Noreg, EU og Færøyane har gjennom ei seinare brevveksling blitt einige om ei fordeling av kvota til kyststatane med 10.967 tonn til Noreg og EU og 9.839 til Færøyane.

3.4 Regionale forvaltningsorganisasjonar

3.4.1 NAFO

Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastsetjer kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området, utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området fasett NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.

Figur 3.2 viser NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde

Noreg har kvoterettar i NAFO sitt reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap). Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det sett forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert med innsatsavgrensningar (tal på fartøy og fiskedøgn). Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket.

NAFO sin vitskapskomité gav i 1998 for fyrste gong ei kvotetilråding for rekefisket ved Flemish Cap. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn i rekefisket ved Flemish Cap har sidan vore drøfta fleire gonger, men utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Spørsmålet om ei kvoteregulering av reke i 3M er for tida difor ikkje tema i organisasjonen. På årsmøtet vedtok partane same regulering som i 2002, slik at norske fartøy samanlagt kan fiske i 1.985 fiskedøgn også i 2003. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Det er sett ein totalkvote på 6.000 tonn reker i 3 L også i 2003. Kvoten er fordelt med 5.000 tonn til Canada og 1.000 tonn til dei resterande NAFO-medlemane. Noreg har ein kvote i 3L på 67 tonn i 2002.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Dette problemet blei løyst for 2001 og 2002 gjennom at NAFO etablerte reguleringar tilsvarande NEAFC si regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn (ICES statistikkområder XII og XIV). For 2003 har NAFO satt ein eigen kvote på 7.500 tonn uer for dei NAFO-medlemmane som ikkje er medlemmar av NEAFC, mens NEAFC-medlemmane kan fiske inntil 25.000 tonn av NEAFC-kvoten i NAFO-området. Dette inneber at den norske uerkvoten for 2003, som i 2001 og 2002, er ein totalkvote for begge områdene, og at kvotar teke i eit område skal reknast mot kvotar teke i det andre området. (Sjå pkt. 3.4.2).

Frå 1. januar 2001 vart det innført 100 % satelittovervaking og 100 % observatørdekning i fisket i NAFOs reguleringsområde. På grunn av dei høge kostnadene er det no satt i gang ein prosess for å vurdere om observatørdekninga kan reduserast i enkelte av fiskeria i reguleringsområdet.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.ca

3.4.2 NEAFC

Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen, NEAFC, sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 viser NEAFC sitt konvensjonsområde.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde

NEAFC gjorde i 1996 første gongen vedtak om eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Det er sett ein totalkvote for uerfisket i 2003 på 119.000 tonn. 1 Dette er ei auking av kvoten i 2002 med 24.000 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 4.261 tonn uer i Irmingerhavet i 2003.

Grunna forhandlingssituasjonen for norsk vårgytande sild (sjå punkt 3.3.1) har NEAFC ikkje gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2003.

På NEAFC sitt årsmøte i 2000 vedtok partane for fyrste gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området vart fastsett til 66.400 tonn makrell i 2002. For 2003 vart denne kvoten redusert til 56.610 tonn. Island har også reservert seg mot denne reguleringa (sjå punkt 3.3.4).

For 2000 og 2001 vart det fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn, men utan at denne vart fordelt mellom medlemslanda. På årsmøtet til NEAFC hausten 2001 vart det fleirtal for å utsetje spørsmålet om totalkvote og eventuell fordeling av kolmulebestanden til eit ekstraordinært årsmøte i april 2002. Partane vart imidlertid ikkje einige om fordelingsspørsmålet på dette møtet, og heller ikkje på årsmøtet i 2002. (sjå punkt 3.3.3).

NEAFC har innleidd ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor kyststatane sine jurisdiksjonsområde, og har i den samanheng sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere forslag til reguleringar for desse bestandane. Partane vart einige om å innføre midlertidige forvaltningstiltak og fastsette ein timeplan for innføringa av permanente forvaltningstiltak på årsmøtet hausten 2002.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

3.4.3 IWC, NAMMCO OG CITES

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei bærekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøter og andre møter om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. For 2003 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 711 dyr. Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurderinga av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Den norske kvoten er basert på desse prosedyrane.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

Den nord-atlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, skal ta avgjerder om sjøpattedyrbestandar i det nord-atlantiske området og arbeidet konsentrerer seg om småkval og sel. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. NAMMCOs Vitskapskomité driv forskning på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren, blant anna vert det arbeidd med å utvikle fleirbestandsmodellar som er viktig for å oppnå ei økosystembasert forvaltning.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som enten er trua av utrydding eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1983 vart vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding. Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel, ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette vart for tredje gong søkt oppnådd på CITES sin partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. Etter ei samla vurdering vart det frå norsk side i januar 2001 likevel gjort vedtak om å åpne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår. Noreg starta å eksportere vågekval til Island i 2002 og til Færøyane i 2003. På partsmøtet i CITES i 2002 vart det frå norsk side ikkje fremja nytt forslag om nedlisting.

Meir informasjon finst på CITES sine heimesider: http://www.cites.org/

3.4.4 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis, CCAMLR, vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemane. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane delte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket. Det er for tida ingen norske fartøy som fiskar i området.

Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter.

Noreg tok del på CCAMLR sitt årsmøte i 2002. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege (innafor dei økonomiske sonene) og uregulerte (på det opne hav innafor konvensjonsområdet) fisket etter Patagonisk tannfisk. Dette problemet synes ikkje å minke. Fisket blir gjennomført både av fartøy som fører flagg til CCAMLR-medlema og fartøy under framandflagg. Det har i den seinare tid også vore rapportert om nye deltakarar i det ulovlege og uregulerte fisket i området. Blant anna er det avdekka at ei rekke fartøy er bygd eller kontrahert nettopp med sikte på å delta i dette fisket. CCAMLR har i løpet av dei siste åra skipa ei rekke tiltak for å motverke denne aktiviteten, men problemet med det uregulerte fisket er ikkje løyst.

På årsmøtet i 2002 vart det semje om å byggje ut systemet med «svartelisting». Dette er eit initiativ som Noreg tok for to år sida, kor ein vann fram med ein resolusjon som oppfordrar medlemar av CCAMLR til ikkje å flagge eller lisensiere fartøy frå statar som ikkje er medlemar av CCAMLR og som har delteke i IUU-fiske. Det var semje om å utvide bruksområdet til å inkludere medlemar av CCAMLR, samstundes som resolusjonen blei gjort om til bindande reguleringar.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at Patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fiska i samsvar med CCAMLR sitt regelverk eller teke utanfor CCAMLR-området. Det bør gjennomførast ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Det er skipa eit eige fond i CCAMLR der medlemslanda kan overføre verdien av fangstar som vert konfiskert i samband med handheving av systemet.

Meir informasjon finst på CCAMLR sine heimesider: http://www.ccamlr.org/

3.4.5 ICCAT

ICCAT (Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) blei etablert i 1969. Den primære funksjon for denne organisasjonen er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. ICCAT sitt kompetanseområde omfattar ca 30 artar, og av desse er makrellstørje av særleg interesse for Noreg.

Noreg er i dag ikkje medlem av ICCAT, men har sidan 1998 hatt status som observatør. Bakgrunnen for den norske interessa er at det igjen er aktuelt med fiske etter makrellstørje i norske farvatn. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Det er no teikn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn.

ICCAT var lenge dominert av interessene til «fjernfiske-statane», og opererte inntil nyleg med eit kriterium for kvotetildeling som var basert på historisk fiske, og som ikkje tok omsyn til kyststatane sine rettar (e.g. prinsippet om sonetilhøyring). På årsmøtet i 2001 blei det vedteke nye kriteria for kvotetildeling. Dei nye kriteria for tildeling av kvotar tek no omsyn til kyststatane sine interesser slik Noreg har definert dei. Noreg vil dermed kunne vise til dette grunnlaget i ein framtidig debatt om kvotefordeling.

Noreg deltok som observatør på årsmøtet i 2003 og signaliserte då at vi vil bli medlem av ICCAT, under føresetnad av Stortinget si godkjenning. Regjeringa vil fremje ei Stortingsproposisjon om samtykke til inngåing av avtalen i løpet av hausten 2003. Ved ratifisering av konvensjonen vert Noreg offisielt medlem av ICCAT.

Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2003 er sett til 32 000 tonn for kvart av åra 2003, 2004, 2005 og 2006. Island har fått ein kvote på 30 tonn, som gradvis skal aukast til 60 tonn i 2006.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.es/

3.4.6 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området.

Noreg ratifiserte konvensjonen 20. april 2003. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St.Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA. SEAFO-konvensjonen vil tre i kraft 60 dagar etter at den er ratifisert av tre statar, dersom minst ein av disse er ein kyststat. Det er enno berre Namibia og Noreg som har ratifisert konvensjonen.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhenger av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar og Noreg deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Vidare vil Noregs bi- og multilaterale bistandsengasjement i regionen kunne styrkast gjennom deltaking i SEAFO.

Fotnoter

1.

Dette inkluderer ein eigen kvote på 7.500 tonn uer til NAFO. Sjå pkt. 3.4.1.

Til forsiden