St.meld. nr. 5 (2000-2001)

Kredittmeldinga 1999

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 1999.

I kapittel 1 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 1999, mens kapittel 2 handlar om nokre spørsmål i tilknyting til finansmarknaden. I kapittel 2 er det mellom anna ein omtale av konkurransesituasjonen i marknaden for kommunale tenestepensjonsordningar. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 1999. Kapittel 5 omtalar verksemda til Kredittilsynet i 1999. Vidare er det ein omtale av verksemda til Noregs Bank (kapittel 4), Statens Banksikringsfond (kapittel 6) og Statens Bankinvesteringsfond (kapittel 7) i 1999. Omtalen av verksemda til desse institusjonane er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondslova § 8 og bankinvesteringsfondslova § 6. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 8 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 1999.

Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Utviklinga på finansmarknaden

Etter at enkelte bankar opplevde klart svekte resultat i 1998 som følgje av tap på utlån og kursfall på verdipapir, var resultata merkbart betre i 1999. Auka rente hausten 1998 la grunnlaget for ein oppgang i rentemarginen året etter. Sjølv om denne tendensen var avtakande gjennom 1999, forklarar høgre rentemargin noko av dei gode resultata for bankane.

I same retning trekkjer òg oppgangen i aksjemarknadene. Bankane samla hadde svært låge tap i 1999, trass i lågare vekst i økonomien. Enkelte bankar bokførte likevel relativt høge tap i 1999.

Oslo Børs hadde ei kursutvikling i 1999 som følgde det same mønsteret som dei internasjonale børsane, og stigninga gjennom året var på 45 prosent. Dette har i stor grad påverka resultata i forsikringsselskapa, som plasserer ein aukande del av sin forvalta kapital i verdipapirmarknadene.

Tabell 1.1 gir eit oversyn over strukturutviklinga, og viser utviklinga i talet på institusjonar innanfor ulike delar av finansnæringa i Noreg i perioden 1960 - 1999. Som det går fram av tabellen, er talet på finansinstitusjonar redusert markant sidan 1960-talet. For skadeforsikringsselskapa kjem reduksjonen mellom anna av at fleire lokale brannkasser har blitt ein del av Gjensidige Skadeforsikring, og at ordninga med generalagentur blei oppheva slik at utanlandske skadeforsikringsselskap blei omdanna til filialar. Når det gjeld reduksjonen i talet på sparebankar, kjem det hovudsakleg av samanslåingar mellom sparebankar, og talet på forretningsbankar er redusert dels på grunn av samanslåingar, dels på grunn av oppkjøp. Samanslåingar og oppkjøp har òg vore med på å redusere talet på finansieringsselskap. Analysekapitlet i Kredittilsynet si årsmelding 1999 gir ei nærare oversikt over strukturutviklinga.

Tabell 1.1 Talet på finansinstitusjonar etter type i perioden 1960-1999

1960 1965 1970 1975 1980 1985 1990 1995 1999
Sparebankar 597 540 493 390 322 198 142 133 131
Forretningsbankar 68 50 40 28 24 27 23 16 13
Skadeforsikring1 155 148 125 121 116 116 115 111 88
Livsforsikring2 14 13 11 12 12 12 11 9 9
Finansieringsselskap - - - - 68 67 71 44 35
Kredittføretak - - - 17 15 15 14 11 9
Private og kommunale pensjonskasser og -fond - - - - 642 503 427 300 242
Verdipapirfond - - - - - - - 204 298

1 Skadeforsikring er medrekna sjøtrygdelag, lokale brannkasser og kredittforsikring.

2 Tala for livsforsikring er eksklusive selskapa som driv livsforsikring med investeringsval.

Kjelde: SSB, Kredittilsynet og Verdipapirfondenes Forening

1.2.1 Bank

Forretningsbankane hadde samla i 1999 eit resultat av ordinær drift før skatt på 6,9 milliardar kroner. Dette er 2,5 milliardar kroner, eller 57 prosent, betre enn året før. Sparebankane hadde samla i 1999 eit resultat av ordinær drift før skatt på 7,1 milliardar kroner. Sparebankane betra samla resultat av ordinær drift før skatt med 2,4 milliardar kroner, eller 50 prosent, i høve til 1998. Tek ein omsyn til Sparebanken NOR si overtaking av Gjensidige Bank og fusjonen mellom Den norske Bank og Postbanken, utvikla nettorenta seg stabilt for forretningsbankane i 1999, mens sparebankane opplevde eit vidare fall, målt mot gjennomsnittleg forvalta kapital. Sparebankane oppnår likevel framleis ei høgre nettorente enn forretningsbankane, og dei små og mellomstore bankane hadde også i 1999 ei høgre nettorente enn dei store.

Mens dei tre største forretningsbankane oppnådde ei nettorente på 1,99 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, var nettorenta til dei andre forretningsbankane 1,85 prosent i høve til same forholdstal. På sparebanksida hadde den største banken ei nettorente på 2,24 prosent, dei 4 mellomstore 2,94 prosent og dei 25 neste i storleik ein rentenetto på 3,24 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital. Forretnings- og sparebankane reduserte kostnadene i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital med høvesvis 0,03 og 0,1 prosentpoeng det siste året.

Auka kursvinstar på verdipapir og valuta er ei viktig forklaring på dei betra bankresultata i 1999. For forretningsbankane auka desse inntektene med 0,15 prosentpoeng, til 0,35 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, mens sparebankane auka kursinntektene siste året frå 0 prosent i 1998 til 0,24 prosent ved utgangen av 1999, i høve til same forholdstal. Målt i kroner auka kursvinstane for spare- og forretningsbankane med høvesvis 1,1 og 2,0 milliardar kroner. Dei auka kursvinstane kjem dels av sterk oppgang på børsane, og dels av nye verdsetjingsprinsipp i rekneskapsreglane.

Ei anna viktig forklaring på betringa i resultata for forretningsbankane er reduksjonen i tap på 0,24 prosentpoeng, målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital. Tala for 1998 var i stor grad påverka av tap i Den norske Bank (DnB). Bokførte tap for forretningsbankane var i 1999 på 269 millionar kroner. Sparebankane hadde samla høgre tap enn forretningsbankane i 1999, og i 1999 auka tapa for sparebankane med 33 prosent til 1 milliard kroner. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital steig tapa med 0,02 prosentpoeng til 0,22 prosent, men for enkelte av dei mellomstore sparebankane var tapa klart høgre.

Både spare- og forretningsbankane opplevde ein svak auke i netto misleghaldne engasjement i 1999. Netto misleghaldne lån som del av brutto utlån var framleis på eit relativt lågt nivå for begge grupper av bankar.

Avkastninga på eigenkapitalen, målt ved resultat av ordinær drift før skatt og ekstraordinære postar som del av gjennomsnittleg eigenkapital, var for dei tre største forretningsbankane 17,9 prosent i 1999, mot 11,6 prosent i 1998 og 17,7 prosent i 1997. For dei andre forretningsbankane var eigenkapitalavkastninga 16,4 prosent samanlikna med 13,9 prosent i 1998 og 13,6 prosent i 1997. For sparebankane samla var eigenkapitalavkastninga på 21,4 prosent, mot 16,4 prosent i 1998 og 16,8 prosent i 1997.

Etter ein mindre nedgang i utlånsveksten i 1998 auka veksten igjen i 1999. Årsveksten i utlån var 13 prosent for forretningsbankane (7 prosent korrigert for overføring av utlånsporteføljar), mens sparebankane auka utlåna med 17 prosent (12 prosent korrigert for overføring av utlånsporteføljar).

Tabellane 1.2 til 1.5 viser utviklinga i resultat- og balansepostane for forretnings- og sparebankane for åra 1997 til 1999.

Tabell 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar (morbank utanom utanlandske filialar i Noreg og utanom Postbanken i 1997 og 1998)1

1997 1998 1999
Nettorente 2,08 2,01 1,96
Andre inntekter 0,95 0,86 1,14
av dette kursvinstar/-tap verdipapir 0,29 0,20 0,35
Andre kostnader 2,06 1,92 1,89
Resultat av ordinær drift før tap 0,98 0,94 1,21
Tap på utlån og garantiar -0,07 0,29 0,05
Resultat av ordinær drift etter tap 1,06 0,68 1,17

1 Tala for 1999 er påverka av at Sparebanken NOR overtok Gjensidige Bank, og at DnB overtok Postbanken. Tala for 1999 er òg påverka av ny rekneskapslov.

Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar1

1997 1998 1999
Nettorente 2,97 2,90 2,84
Andre inntekter 1,02 0,64 0,98
av dette kursvinstar/-tap verdipapir 0,14 0,00 0,24
Andre kostnader 2,62 2,19 2,09
Resultat av ordinær drift før tap 1,37 1,36 1,73
Tap på utlån og garantiar 0,08 0,20 0,22
Resultat av ordinær drift etter tap 1,29 1,24 1,60

1 Tala for 1999 er påverka av ny rekneskapslov.

Kjelde: Bankstatistikken

Tabell 1.4 Balansepostar for forretningsbankar (morbank utanom utanlandske filialar i Noreg og utanom Postbanken i 1997 og 1998). Milliardar kroner ved utgangen av året1

1997 Vekst i pst. 1998 Vekst i pst. 1999 Vekst i pst.
Utlån til kundar (brutto) 408 19 422 3 478 13
Innskot frå kundar 249 2 265 6 340 28
Forvaltningskapital 526 15 570 8 658 15

1 Tala for 1999 er påverka av at Sparebanken NOR overtok Gjensidige Bank, at DnB overtok Postbanken, og at overføringar av bustadlån frå Norgeskreditt til Kreditkassen.

Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.5 Balansepostar for sparebankar. Milliardar kroner ved utgangen av året

1997 Vekst i pst. 1998 Vekst i pst. 1999 Vekst i pst.
Utlån til kundar (brutto) 313 14 345 9 404 17
Innskot frå kundar 233 3 249 7 288 16
Forvaltningskapital 362 13 403 11 488 21

Kjelde: Bankstatistikken

Gjennomsnittleg kjernekapitaldekning for forretningsbankane var ved utgangen av 1999 på 8,0 prosent, ein auke på 0,12 prosentpoeng siste år. For sparebankane er det berekna ei gjennomsnittleg kjernekapitaldekning på 11,2 prosent ved utgangen av 1999, som er ein reduksjon på 0,5 prosentpoeng på eitt år. Kjernekapitaldekninga blei redusert for 74 av dei 130 sparebankane. Kapitaldekninga for sparebankane samla må likevel karakteriserast som god framleis.

Alle forretnings- og sparebankane oppfylte ved utgangen av 1999 lovkravet til kapitaldekning på 8 prosent. Alle sparebankane oppfylte kapitaldekningskravet med kjernekapital.

Sju forretningsbankar rapporterte ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent, og var såleis avhengige av tilleggskapital for å oppfylle minstekrava til soliditet i lova. Det er i hovudsak ansvarleg lånekapital som utgjer tilleggskapitalen.

1.2.2 Forsikringsselskap

Skadeforsikringsselskapa hadde i 1999 eit resultat av ordinær verksemd på 3 939 millionar kroner, som svarar til 17,8 prosent av opptent premie for eiga rekning. Dette er ei betring på 2 123 millionar kroner i høve til året før. Betringa i resultat av ordinær verksemd kjem av høge finansinntekter som følgje av kursoppgang i verdipapirmarknaden. Om ein for samanlikning korrigerer tala for 1998 i tråd med ny rekneskapslov, som blei innført ved starten av 1999, ville resultat av ordinær verksemd i 1998 vore på 344 millionar kroner - dvs. 3 595 millionar kroner svakare enn i 1999.

Teknisk resultat (resultat før finansinntekter) blei særleg svakt i 1999 med eit underskot på 1 941 millionar kroner, mot eit overskot på 1 105 millionar kroner i 1998. Mens svak kursutvikling i verdipapirmarknadene var forklaringa på dei svake resultata i 1998, er sterk kursutvikling grunnen til at selskapa har hatt ei klar betring i resultat av ordinær verksemd i 1999. Resultata for 1998 og 1999 syner at skadeselskapa er avhengige av god kursutvikling i verdipapirmarknadene for at dei skal oppnå gode resultat samla sett.

Skadeforsikringsmarknaden blir dominert av dei tre største skadeforsikringskonserna; Storebrand Skadekonsern (no del av if...), Gjensidige Forsikringsgruppe og Vesta Skadekonsern. Desse tre konserna stod for 81,3 prosent av samla opptent brutto premie i 1999. Dei tre konserna fekk eit resultat av teknisk rekneskap på minus 1 899 millionar kroner samanlikna med eit positivt resultat på 325 millionar kroner i 1998. Dette gav dei tre skadeforsikringskonserna eit resultat av ordinær verksemd på 1 984 millionar kroner, tilsvarande 10,6 prosent av opptent premie, mot eit underskot på 575 millionar kroner svarande til -3,3 prosent av opptent premie i 1998.

Tabell 1.6 viser dei viktigaste resultatpostane for dei tre største skadekonserna samla.

Kredittilsynet finn framleis utviklinga for yrkesskadeforsikringar urovekkjande. I 1999 har selskapa gjort ei større oppjustering av erstatningsanslaga for denne bransjen for dei fleste årgangar. Trass i dei tiltaka som er gjennomførte for å få justert opp premiane, er nivået framleis for lågt ifølgje Kredittilsynet, jf. mellom anna omtale i kapittel 1 punkt 1.2.2 i Kredittmeldinga 1998.

Tabell 1.6 Resultatpostar for dei tre skadekonserna samla. Milliardar kroner og i prosent av opptent premie for eiga rekning (f.e.r)1

1998 1999
Mrd. kr. Mrd. kr. Pst.
Opptent premie f.e.r 17,3 18,6 8,1
Pådregne skadar f.e.r 13,9 16,9 22,1
Driftskostnader f.e.r 4,9 5,6 14,6
Teknisk resultat -1,9 0,3 -
Netto finansinntekter 5,8 1,0 -
Resultat av ordinær verksemd 2,0 -0,6 -

1 For samanlikning er tala for 1998 korrigerte i tråd med ny rekneskapslov.

Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Den samla forvaltningskapitalen i dei tre skadekonserna var 42,3 milliardar kroner ved utgangen av 1999. Dette er 13,3 prosent lågare enn i 1998. Konserna har auka sine kortsiktige plasseringar i aksjar og fondsdelar det siste året, og slike plasseringar utgjorde samla 20,4 prosent av forvaltningskapitalen i 1999.

Alle skade- og kredittforsikringsselskapa oppfylte ved utgangen av 1999 lovkravet til kapitaldekning på 8 prosent.

Det verdijusterte resultatet til livselskapa for 1999 var 33,1 milliardar kroner, som svarar til 9,9 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Det verdijusterte resultatet i 1998 var -3,4 milliardar kroner eller -1,1 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital. Det er den sterke utviklinga i verdipapirmarknadene som forklarar dei styrkte resultata i 1999. Kursreguleringsfondet i livselskapa, som er forskjellen mellom marknadspris og kjøpspris på verdipapira, utgjorde 27 milliardar kroner ved utgangen av 1999. På same tid i 1998 var dette fondet 5,5 milliardar kroner. Det bokførte resultatet for 1999 var 11,5 milliardar kroner, som er 3,4 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, mot 3,5 milliardar kroner og 1,2 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital i 1998. Tabell 1.7 syner dei viktigaste resultatpostane i livselskapa i 1998 og 1999.

Tabell 1.7 Resultatpostar i livsforsikring. Milliardar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital

1998 1999
Mrd. kr. Pst. Mrd. kr. Pst.
Premieinntekter 30,3 10,1 27,4 8,2
Inntekter frå finansielle eigedelar 36,9 12,3 64,7 19,3
Erstatningar 23,9 8,0 22,2 6,6
Endringar i forsikringsavsetningar 17,6 5,3 17,4 5,8
Forsikringsrelaterte kostnader og adm. kostnader 2,5 0,8 2,5 0,9
Overskot før fordeling og skatt 3,5 1,2 11,5 3,4
Verdijustert resultat før fordeling og skatt -3,4 -1,1 33,1 9,9

Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Ved utgangen av 1999 hadde livselskapa ein samla forvalta kapital på 361 milliardar kroner mot 310 milliardar kroner tolv månader tidlegare. Aksjar i balansen til selskapa har hatt ein klar auke dei seinare åra. Aksjar utgjorde 33 prosent av den forvalta kapitalen ved utgangen av 1999, mot 23,5 prosent i 1998 og 20 prosent ved utgangen av 1997. Utanlandsdelen av aksjebehaldninga til selskapa auka i perioden frå 45 prosent i 1997, til 61 prosent i 1998 og til 64 prosent i 1999.

Store behaldningar med aksjar og obligasjonar gjer livselskapa sårbare for fall i verdipapirmarknadene. Tilleggsavsetnader og kursreguleringsfond er dei viktigaste bufferane mot denne marknadsrisikoen. Soliditeten til livselskapa var god ved utgangen av 1999. Alle livselskapa hadde då ei kapitaldekning som var høgre enn minstekravet på 8 prosent. Departementet vil understreke at kvart einskilt livselskap sjølv må avpasse sine plasseringar, både i aksjar og i andre verdipapir, til den soliditeten livselskapet har.

Selskapa som tilbyr livsforsikring med investeringsval, fekk eit underskot på 17 millionar kroner i 1999. Premieinntektene var 3,1 milliardar kroner, og forvaltningskapitalen ved utgangen av 1999 var 6,0 milliardar kroner. Aksjar og aksjefond utgjorde 76 prosent av forvalta kapital mot 56 prosent ved utgangen av 1998. Det er i all hovudsak forsikringskundane som sit med risikoen knytt til aksjeinvesteringane i desse selskapa.

Det er i 1999 avvikla 12 private pensjonsfond, slik at talet på private pensjonsfond under tilsyn er nede i 84 ved utgangen av 1999. Pensjonsfonda blei etablerte under anna lovgiving og andre samfunnstilhøve, og kan i dei fleste tilfelle bli avvikla mest formålstenleg ved at midlane og forpliktingane til fondet blir overførte til eit livselskap.

1.2.3 Finansieringsføretak

Finansieringsselskapa betra resultatet av ordinær drift føre skatt med 133 millionar kroner til 1 060 millionar kroner frå 1998 til 1999. Resultatet er 2,5 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital. Dette er ein reduksjon på 0,09 prosentpoeng målt mot same forholdstal siste år.

Nettorenta auka med 0,38 prosentpoeng til 4,8 prosent i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital. Finansieringselskapa auka sine brutto utlån til kundar med 30,1 prosent i 1998. Hovudforklaringa på den sterke veksten er overføring av utlån frå Gjensidige Bank til Gjensidige NOR Finans. Om ein korrigerer for denne overføringa, er veksten på 11,4 prosent. Finansieringsselskapa sin del av total innanlandsk kreditt til publikum (K2) auka frå 3,8 prosent ved utgangen av 1998 til 4,5 prosent ved utgangen av 1999.

Kredittføretaka betra resultatet av ordinær drift før skatt frå 595 millionar kroner i 1998 til 1 057 millionar kroner i 1999. Hovudforklaringa til betringa var auke i nettorenta med 382 millionar kroner, og kursvinstar på verdipapir og valuta med 52 millionar kroner. I 1998 var det eit kurstap på 59 millionar kroner. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital auka resultatet av ordinær drift før skatt med 0,27 prosentpoeng til 0,70 prosent. Brutto utlån til kundar blei redusert med 0,6 prosent dei siste tolv månadene. Årsaka er at Norgeskreditt overførte sine bustadlån til Kreditkassen. Om ein korrigerer for denne overføringa, ville tolvmånadersveksten i utlån til kundar vore 4,6 prosent.

Ved utgangen av 1999 hadde finansieringsselskapa ei kjernekapitaldekning på 11,0 prosent mot 12,0 prosent i 1998. Alle selskapa oppfylte minstekravet til kapitaldekning på 8 prosent. Tre selskap hadde ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent ved utgangen av 1998.

Kredittføretaka hadde ei kjernekapitaldekning på 13,4 prosent ved utgangen av 1999, ein auke på 0,5 prosentpoeng målt mot utgangen av 1998. Eitt føretak oppfylte ikkje kapitaldekningskravet med kjernekapital. Alle kredittføretaka oppfylte minstekravet til kapitaldekning.

1.2.4 Verdipapirhandel

Omsetninga på Oslo Børs var 445 milliardar kroner i 1999. Det er ein vekst på 38 prosent samanlikna med 1998. Marknadsverdien av aksjane hadde ein verdiauke på om lag 45 prosent i 1999. Vidare var det ein sterk vekst i inntektene til verdipapirføretaka i 1999. Samla driftsinntekter utgjorde 6 milliardar kroner. Dette er 46 prosent meir enn året før. Emisjonane hadde ein verdi på om lag 14,4 milliardar kroner i 1999. Dette er ein auke på i overkant av 26 prosent samanlikna med 1998.

Verdipapirføretak som ikkje er bank, hadde ein auke i driftsinntektene på 1,3 milliardar kroner eller om lag 60 prosent. I verdipapirføretak i bank steig inntektene med 595 millionar kroner, som svarar til ein vekst på 30 prosent. Emisjonar og rådgiving var i stor grad med på å auke inntektene til verdipapirføretaka. Inntekt frå denne verksemda auka med 52 prosent frå 1998, noko som svarar til ein oppgang på 463 millionar kroner.

Forvalta kapital i norske verdipapirfond var 121 milliardar kroner ved utgangen av året. Det er ein vekst på 37 milliardar kroner samanlikna med 1998, eller på om lag 43,5 prosent. Netto nyteikning var 8,8 milliardar kroner i 1999 mot 2,5 milliardar kroner i 1998. Internasjonale fond hadde sterkast auke i 1999 målt i prosent. Totalt steig forvalta kapital i desse fonda med 115 prosent, 13,1 milliardar kroner, i forhold til 1998. Målt i kroner var det AMS-fond som voks mest i 1999 med 14,9 milliardar kroner, svarande til ein vekst på 53,5 prosent.

Ved utgangen av 1999 var det om lag 2 millionar deleigarar i norske verdipapirfond. Til samanlikning var det 1,7 millionar deleigarar året før. Dei siste åra har det vore ein klar tendens til at hushald og føretak investerer i verdipapirfond framfor tradisjonelle spareformer, som til dømes bank.

Det siste året har det vore ei merkbar nyetablering av reine Internett-meklarar. Etablerte meklarføretak har òg auka satsinga på Internett.

Til forsida av dokumentet