St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2000.

I kapittel 1 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 2000, mens kapittel 2 handlar om nokre spørsmål i tilknyting til finansmarknaden. I kapittel 2 er det mellom anna omtale av bakgrunnen for at Finansdepartementet vil setje i gang eit lovarbeid med sikte på å endre finanslovgivninga slik at det blir høve til å danne om sparebankar til aksjeselskap. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet har behandla på finansmarknadsområdet i 2000. Kapittel 5 omtalar verksemda til Kredittilsynet i 2000. Vidare er det ein omtale av verksemda til Noregs Bank (kapittel 4), Statens Banksikringsfond (kapittel 6) og Statens Bankinvesteringsfond (kapittel 7) i 2000. Omtalen av verksemda til desse institusjonane er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondslova § 8 og bankinvesteringsfondslova § 6. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 8 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2000, og kapittel 9 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Sjølv om meldinga gjeld for år 2000, er omtalen på nokre punkt utvida til også å ta med utviklinga i 2001. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet for år 2000 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Utviklinga på finansmarknaden

Både sparebankane og forretningsbankane kunne vise til gode resultat for 2000. Dei spesielt gode resultata sparebankane fekk, har samanheng med sal av Fellesdata. Salet auka resultata med om lag 1,8 milliardar kroner. Resultata er ellers prega av at det framleis er press på rentemarginar, men at auka inntekter frå anna verksemd enn tradisjonelt innskot og utlån til ei viss grad kompenserer fallet i netto renteinntekter. Samstundes var kostnadsnivået lågare for begge bankgrupper. Bankane har bokført låge tap på utlån, noko som har medverka til gode resultat. Sjølv om samla tap framleis var på et lågt nivå, var det enkelte bankar som hadde relativt høge tap i 2000.

Negativ utvikling i verdipapirmarknaden førte til svake resultat for forsikringsselskapa i 2000. Gjennom året blei soliditeten til livsforsikringsselskapa markert svakare. Verdijustert resultat blei negativt, medan rekneskapsresultatet til selskapa var på nivå med fjoråret som følgje av auka realisasjon av aksjar. For skadeforsikringsselskapa var framleis erstatningskostnadene høge i høve til premieinntektene, samstundes som lågare finansinntekter medverka til eit svakt resultat av ordinær verksemd.

Tabell 1.1 viser utviklinga i talet på institusjonar i ulike delar av finansnæringa i Noreg i perioden 1960-2000. Talet på finansinstitusjonar er redusert monaleg sidan 1960-talet. For skadeforsikringsselskapa kjem reduksjonen mellom anna av at fleire lokale brannkasser har blitt del av Gjensidige Skadeforsikring, og at ordninga med generalagentur blei oppheva, og at utanlandskåtte skadeforsikringsselskap blei omdanna til filialar. Reduksjonen i talet på sparebankar kjem hovudsakleg av samanslåingar. Talet på forretningsbankar er redusert, dels som følgje av samanslåingar og dels som følgje av oppkjøp. Samanslåingar og oppkjøp har òg vore med på å redusere talet på finansieringsselskap. Analysekapitlet i årsmeldinga for 2000 frå Kredittilsynet gir eit nærare oversyn over strukturutviklinga i den norske finansmarknaden.

Tabell 1.1 Talet på finansinstitusjonar etter type i perioden 1960-20001

196019651970197519801985199019952000
Sparebankar597540493390322198142133130
Forretningsbankar685040282427231613
Skadeforsikringsselskap15514812512111611611511152
Livsforsikringsselskap1413111212121199
Finansieringsselskap----6867714435
Kredittføretak---171515141111
Private og kommunale
pensjonskasser og -fond----642503427300240
Verdipapirfond-------204338

1 Filialar av utanlandske selskap er ikkje medrekna

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet

1.2.1 Bank

Forretningsbankane hadde i 2000 eit samla resultat av ordinær drift før skatt på nær 7,9 milliardar kroner. Dette var 0,8 milliardar meir enn året før. Sparebankane hadde eit resultat før skatt på 8,9 milliardar kroner, som var 1,7 milliardar kroner meir enn året før. Salet av Fellesdata auka inntektene i 2000, og medverka til det gode resultatet for sparebankane.

Press på rentemarginane har redusert netto renteinntekter i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital både for forretningsbankane og sparebankane, men den kvartalsvise utviklinga i netto renteinntekter viste betring mot slutten av året. Målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital hadde dei tre største forretningsbankane ei nettorente på 1,96 prosent, medan resten av forretningsbankane hadde ei nettorente på 1,80 prosent. Sparebankane har framleis ei høgre nettorente enn forretningsbankane målt i høve til forvalta kapital. Dei små og mellomstore bankane har eit høgre nivå enn dei store bankane. Den største sparebanken hadde ei nettorente på 2,30 prosent, dei nest største hadde 2,66 prosent, medan dei mellomstore og mindre sparebankane hadde ei nettorente på 2,95 prosent.

Forretningsbankane auka andre inntekter (utanom kursgevinstar på verdipapir) med 22 prosent samanlikna med 1999. Gode kursgevinstar på aksjar var ei viktig forklaring på dei gode bankresultata i 1999, men som følgje av den negative utviklinga på aksjemarknaden i 2000 blei inntekter frå aksjar redusert monaleg i 2000. Betring i inntektene frå valuta og derivat førte likevel til at inntektene frå verdipapirverksemda i 2000 var på line med 1999. For sparebankane blei andre inntekter reduserte, i hovudsak som følgje av lågare utbyttebetalingar. For sparebankane medverka den negative utviklinga i verdipapirmarknaden til at samla netto kursgevinstar frå verdipapir og valuta blei halverte i høve til 1999.

Både forretningsbankane og sparebankane har senka kostnadsnivået samanlikna med 1999. For forretningsbankane blei kostnadene reduserte frå 2,02 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 1999 til 1,91 prosent i 2000. Kostnadene til sparebankane gjekk ned 0,17 prosentpoeng i same periode, og utgjorde 1,92 prosent av forvalta kapital i 2000.

Bankane har i ein lang periode bokført låge tap på utlån. Dette har medverka til gode resultat. Dette gjeld òg i 2000, sjølv om einskilde bankar har auka tap på utlån i høve til 1999. Samla tap på utlån utgjorde 0,13 prosent av forvalta kapital i forretningsbankane. Dette var ein auke på 0,07 prosentpoeng i høve til 1999. Nivået på tap i høve til utlån var noko høgre for sparebankane med 0,23 prosent, det same nivået som i 1999. Det var ein nedgang i talet på misleghaldne lån i forretningsbankane, medan sparebankane hadde ein auke i talet på misleghaldne lån i 2000. Auken i misleghaldne lån var størst i dei minste bankane.

Avkastinga, som er resultat av ordinær drift før skatt og ekstraordinære postar målt som del av gjennomsnittleg eigenkapital, auka til 14,4 prosent i 2000 frå 14,0 prosent i 1999 og 10,1 prosent i 1998 for dei tre største forretningsbankane. For dei resterande forretningsbankane fall eigenkapitalavkastinga til 10,1 prosent, etter å ha auka frå 9,9 prosent i 1998 til 14,8 prosent i 1999. Sparebankane hadde ei eigenkapitalavkasting på 17,5 prosent i 2000 mot 15,4 prosent året før. Dei største sparebankane har ei høgre avkastning på eigenkapital enn dei mindre bankane.

Tabell 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankane

1998199912000
Netto renteinntekter2,012,031,93
Andre inntekter0,861,151,22
- Av dette kursgevinstar/tap på verdipapir og valuta0,200,340,32
Andre kostnader1,922,021,91
Resultat før tap0,941,151,25
Tap på utlån og garantiar0,290,060,13
Resultat av ordinær drift før skatt0,681,111,12

1 Tala for 1999 er påverka av at Sparebanken NOR tok over Gjensidige Bank, og at DnB tok over Postbanken. Tala for 1999 er òg påverka av ny rekneskapslov

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital for sparebankane

199819992000
Netto renteinntekter2,902,842,68
Andre inntekter0,640,970,68
- Av dette kursgevinstar/-tap på verdipapir og valuta0,000,240,08
Andre kostnader2,192,091,92
Resultat før tap1,361,711,44
Tap på utlån og garantiar0,200,230,23
Resultat av ordinær drift før skatt1,241,601,69

Kjelde: Kjelde: Rekneskapsstatistikk/Noregs Bank

Forretningsbankane hadde ein årsvekst i utlån på 10,6 prosent i 2000. Utlånsveksten var ved utgangen av året 13,8 prosent korrigert for overføring av utlånsporteføljar. Ved utgangen av tredje kvartal var veksten 13,0 prosent (13,4 prosent korrigert for overføring av utlånsporteføljar) slik at veksten i utlån blei noko redusert mot slutten av året. Veksten minka òg for sparebankane, som hadde ein årsvekst i utlån på 14,4 prosent (12,5 prosent korrigert for overføring av utlånsporteføljar) ved utgangen av 2000. Dette var ein nedgang frå 15,1 prosent ved utgangen av tredje kvartal (14,7 prosent korrigert).

Tabell 1.4 Balansepostar for forretningsbankar (morbank utanom utanlandske filialar i Noreg) i milliardar kroner og i vekst i prosent frå året før

1998Vekst i pst.1999Vekst i pst.2000Vekst i pst.
Utlån til kundar (brutto)140024778 (12)52711 (14)
Innskot frå kundar254634093657
Forvalta kapital5499655672911

1 Vekst i parentes er korrigert for overføringar av utlånsporteføljar

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.5 Balansepostar for sparebankar

1998Vekst i pst.1999Vekst i pst.12000Vekst i pst.
Utlån til kundar (brutto)345940419 (14)46214 (13)
Innskot frå kundar24972881632112
Forvalta kapital403114882155915

1 Vekst i parentes er korrigert for overføringar av utlånsporteføljar

Kjelde: Kjelde: Rekneskapsstatistikk/Noregs Bank

Sterk vekst i utlån førte til at kjernekapitaldekninga både for forretningsbankane og sparebankane blei svekt samanlikna med utgangen av 1999. Fleire forretningsbankar henta inn ny kapital til dømes gjennom emisjonar, slik at fallet i kjernekapitaldekninga for forretningsbankane berre var 0,1 prosentpoeng siste år. Gjennomsnittleg kjernekapitaldekning for forretningsbankane var ved utgangen av 2000 på 7,8 prosent. Sparebankane hadde ei gjennomsnittleg kjernekapitaldekning på 10,9 prosent ved utgangen av 2000. Dette var ein reduksjon på 0,3 prosentpoeng samanlikna med 1999.

Med unntak av ein sparebank oppfylte alle forretningsbankane og sparebankane lovkravet til kapitaldekning på 8 prosent ved utgangen av 2000. Sju forretningsbankar og tre sparebankar rapporterte ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent, og var såleis avhengige av tilleggskapital for å oppfylle minstekrava til soliditet i lova. Det er i hovudsak ansvarleg lånekapital som utgjer tilleggskapitalen.

1.2.2 Forsikringsselskap

Skadeforsikringsselskapa hadde i 2000 eit resultat av ordinær verksemd på 357 millionar kroner, som svarar til 2,4 prosent av premieinntekter for eiga rekning. Samanlikna med utgangen av 1999 blei resultatet svekt med 3,1 milliardar kroner. Det svake resultatet i høve til året før kjem av lågare finansinntekter som følgje av nedgang i kursane i verdipapirmarknaden.

Det tekniske resultatet (resultat før finansinntekter) var 474 millionar kroner og var ei klar betring i høve til underskotet i 1999 på 1 092 millionar kroner. Resultatet blei påverka positivt av at nedgangen i samla tryggingsavsetnader i 2000 førte til ei inntekt på 248 millionar kroner, medan ein auke i avsetnadene på 618 millionar kroner blei ført som kostnad i 1999. Dette gir ein positiv effekt på resultatet på 867 millionar kroner i høve til 1999. Hovuddelen av desse utslaga kjem frå to captiveselskap.

Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa If Skadeforsikring NUF, Gjensidige NOR Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og Sparebank1 Skadeforsikring. If Skadeforsikring, tidlegare Storebrand Skadeforsikring, opererer i dag som filial i Noreg, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, hadde eit teknisk resultat for 2000 på minus 397 millionar kroner, mot minus 1 514 millionar kroner for 1999. Resultatet av ordinær verksemd var derimot svakare enn for 1999, minus 488 millionar kroner mot eit overskot på 1 510 millionar kroner. Tabell 1.6 syner dei viktigaste resultatpostane for dei tre skadekonserna i 1999 og 2000.

Den samla forvalta kapitalen i dei tre største skadeforsikringsselskapa var ved utgangen av 2000 på 37,6 milliardar kroner. Dette er 2,3 prosent høgre enn ved utgangen av 1999. Plasseringar i kortsiktige aksjar og fondsdelar utgjorde 18 prosent av samla forvalta kapital. Samla forvalta kapital i skadeselskapa, inkludert dei utanlandske filialane, var 81,2 milliardar kroner. Filialar av utanlandske selskap utgjer ein stor del av den norske skademarknaden, etter at marknadsdelen til Storebrand blir ført vidare av If Skadeforsikring. Den samla forvalta kapitalen til dei utanlandske filialane var 20 milliardar kroner ved utgangen av 2000.

Alle skade- og kredittforsikringsselskapa fylte ved utgangen av 2000 det lovfesta kravet om kapitaldekning på 8 prosent.

Det verdijusterte resultatet i livselskapa for 2000 var minus 6,7 milliardar kroner, ein nedgang frå 32,6 milliardar kroner i 1999. Den markante reduksjonen kjem i stor grad av den negative utviklinga i både norske og utanlandske aksjemarknader i år 2000. Underskotet for 2000 svarar til 1,8 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. I 1999 hadde livselskapa eit overskot på 32,6 milliardar kroner, eller 9,8 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Som for skadeselskapa var resultatet påverka av nedgangen i verdipapirmarknaden. Kursreguleringsfondet i livselskapa, som er den positive skilnaden mellom prisen i marknaden og kjøpspris på verdipapira, gjekk ned frå 27,1 til 7,9 milliardar kroner frå utgangen av 1999 til utgangen av 2000. Det bokførte resultatet for 2000 var 12,5 milliardar kroner, som svarar til 3,4 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i selskapa, mot 11,4 milliardar kroner og 3,4 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 1999. Tabell 1.7 syner dei viktigaste resultatpostane i livselskapa i 1999 og 2000.

Ved utgangen av 2000 hadde livselskapa ein samla forvalta kapital på 368 milliardar kroner, mot 361 milliardar kroner ved utgangen av 1999. Medan aksjar i balansen til selskapa har hatt ein klar auke dei seinare åra, var det ein nedgang frå 31,6 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 1999 til 30 prosent ved utgangen av 2000. Utanlandsdelen av aksjebehaldninga til selskapa auka i same periode frå 64 til 69 prosent.

Store behaldningar av aksjar og obligasjonar gjer livselskapa sårbare for store fall i verdipapirmarknadane. Tilleggsavsetnader og kursreguleringsfond er dei viktigaste bufferane mot denne marknadsrisikoen. Alle selskapa hadde ved utgangen av år 2000 ei kapitaldekning som var høgre enn minstekravet på 8 prosent. Bufferkapitalen er påverka i negativ retning av nedgangen i verdipapirmarknaden i år 2000, som har redusert kursreguleringsfondet. Bufferkapitalen var 26,6 milliardar kroner ved utgangen av år 2000, mot 45,4 milliardar eitt år tidlegare. I første kvartal 2001 har det vore ein ytterlegare nedgang i verdipapirmarknaden, og bufferkapitalen fall til 18,1 milliardar kroner. Resultatet var minus 1,1 milliardar kroner (minus 8,2 milliardar justert) for første kvartal 2001.

KLP tilfredsstilte minstekravet til kapitaldekninga ved utgangen av første kvartal 2001, mellom anna ved å bruke ei reassuranseavtale, som medførte at kapitaldekninga blei 7,4 prosent. I tillegg blei reglane for utrekning av ansvarleg kapital endra 14. mai 2001 med tilbakeverkande kraft. På det viset fekk KLP ei kapitaldekning på 11,0 prosent.

Selskapa som tilbyr livsforsikring med investeringsval, fekk eit underskot på 9 millionar kroner i 2000, mot eit underskot på 15 millionar kronar eitt år før. Premieinntektene var 5,2 milliardar kroner, og forvalta kapital var 10,3 milliardar kroner ved utgangen av 2000. Det er ein auke på 4,3 milliardar kroner frå utgangen av 1999. Aksjar og aksjefond utgjorde 75 prosent av forvalta kapital i selskapa, om lag det same som ved utgangen av 1999. Det er i all hovudsak forsikringskundane som sit med risikoen knytt til aksjeinvesteringane i desse selskapa.

Tabell 1.6 Resultatpostar for dei tre skadekonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

19992000
Mill.kr.Mill.kr.Pst.
Premieinntekter f.e.r.12 55012 899
Pådregne skadar f.e.r.11 19911 48189,0
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r.3 8083 40826,4
Teknisk resultat-1 514-397-3,1
Netto finansinntekter4 3821 61312,5
Resultat av ordinær verksemd1 510-488-3,8

Tabell 1.7 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

19992000
Mill.kr.Pst.Mill.kr.Pst.
Premieinntekter26 3327,929 8628,2
Inntekter frå finansielle eigedelar63 85719,263 78017,5
Erstatningar21 6206,527 0767,4
Endringar i forsikringsavsetningar17 6895,320 5105,6
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.kostnader2 3570,72 4890,7
Overskot før fordeling og skatt11 4443,412 4813,4
Verdijustert resultat før fordeling og skatt32 6469,8-6 704-1,8

1.2.3 Finansieringsføretak

Frå 1999 til 2000 betra finansieringsselskapa resultatet av ordinær drift før skatt med 117 millionar kroner til 1 102 millionar kroner. Målt i høve til forvalta kapital var resultatet svekt med 0,41 prosentpoeng til 2,13 prosent. Auken i andre inntekter og lågare kostnader har ikkje klart å kompensere nedgangen i netto renteinntekter. Auke i pengemarknadsrenta og auka konkurranse har medverka til lågare rentemargin for finansieringsselskapa. Netto renteinntekter, målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, blei redusert med 0,78 prosentpoeng samanlikna med 1999, trass i ein auke mot slutten av året. Tap på utlån var lågare enn i 1999 som følgje av auke i tilbakeføringar av tidlegare tap i eit selskap. Eit finansieringsselskap hadde negativt resultat av ordinær drift som følgje av omfattande tap på utlån i 2000.

Finansieringsselskapa hadde ein årsvekst i utlån på 9,8 prosent ved utgangen av 2000, mot 12,0 prosent ved utgangen av tredje kvartal.

Ved utgangen av 2000 hadde finansieringsselskapa ei samla kjernekapitaldekning på 9,9 prosent. Dette var ein nedgang på 1,1 prosentpoeng samanlikna med 1999. Alle selskapa oppfylte minstekravet til kapitaldekning på 8 prosent. Tre selskap dekte ikkje kravet til kapitaldekning med kjernekapital.

Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær drift på 1 091 millionar kroner i 2000. Samanlikna med 1999 blei resultatet svekt med 0,05 prosentpoeng og utgjorde 0,65 prosent av forvalta kapital. Det var nedgang i netto renteinntekter og lågare verdipapirvinstar som medverka til dårlegare resultat for 2000. Netto renteinntekter blei redusert med 0,05 prosentpoeng samanlikna med 1999, sjølv om netto renteinntekter auka mot slutten av året. Netto kursgevinstar på verdipapir blei redusert med 17 millionar kroner i same periode. Det var ein auke i tilbakeføringar av tap på utlån frå 1999 til 2000 som medverka positivt til resultatet.

Kredittføretaka auka utlåna til kundar med 9,5 prosent i 2000. Ved utgangen av tredje kvartal var årsveksten i utlån 5,7 prosent. Kommunalbanken blei omgjord frå statleg låneinstitutt til kredittføretak i november 1999, og Fokus Kreditt blei etablert i 2000. Medrekna utlåna til desse føretaka var årsveksten i utlån over 14 prosent i 2000.

Gjennomsnittleg kjernekapitaldekning for kredittføretaka var 13,0 prosent ved utgangen av 2000, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng samanlikna med året før. Eitt føretak oppfylte ikkje kapitaldekningskravet med kjernekapital. Alle føretaka oppfylte minstekravet til kapitaldekning ved utgangen av 2000.

1.2.4 Verdipapirhandel

Omsetninga på Oslo Børs var 609 milliardar kroner i 2000. Dette var ein vekst på 37 prosent samanlikna med 1999. Marknadsverdien av eigenkapitalinstrumenta som var noterte ved Oslo Børs, var ved utgangen av 2000 på 638 milliardar kroner, ein verdiauke på om lag 9 prosent frå 1999. Emisjonar knytte til børsnoterte selskap var uvanleg høg i 2000. I 2000 blei det emitert aksjar for 43,5 milliardar kroner. Av disse var om lag 16 milliardar kroner knytte til emisjonen i Telenor i slutten av 2000. Dersom denne emisjonen trekkes frå, blei det tilført om lag 27,5 milliardar kroner til dei børsnoterte selskapa. Dette er nesten dobbelt så mykje som året før og er eit monaleg høgare nivå enn tidligare år.

Samla driftsinntekter for verdipapirføretaka i 2000 utgjorde 8,2 milliardar kroner. Dette er 37 prosent meir enn året før. Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemda auka med 867 millionar kroner frå 1,3 milliardar kroner til 2,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på 64 prosent samanlikna med 1999. Inntekter knytte til emisjons- og rådgivingsverksemd utgjorde 27 prosent av dei totale driftsinntektene i 2000, medan kurtasjehandel utgjorde 25 prosent. Samansetjinga av inntektsbiletet varierte likevel sterkt frå føretak til føretak. I verdipapirføretak i bank var driftsinntektene 608 millionar kroner høgre i 2000 enn i 1999. Dette svarar til ein vekst på 24 prosent.

Forvaltningskapitalen i norske verdipapirfond var 145 milliardar kroner ved utgangen av året. Det er ein vekst på 24 milliardar kroner samanlikna med 1999, eller på om lag 20 prosent. Auken kan i stor grad forklarast med vekst i netto nyteikning av fondsdelar. Netto nyteikning var 21 milliardar kroner i 2000, mot 8,8 milliardar kroner i 1999. Internasjonale fond hadde størst prosentvis vekst i forvaltningskapitalen både i 2000 og 1999, med ein vekst på høvesvis 51,8 og 115,5 prosent. Ved utgangen av 2000 var det om lag 2,3 millionar deleigarar i norske verdipapirfond. Til samanlikning var det 2 millionar deleigarar året før.

Til forsida