St.prp. nr. 1 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 — Utgiftskapitla: 200-288 og 2410 Inntektskapitla: 3200-3288, 5310 og 5617

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Mål, utfordringar og ambisjonar i utdannings- og forskingspolitikken

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere blant dei fremste nasjonane i verda innanfor ny teknologi, kompetanse og kunnskap. Eit utdannings- og forskingssystem av høg kvalitet er ein grunnleggjande føresetnad for å nå dette målet og sikre framtidig vekst og velferd i Noreg. Å nytte og vidareutvikle kunnskap og kompetanse blir stadig meir sentralt for verdiskapinga. Samstundes legg kunnskap og kompetanse grunnlaget for sosial og personleg utvikling hos den einskilde og støttar opp om grunnleggjande verdiar som samfunnet vårt er tufta på.

Utdanningssystemet vårt har som overordna mål å gi alle barn og unge opplæring av høg kvalitet, uavhengig av kjønn, bustad, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og foreldreøkonomi. Lik rett til utdanning er eit kjernepunkt i velferdssamfunnet, og er ein viktig reiskap for å gjere den einskilde i stand til å forme si eiga framtid. Utdanningssystemet må derfor gjere det mogleg for alle å realisere sine evner og talent. Dette gjeld vaksne så vel som barn og unge. Læring er ein livslang prosess, og utdanningstilbod og læringsformer må vere tilpassa behova som kvar og ein har.

Regjeringa vil utforme ein politikk som tek omsyn til at vi lever i ei tid med teknologiske, sosiale og kulturelle endringar, og at samfunnet vårt i aukande grad er orientert mot verda rundt oss. Regjeringa legg vekt på at skole og opplæring skal ta vare på kristne og humanistiske verdiar og fremme menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Utdanninga spelar ei viktig rolle i utviklinga av det fleirkulturelle samfunnet i Noreg. Utdanningsinstitusjonane må også vere gode arenaer for personleg forming og mogning. Regjeringa går inn for å styrkje verdiformidlinga og verdimedvitet i skolen.

Utdanningssystemet er vorte bygd ut og utvikla gjennom fleire generasjonar. På mange område er det oppnådd gode resultat, særleg når det gjeld tilgang til utdanning og utdanningsnivå i befolkninga. Den delen av folket som tek utdanning ut over grunnskolen, har stige i dei siste 30 åra. Samstundes har det skjedd ei utjamning mellom by og land og mellom gutar og jenter. Undersøkingar viser likevel at om lag ein femtedel av elevane som går ut av grunnskolen, ikkje har tileigna seg grunnleggjande kunnskap og dugleik. Det er relativt sett mykje uro og dårleg disiplin på ungdomssteget i den norske skolen. Fleire undersøkingar tyder på at omfanget av problemåtferd i grunnskolen aukar. Regjeringa meiner derfor at grunnopplæringa bør betrast på fleire område. Dei sentrale utfordringane er knytte til:

  • middels gode faglege prestasjonar i gjennomsnitt

  • store skilnader mellom dei faglege resultata til sterke og svake elevar

  • for dårleg samsvar mellom ressursbruk og resultat

  • lite handlingsrom på lokalt nivå

  • uklare ansvarsforhold og liten tradisjon for leiing

  • for dårleg utvikla brukarmedverknad

Regjeringa vil at Noreg skal bli ein leiande kunnskapsnasjon, og vil setje fokus på betre kvalitet og auka fleksibilitet i utdanningssystemet. For å nå måla om høgre kvalitet er det viktig å byggje opp under kunnskapen, engasjementet, kreativiteten og initiativa som finst i norsk utdanning. Menneska som arbeider i utdanning og forsking, utgjer sjølve grunnfjellet i desse sektorane. Regjeringa vil derfor utvikle nasjonale system og insentiv som fremmar den menneskelege kunnskapen og kreativiteten heller enn å hindre dei. Regjeringa vil arbeide for å auke handlingsrommet og fridommen til aktørane i utdanningssystemet. Med meir fridom følgjer også større ansvar. Utdanningsinstitusjonane har eit ansvar for å sikre solid fagleg kunnskap og kompetanse slik at dei norske elevane og studentane får eit godt læringsutbytte, også samanlikna med andre land.

Regjeringa har valt utdanning, med særleg vekt på grunnopplæringa, som eit av dei mest sentrale områda for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Arbeidet med modernisering omfattar ei rekkje tiltak og prosessar som skal styrkje kvaliteten på tenestetilboda, gi større fridom lokalt, betre ressursutnyttinga og styrkje brukarmedverknad og sikre interessene til brukarane. Regjeringa har allereie sett i gang ei modernisering av høgre utdanning. Kvalitetsreforma for høgre utdanning er ein viktig del av moderniseringa av offentleg sektor, og er no i ein gjennomføringsfase. Universitet og høgskolar har fått auka fridom i organisatoriske, faglege og økonomiske spørsmål. Dette og ei meir resultatbasert finansiering skal styrkje kvaliteten på utdanninga og medverke til meir effektiv bruk av ressursane.

Forsking er med på å gi større innsikt i naturtilhøve, oss sjølve og samfunnet, og er ein føresetnad for utvikling av ny teknologi, velferd, demokrati og kulturell forståing. Den norske ressursinnsatsen til forsking og utvikling ligg framleis lågt samanlikna med andre OECD-land. Relativt sett blir det nytta mindre ressursar på grunnforsking i Noreg, og norske verksemder bruker samla sett ein mindre del av midlane sine på forsking og innovasjon enn det tilfellet er i dei fleste andre europeiske land. Det er behov for meir kunnskapsoverføring og betre samspel mellom aktørane i forskingssystemet.

Regjeringa vil auke ressursinnsatsen til forsking og utvikling ytterlegare og vil arbeide for eit meir velfungerande og framtidsretta forskingssystem. Fleire miljø driv forsking på høgt internasjonalt nivå, men samla sett er kvaliteten i norsk forsking låg samanlikna med andre europeiske land. Hovudutfordringar for norsk forsking er knytte til:

  • samla sett låg ressursinnsats

  • få norske forskingsmiljø i internasjonal toppklasse

For å møte utfordringane innanfor forsking vil Regjeringa både satse på tiltak for å heve kvaliteten og auke ressursinnsatsen. Regjeringa går også inn for store endringar i dagens forskingsrådssystem innanfor ein struktur med eitt forskingsråd, og vil leggje tilhøva til rette for at universitet og høgskolar kan engasjere seg sterkare i arbeidet med å utnytte forskingsresultata økonomisk.

Kunnskapen om stoda i Noreg samenlikna med andre land er viktig ved utforming av den nasjonale politikken. Gjennom deltaking i internasjonale program vil ein kunne medverke til å nå nasjonale mål. Departementet vil både i utdanning og forsking satse på aktiv deltaking i internasjonale fora som OECD, EU-samarbeid, UNESCO og Nordisk Ministerråd. Noreg vil delta i undersøkingar og evalueringar, òg på område som gjeld internasjonal mobilitet. I dette ligg også profilering av norsk utdanning og forsking internasjonalt.

1.2 Kvalitetsutvikling i utdanning og forsking

Forandringar i samfunnet endrar etterspurnaden etter kunnskap og kompetanse og skjerper dei faglege og etiske krava til kvart individ og til arbeidsstyrken som heilskap. Krava til relevant kompetanse og fagleg nivå blir stadig redefinerte. I ein slik situasjon blir det viktig å styrkje ein kjerne av basiskompetanse og kunnskapar som støttar opp om grunnleggjande verdiar. God basiskompetanse legg grunnlaget for livslang læring hos den einskilde. Samstundes må vi sikre at institusjonane innanfor høgre utdanning og forsking held eit høgt internasjonalt nivå.

Kvalitetsutvikling i skole og utdanning inneber eit tydelegare fokus på kva som er relevant kunnskap og kompetanse for den einskilde, men handlar også om nye metodar og teknologi for kunnskaps- og kompetansetileigning og ei meir systematisk tilnærming til resultatvurderingar og evalueringar på ulike nivå.

Internasjonale samanlikningar viser at vi ikkje oppnår meir enn middels gode resultat i ulike målingar av kunnskap og kompetanse i skolen. Særleg er det urovekkjande at det er stor spreiing mellom resultata til dei svakaste og dei sterkaste elevane i norsk skole. I dag er arbeidet med kvalitetsutvikling i skole og opplæring i for stor grad prega av uklare mål og lite systematisert kunnskap på nasjonalt nivå. Etablering av nasjonale vurderingssystem vil vere ein føresetnad for å kunne seie noko om kvalitet i utdanninga, både mellom lærestader og skoleeigarar og over tid. Det er derfor ei viktig satsing for Regjeringa å skape eit betre vurderingssystem.

Det regjeringsoppnemnde utvalet for kvalitet i grunnopplæringa (Kvalitetsutvalet) har i delinnstillinga «Førsteklasses fra første klasse» lagt fram fleire forslag om korleis ein kan betre kvaliteten i skole og opplæring. Delinnstillinga har vore på høring og departementet vil sjå forslaga i samanheng med andre forslag om modernisering av grunnopplæringa.

For å få meir informasjon om kvaliteten vil Regjeringa arbeide for å gi foreldre, lærarar, skoleleiing, skoleeigarar og sentrale styresmakter betre innsyn i tilhøvet i norsk skole og opplæring. Informasjon om læringsutbyttet til elevane i brei forstand vil gi kunnskap som vil danne grunnlag for forbetringar.

For å heve kvaliteten i skolen vil Regjeringa også arbeide for å styrkje den faglege opplæringa og forbetre læringsmiljøet. Regjeringa vil styrkje den faglege opplæringa i grunnskolen i basisfaga lesing, skriving og matematikk. Dette skal skje dels gjennom auka timetal i begynnaropplæringa frå og med hausten 2002, dels gjennom omlegging av lærarutdanninga og etter-/vidareutdanning for lærarar, meir relevant bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og gjennom andre tiltak. Sjå nærare omtale under kategoriane 07.20 Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og 07.60 Høgre utdanning.

Departementet har utarbeidd ein strategi for styrking av realfaga i heile utdanningsløpet. Som eit ledd i dette arbeidet er det oppretta eit nasjonalt senter for matematikk i opplæringa, lagd til Noregs teknisk-naturvitskapleg universitet (NTNU). Senteret skal leie og koordinere utviklinga av nye og betre arbeidsmåtar og læringsformer i matematikkopplæringa.

For å betre læringsmiljøet ønskjer Regjeringa tiltak i skolen mot omfattande uro og alvorleg problemåtferd som mobbing, rasisme, seksuell trakassering, hærverk og rus. Læringssenteret har utarbeidd ein plan for å fremme lærings- og oppvekstmiljøet til elevane. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering som mellom anna skal sikre at skoleverket gir alle like vilkår og høve til aktivt å motverke rasisme og diskriminering. Vidare har departementet sett i gang fleire tiltak for å utvikle sosial kompetanse og redusere problemåtferd i opplæringa, sjå nærare omtale under kategori 07.20.

For å møte nye kompetansekrav må elevar og studentar meistre IKT og ha tilgang til digitale informasjonskjelder. IKT opnar for nye og meir fleksible læringsformer i utdanninga. Departementet har sett i gang ei rekkje tiltak for å styrkje IKT i utdanninga, sjå nærare omtale under kategoriane 07.20, 07.40 og 07.60.

Kvalitetsreforma for høgre utdanning skal på fleire måtar leggje til rette for ei kvalitetsutvikling ved universitet og høgskolar. Reforma skal gi nye studietilbod i tråd med ein internasjonal gradsstruktur og gi tettare oppfølging av studentane, meir gruppeundervisning og nye vurderingsformer. Regjeringa legg i St.meld. nr. 35 (2001-2002) om rekruttering til undervisnings- og forskerstillingar i universitets- og høgskolesektoren opp til å opprette 1 600 nye doktorgradsstillingar innan 2007. Ved tildeling av nye doktorgradsstipendiatstillingar skal resultata til institusjonane bli lagt til grunn. Samstundes skal forskingsopptrappinga medverke til å betre arbeidsvilkåra for kvar forskar, sjå nærare omtale under kategori 07.60.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) blir ein sentral instans for å sikre høg kvalitet på utdanningane ved universitet og høgskolar. Organet vil vere i arbeid frå 1. januar 2003, og få vesentleg mynde i akkrediterings- og godkjenningsspørsmål. I arbeidet med ny lov om fagskoleutdanning vil Regjeringa leggje opp til at NOKUT også skal godkjenne nye fagskoleutdanningar.

Norske forskarar publiserer mindre og blir sjeldnare siterte enn forskarar frå dei andre nordiske landa. Men norsk forsking har òg miljø som hevdar seg internasjonalt, mellom anna innanfor EUs rammeprogram for forsking. Ordninga med senter for framifrå forsking har vist at vi har mange forskingsmiljø med kvalitet og ambisjonar. Frå juni 2002 er det oppretta 13 senter for framifrå forsking. Opptrappinga av forskingsinnsatsen skal i første rekkje gå til å styrkje kvaliteten i norsk forsking, både ved å få fleire forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse og ved ei meir generell og brei kvalitetsheving, sjå nærare omtale under kategoriane 07.60 og 07.70.

1.3 Større fridom - mangfald i skole og utdanning

Erfaring viser at det er den einskilde skolen, opplærings- og utdanningsinstitusjonen som har innsikt i og kompetanse til å vurdere kva som er mest tenleg å gjere for å nå sentralt og lokalt fastsette mål. Regjeringa vil derfor gi større fridom til skole, opplærings- og utdanningsinstitusjonar slik at dei kan bli meir handlekraftige og kan nytte den menneskelege kreativiteten og innsatsviljen fullt ut. Vidare vil Regjeringa auke valfridommen for brukarane og sikre elevar, foreldre og studentar innverknad på utforming av utdanningstilboda. Større fridom og større medverknad frå brukarane vil gi meir mangfald i skole og utdanning. Det vil også kunne medverke til at opplæringa får meir meining for elevane og studentane.

For å auke handlingsrommet for skole og opplæringsinstitusjonar i grunnopplæringa har departementet sett i gang eit arbeid som vil vurdere korleis læreplanar, reglar og avtaleverk kan forenklast. Målet er færre og tydelegare sentrale mål. Departementet tek sikte på å fremme forslag om nødvendige endringar fortløpande for Stortinget. Som del av moderniseringsarbeidet vil ein også vurdere systemet for finansiering av grunnopplæringa.

For å auke valfridommen til foreldra ønskjer Regjeringa at det skal bli enklare å starte frittståande skolar i Noreg. Departementet har sendt forslag til ny lov om frittståande skolar på høring og tek sikte på å leggje fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget om saka, sjå nærare omtale under kategori 07.40.

Universitet og høgskolar har i samband med Kvalitetsreforma for høgre utdanning fått overført fleire fullmakter på det faglege, organisatoriske og økonomiske området. I forslaget til budsjett for 2003 legg Regjeringa opp til at dei institusjonane som ikkje tidlegare har vore nettobudsjetterte, og som er førebudde på det, blir nettobudsjetterte. Departementet vurderer ytterlegare fristilling av institusjonane og vil sjå dette i samband med ei ny felles lov for universitet og høgskolar, sjå nærare omtale under kategori 07.60.

Regjeringa ønskjer mest mogleg lik handsaming mellom private og offentlege høgskolar. Dei private høgskolane vil no få ei utvida godkjenningsordning slik at dei får faglege fullmakter som er meir på linje med statlege utdanningsinstitusjonar. Departementet har starta arbeidet med ei ny felles lov for offentlege og private utdanningsinstitusjonar i høgre utdanning.

1.4 Tydelegare ansvar - gode resultat i utdanning og forsking

Med større fridom får skole, opplærings- og utdanningsinstitusjonar meir ansvar, og dei må i større grad innfri krav om gode resultat frå brukarane og frå sentrale og lokale styresmakter. Regjeringa vil arbeide for å ansvarleggjere alle ledd ved å fokusere sterkare på leiing på ulike nivå i institusjonane. Vidare ønskjer Regjeringa å stimulere til betre kvalitet i utdanning og forsking ved å premiere skolar, utdannings- og forskingsinstitusjonar som kan vise til gode resultat.

I grunnskolen og vidaregåande opplæring er kommunane og fylkeskommunane eigarar. Regjeringa ser det som viktig å leggje system og insentiv til rette for at kommunar og fylkeskommunar skal kunne utøve ein god eigarskap. Departementet har oppfordra alle aktørar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring til å ta i bruk lokal handlingsfridom og har gått inn for ei liberal praktisering av forsøksheimelen i opplæringslova. For ytterlegare å stimulere til utviklingsarbeid og forsøk i grunnopplæringa har departementet innført ei ordning med særskilt tilskott til utvalde demonstrasjons- og bonusskolar. Demonstrasjonsskolar og bonusskolar er skolar som m.a. har utmerkt seg ved å arbeide systematisk for å betre kvaliteten på utdanninga. Demonstrasjonsskolane har fått eit særskilt ansvar for å spreie erfaringane frå utviklingsarbeidet sitt til andre skolar. Læringssenteret har valt ut 22 demonstrasjonsskolar og 92 bonusskolar i 2002, sjå nærare omtale under 07.20. Ordninga vil bli utvida.

Nasjonal og internasjonal forsking viser at læraren er den faktoren som har mest å seie for resultata til elevane på skolen, nest etter heimebakgrunn. Det er derfor viktig for Regjeringa å satse på tiltak som styrkjer og utviklar den viktige rolla som læraren har. I samsvar med intensjonserklæringa som vart inngått mellom staten og hovudsamanslutningane i 2000, skal departementet og lærarorganisasjonane forhandle om ny arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet. Den nye avtalen får verknad frå 1. august 2003. Målsettinga er ein avtale som sørgjer for det profesjonelle handlingsrommet til læraren, samstundes som han medverkar til auka elevkontakt, auka fleksibilitet og betre ressursutnytting. Det er ei viktig utfordring å sørgje for eit breitt samansett lærarkollegium der også menn og minoritetar er godt representerte.

Skoleleiaren spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av skolen som opplæringsarena. Skolane treng skoleleiarar som er kompetente og engasjerte når det gjeld innhald, organisering og drift av skolen. Regjeringa vil medverke til å sikre at skoleleiaren får høve til å utøve leiarskap. For at skoleleiarane skal bli enda betre til å oppfylle høge kvalitetskrav og ta på seg nye leiaroppgåver, har departementet også teke initiativ til utvikling av nye tilbod om utdanning i skoleleiing heilt opp til mastergradsnivå.

For å styrkje leiinga og styringa av verksemda ved universitet og høgskolar er lova for universitet og høgskolar endra på sentrale område. Universitet og høgskolar kan no velje om ein leiar på avdelings- eller grunneiningsnivå skal veljast eller tilsetjast på åremål. Uavhengig av kva slags leiing institusjonane vel, føreset departementet at institusjonane formulerer mål, krav og forventningar til leiarane på alle nivå, og avklarar kva for verkemiddel dei kan nytte for å oppfylle mandatet for leiing.

Kvalitetsreforma for høgre utdanning skal stimulere både studentar og institusjonar til å oppnå betre resultat. Studentane vil få ein større del av utdanningsstøtta frå Lånekassen som stipend ved gjennomførte studium. Frå og med 1. november 2002 vil stipenddelen utgjere 40 pst. av kostnadsnormen, men berre 25 pst. blir utbetalt som stipend ved studiestart. Dei resterande 15 pst. blir omgjorde til stipend ved gjennomførte studium. Institusjonane vil få auka løyvingar dersom studentane ved institusjonen samla sett klarar å avleggje fleire vekttal enn året før, eller dei kan vise til betre resultat frå forskingsverksemda enn andre institusjonar. Departementet vil arbeide vidare med forskingsdelen i nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. I framlegget til budsjett for 2003 er 38 pst. av det samla budsjettet for universitet og høgskolar fordelte etter resultat - både på undervisningssida og på forskingssida. Regjeringa gjer framlegg om eit nytt finansieringssystem for dei private høgskolane frå og med 1. januar 2003, sjå nærare omtale under kategori 07.60.

1.5 Betre samarbeid og samspel med samfunns-, arbeids- og næringsliv

Kunnskap og kompetanse er vår viktigaste konkurransefaktor i ein global kunnskapsøkonomi. Samstundes er kunnskap og kompetanse ein individuell føresetnad for deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Kunnskap og kompetanse er vorte den sentrale ressursen og livslang læring den fundamentale prosessen. Dette krev eit betre samarbeid og samspel mellom utdannings- og forskingsinstitusjonane og samfunns-, arbeids- og næringsliv. Krav om samarbeid med samfunns- og arbeidsliv er derfor teke inn i ny lov for universitet og høgskolar.

For å setje oss betre i stand til å nytte kompetanseformuen, vil departementet utvikle ein nasjonal kompetanserapport. Rapporten vil skildre kva kompetanse har å seie for velferd, innovasjon og verdiskaping. Det vil òg bli drøfta kva for kompetansebehov enkeltmennesket vil ha i framtida.

Noreg vil ta del i OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL), som vil gi samanliknbar informasjon om lesedugleik, talforståing og problemløysing i ei rekkje land, sjå omtale under kategori. 07.50 Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning.

Regjeringa følgjer no opp tilrådingane etter at OECD har gjennomgått området livslang læring i Noreg. I evalueringa får Noreg positiv omtale for arbeidet med Kompetansereforma, men det blir mellom anna peikt på område der det er behov for meir samordning. Regjeringa har derfor våren 2002 oppretta Forum for kompetanse og arbeidsliv som eit strategisk samarbeidsorgan for kompetansepolitikken. Statsrådar, partane i arbeidslivet og representantar for utdanningsinstitusjonane er deltakarar i forumet, som skal drøfte faglege og politiske spørsmål som rører ved samspelet mellom kompetanse, arbeidsliv og verdiskaping, med særleg vekt på fornying og verdiskaping.

Noreg ligg i fremste rekkje i Europa når det gjeld å utvikle dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse i arbeidslivet og i utdanningssystemet. Det er vist stor interesse frå både EU og andre land for desse utviklingsprosessane. Regjeringa prioriterer internasjonalt samarbeid som medverkar til å byggje ned hindringar for mobilitet av kompetanse og arbeidskraft, mellom anna gjennom samarbeid om system for realkompetanse. Det vil bli etablert eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse i samarbeid om system for realkompetanse.

Innvandrarar utgjer i stor grad ein uutnytta arbeidskraftsressurs. Regjeringa har foreslått endringar i opplæringslova som skal betre høvet for innvandrarar til å presentere kompetansen sin gjennom yrkesprøving.

Undersøkingar viser at arbeidsplassen er den viktigaste læringsarenaen for vaksne. Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner i 2003 for å stimulere verksemder til å kombinere norskopplæring og arbeid for innvandrarar. Yrkesprøving vil òg kunne medverke til å få fleire registrerte arbeidssøkjarar i jobb.

Regjeringa vil gjennom prosjektet «Ungt entreprenørskap» arbeide for å fremme kreativitet, etablerarkunnskap og kjennskap til arbeidslivet hos elevane, med sikte på eit systematisk og varig samarbeid mellom arbeids- og næringsliv og skole- og opplæringsinstitusjonar lokalt.

Regjeringa vil opne opp for alternative praktiske opplæringsløp som legg til rette for at mindre motiverte elevar kan komme raskare ut i arbeidslivet.

Regjeringa ønskjer å medverke til å dekkje behova i arbeidslivet for yrkesretta, relativt kortvarige og fleksible utdanningar gjennom ei ny lov om fagskoleutdanning. Regjeringa vil leggje fram eit forslag til ny lov i tråd med Innst. S. nr. 177 (2000-2001) og St.meld. nr. 20 (2000 - 2001) Om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring, sjå omtale under kategori 07.50.

Kvalitetsreforma for høgre utdanning skal gi ei meir effektiv overføring av kunnskap og kompetanse frå dei høgre utdanningsinstitusjonane til arbeidslivet. Med auka fridom til å opprette og leggje ned studietilbod kan universitet og høgskolar raskare utvikle studietilbod i tråd med ønske frå søkjarane og/eller behova i arbeidslivet. Kortare studieløp og betre gjennomstrøyming vil føre til at studentane raskare kjem ut i arbeidslivet.

Universitet og høgskolar vil få eit større ansvar for å sikre at forskingsresultat blir brukte i samfunns- og næringsliv. Regjeringa har fremma lovendringar som tek sikte på å leggje tilhøva betre til rette for at universitet og høgskolar skal engasjere seg sterkare i arbeidet med å utnytte forskingsresultat økonomisk, i form av patent. Såleis skal både samfunns- og næringsliv få eit større utbytte av investeringane i desse institusjonane.

Regjeringa legg opp til vesentlege endringar i styringa og organiseringa av Forskingsrådet. Regjeringa har særleg teke omsyn til grunnleggjande forsking og til næringsretta forsking og innovasjon når desse spørsmåla har blitt vurderte. Regjeringa foreslår at Forskingsrådet får færre avdelingar og blir organisert etter funksjon. Hovudstyret vil bli mindre og få ei tydelegare rolle enn tidlegare. Dei overordna prinsippa for eit nytt forskingsråd er nærare omtala i kapittel 3.

1.6 Budsjettprioriteringar

Regjeringa har som mål å heve kvaliteten i alle delar av utdanninga. Som ledd i ei slik satsing vil Regjeringa løyve om lag 380 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. For å motivere den einskilde skolen til innsats, kvalitetsheving og nytenking vil Regjeringa utvide ordninga med bonus- og demonstrasjonsskolar. Ordninga blir i 2003 vurdert utvida til òg å omfatte lærebedrifter. Regjeringa vil vidare gjennomføre ei brei satsing for å betre opplæringa i basisfaga, mellom anna gjennom stipend til lærarar for vidareutdanning i norsk og matematikk og gjennom ein nasjonal strategi for styrking av realfaga. For å stimulere leseinteressa hos elevane vil departementet styrkje kompetansen i bruk av skolebiblioteka. Vidare blir tiltak mot uro og problemåtferd i skolen prioritert.

Regjeringa satsar vidare på informasjons- og kommunikasjonsteknologi i utdanninga i 2003. IKT i lærarutdanninga og kompetanseutvikling i IKT for lærarar, infrastruktur, digitale læremidlar og nasjonal utdanningsportal er tiltak som blir prioriterte.

Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for at elevane skal få eit godt læringsutbytte. For å setje skoleeigarane i stand til å satse på opprusting av skoleanlegga vil Regjeringa føre vidare ordninga der staten dekkjer renter på lån til nybygg og rehabilitering av skoleanlegg. I 2003 er låneramma på 1 mrd. kroner. Rentekompensasjonen blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Regjeringa foreslår ei løyving på 8 mill. kroner til førebyggjande tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring, mellom anna gjennom vidareutvikling av oppfølgingstenesta.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir tilskottet til skolefritidsordningar foreslått redusert med 217 mill. kroner. Dette kan medføre auka brukarbetaling. Tilskottet blir vidare foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003.

Det er frå undervisningsåret 2002-03 innført ei ny støtteordning for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i vidaregåande opplæring. I den nye støtteordninga er kostnadsnormen auka med om lag kr 1 000 per månad til om lag kr 8 000 per månad. Samstundes er utdanningsstipendet auka til inntil 40 pst. av støttebeløpet. Auka stipenddel får verknad frå 1. november 2002. På heilårsbasis er kostnaden av det nye støttesystemet om lag 900 mill. kroner. Regjeringa foreslår å avvikle ordninga med stipend til reiser i Noreg og Norden.

Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner til å innføre ei ny støtteordning for unge elevar med rett til vidaregåande opplæring frå skoleåret 2003-04. Ordninga inneber at det blir innført ei ny og meir målretta stipendordning, der ein legg vekt på omsynet til familiar med svak økonomi. Ordninga vil òg omfatte eit behovsprøvd stipend til læremiddel, medan høvet til å få lån fell bort.

I løpet av 2003 skal hovudelementa i Kvalitetsreforma i høgre utdanning innførast. Regjeringa foreslår ei løyving på om lag 510 mill. kroner til reforma. Dette er ein auke på om lag 220 mill. kroner i høve til løyvinga i 2002. Løyvinga til universitet og høgskolar blir vidare foreslått styrkt med 187 mill. kroner i samband med opptrappinga av satsinga på forsking. For desse midlane vil Regjeringa mellom anna opprette 200 nye rekrutteringsstillingar frå hausten 2003. Løyvinga på 350 mill. kroner til forsking i universitets- og høgskolesektoren frå 2002 blir i tillegg foreslått vidareført.

Regjeringa vil førebu etableringa av eit nytt studietilbod i odontologi ved Universitetet i Tromsø, med sikte på ei gradvis oppbygging av kapasiteten frå hausten 2004.

Endringar av kapasitet innanfor høgre utdanning er nærare omtala under kategori 07.60.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei private høgskolane med om lag 30 mill. kroner i 2003. Midlane skal dekkje rekrutteringsstillingar, forskingsmidlar i det nye finansieringssystemet for private høgskolar, styrking av undervisningsfinansieringa og midlar til gjennomføring av Kvalitetsreforma.

Budsjettforslaget inneber ei styrking av langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd med om lag 425 mill. kroner. Av dette er om lag 150 mill. kroner ei mellombels styrking i samsvar med endra fordeling av tippemidlane. Som ein del av satsinga for å heve kvaliteten i forskinga er det foreslått å løyve 20 mill. kroner til ei satsing på «Framifrå unge forskarar» og 93 mill. kroner til ei styrking av satsinga på vitskapleg utstyr. Det blir vidare foreslått å løyve 30 mill. kroner til ei styrka satsing på forsking på nye materiale. Satsinga på funksjonell genomforsking blir utvida med 50 mill. kroner til 150 mill. kroner i 2003. Ein betydeleg del av veksten i 2003 vil òg gå til dei 13 sentra for framifrå forsking.

Regjeringa foreslår at kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir auka med 3 mrd. kroner slik at den totale kapitalen i fondet blir på 30 mrd. kroner. Av dette er 14 mrd. kroner ein kompensasjon for bortfall av tippemidlar til forskinga. Auken på 3 mrd. kroner vil gi ei auka avkastning på om lag 180 mill. kroner i 2004. Avkastinga frå den ordinære delen av fondet aukar med om lag 268 mill. kroner til om lag 793 mill. kroner i 2003.

Regjeringa legg opp til ei samla opptrapping av forskingsinnsatsen med omlag 640 mill. kroner i 2003. Veksten vil i hovudsak komme på dei prioriterte områda i forskingspolitikken. Som ein del av forskingssatsinga foreslår Regjeringa å utvide ordninga med skattefrådrag for investeringar i FoU i næringslivet. Ei slik utviding av ordninga vil gi ein auka skattelette for næringslivet på om lag 400 mill. kroner per år.

2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Innleiing

Forsking og utvikling (FoU) er eit av dei viktigaste satsingsområda til Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til prioriterte forskingsområde, særleg til grunnleggjande forsking. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er foreslått auka med 3 mrd. kroner. Det er ei hovudutfordring å få næringslivet til å finansiere meir FoU. For å medverke til dette foreslår Regjeringa å utvide ordninga med skattefrådrag for forsking til å gjelde alle verksemder. Vidare vil Regjeringa finansiere nye tiltak for å fremme kvalitet i forskinga og arbeide for å betre forskingssystemet.

Mål og utfordringar

Regjeringa har som mål å trappe opp norsk forskingsinnsats til minst gjennomsnittleg OECD-nivå innan 2005. Dette er i tråd med opptrappingsplanen for forskingsløyvingane som vart lagd fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001) og St.prp. nr. 84 (2000-2001). Opptrappingsplanen varsla behov for ei styrking av dei offentlege forskingsløyvingane på 1 mrd. kroner årleg for å nå målet om ein FoU-innsats på OECD-snittet, målt som prosent av BNP. Nyare anslag viser at behovet er høgre. Ei hovudutfordring i Noreg er å auke forskingsinnsatsen i næringslivet. Opptrappingsplanen føreset at næringslivet står for 60 pst. av auken.

I Noreg vart det brukt 20,3 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i 1999, som er det siste året det finst offisiell statistikk for. FoU-utgiftene utgjorde da 1,65 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP). Til samanlikning var OECD-gjennomsnittet på om lag 2,2 pst., mens gjennomsnittet for dei nordiske landa var om lag 2,8 pst. FoU-statistikken for 1999 viser at offentlege kjelder finansierte vel 42 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg, mens næringslivet stod for 49 pst. og utanlandske og andre kjelder stod for om lag 9 pst.

Prioriteringar i 2003-budsjettet

Langsiktig, grunnleggjande forsking

Hovudprioriteringa for Regjeringa er å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga, både gjennom dei direkte løyvingane til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og gjennom Noregs forskingsråd. Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskolar aukar med 187 mill. kroner. Dei auka løyvingane vil mellom anna gi rom for 200 nye rekrutteringsstillingar og ei monaleg styrking av dei strategiske forskingsløyvingane. Budsjetta til universitet og høgskolar vil bli styrkte i samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma. I alt er om lag 510 mill. kroner sett av til denne reforma i 2003.

Løyvingane frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Noregs forskingsråd aukar med i alt om lag 425 mill. kroner, inkludert den delen av avkastninga frå Forskingsfondet som blir forvalta av Forskingsrådet. 93 mill. kroner av auken skal nyttast til vitskapleg utstyr. I tillegg til ei generell styrking av grunnforskinga gir den store auken i forskingsrådsløyvingane også rom for nye tiltak for kvalitet i forskinga og styrking av tverrfaglege satsingar, jf. eigen omtale nedanfor.

Tematiske satsingsområde

Dei tematiske satsingsområda marin forsking, medisinsk og helsefagleg forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi er prioriterte, jf. St.meld. nr. 39 (1998-99).

Regjeringa satsar på marin forsking, og foreslår mellom anna å styrkje satsinga på genetikk og avl på torsk, med hovudtyngdepunkt i Tromsø. I tillegg foreslår Regjeringa å auke grunnløyvinga til Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking AS (Fiskeriforsking) gjennom Forskingsrådet. Over budsjettet til Fiskeridepartementet er det i 2003 dessutan sett av midlar for å medverke til etablering av ein nasjonal marin biobank i Tromsø. Regjeringa vil auke løyvinga til Ernæringsinstituttet i Bergen for å dekkje kostnader knytte til utskiljing frå Fiskeridirektoratet og for å auke innsatsen knytt til trygg sjømat og fôr til fisk. Satsing på innovasjon, forsking og utvikling er ein føresetnad for å auke verdiskapinga i marin sektor. Regjeringa har starta opp eit tverrdepartementalt arbeid med marin verdiskaping, jf. omtale i budsjettproposisjonen til Fiskeridepartementet.

Som eit ledd i satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking foreslår Regjeringa mellom anna å auke løyvingane til klinisk forsking ved regionsjukehusa med over 15 mill. kroner og å auke løyvinga til forsking på stamceller frå fødte menneske. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Helsedepartementet. I tillegg foreslår Regjeringa ei styrking av helsefagleg forsking om barn, vanskelegstilte barnegrupper og familiar samt forsking om barnehagen som førebyggjande arena over budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Det er behov for forsking om biologiske og helsemessige verknader av ulike stoff i maten vår, og Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane til forsking om trygge matvarer og næringsmiddelforsking, jf. omtale i budsjettproposisjonane til Landbruksdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Innanfor satsinga på IKT-forsking foreslår Regjeringa å auke løyvingane til telekommunikasjonsforsking og forsking knytt til bruk av IKT i transportsektoren over budsjettet til Samferdsledepartementet. Vidare vil Regjeringa auke løyvingane til IKT-forsking gjennom Noregs forskingsråd over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Prioriterte felt er m.a. mikroteknologi, kommunikasjonsteknologi, programvareteknologi, informasjonssystem og tryggleik. Regjeringa foreslår dessutan å auke løyvinga til «Simula Research Laboratory» på Fornebu, jf. omtale under kap. 285 post 52.

Regjeringa foreslår å styrkje forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi. Forsking på langtidsverknadene av utslepp frå petroleumssektoren til sjøen er saman med anna petroleumsforsking eit prioritert område, og Regjeringa foreslår auka løyvingar til dette. Forsking på bruk av naturgass til energiformål, hydrogen og fornybare energikjelder samt forsking på effektane av miljøendringar er også prioriterte felt. Sjå omtale i budsjettproposisjonane til Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet om desse satsingane. Over budsjettet til Landbruksdepartementet foreslår Regjeringa å styrkje forskingsinnsatsen om klimagassutslepp og -opptak frå skog- og jordbruk, og forsking om bruk av biomasse frå landbruket til energiformål.

FUGE og forsking på nye materialar

I 2002 vart det starta opp ei samla, nasjonal satsing på funksjonell genomforsking (FUGE). Regjeringa foreslår å auke løyvinga til FUGE med 50 mill. kroner i 2003. Satsinga er tverrsektoriell og vil styrkje biologisk grunnforsking så vel som marin og medisinsk forsking. Vidare vil Regjeringa gi 30 mill. kroner i løyving til ei tverrfagleg forskingssatsing innanfor nye materialar, med særleg vekt på funksjonelle materialar. Sjå omtale under kap. 285 post 52. Også denne satsinga vil vere viktig for både grunnforsking og fleire av dei tematiske satsingane. I tillegg foreslår Regjeringa ein auke i løyvinga til brukarstyrt materialforsking over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Fondet for forsking og nyskaping

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Forskingsfondet med 3 mrd. kroner. Dette vil gi om lag 180 mill. kroner i auka avkastning frå 2004. Fondsavkastninga skal styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og dei langsiktige delane av dei fire tematiske satsingane.

Kvalitet i forskinga

Tiltak for å styrkje kvaliteten i forskinga er eit høgt prioritert område. I 2003-budsjettet foreslår Regjeringa å løyve 20 mill. kroner til ei ny satsing på framifrå unge forskarar (FUF) innanfor alle fagområde. Løyvingane til dei 13 sentra for framifrå forsking aukar frå 70 mill. kroner i 2002 til 140 mill. kroner i 2003. Sentra er finansierte gjennom avkastninga frå Forskingsfondet. Auka løyvingar til vitskapleg utstyr er òg eit viktig kvalitetsfremmande tiltak.

Skattefrådrag for FoU-utgifter

For å stimulere til auka FoU-innsats i norsk næringsliv foreslår Regjeringa å utvide ordninga med skattefrådrag for forsking til å gjelde alle verksemder. Ordninga vart etablert frå 1. januar 2002 og har til no berre gjeldt små og mellomstore verksemder. Sjå meir omtale i skatte- og avgiftsproposisjonen til Finansdepartementet.

FoU-basert nyskaping

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til eit marint innovasjonsprogram som skal forvaltast av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Programmet skal medverke til utvikling av nyskapande og internasjonalt leiande produkt og produksjonsprosessar, med hovudvekt på marine artar i oppdrett. Torskeoppdrett vil bli prioritert. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Fiskeridepartementet. Vidare foreslår Regjeringa å auke løyvinga til samarbeidsprogrammet innanfor prosjektretta teknologiutvikling i petroleumssektoren (Demo 2000) frå 20 til 30 mill. kroner, jf. omtale i budsjettproposisjonen til Olje- og energidepartementet. Det er viktig at resultata frå forskinga blir brukte. Regjeringa vil setje i verk tiltak for auka kommersialisering av forskingsresultat, mellom anna gjennom ein monaleg auke i løyvingane til program for forskingsbasert nyskaping (FORNY) i Forskingsrådet over budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Kvart år utarbeider Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) ein statsbudsjettanalyse. Statsbudsjettanalysen viser at meir enn 120 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i NIFUs data, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å rekne ut eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.

Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2003 er om lag 12,3 mrd. kroner, jf. tabellen nedanfor. Dette er ein auke på om lag 640 mill. kroner, dvs. 5,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2002. I tillegg til løyvingane over budsjettet kjem provenyverknaden av skatteinsentivordninga for FoU i næringslivet, jf. omtale ovanfor.

Overslag over løyvingane1) til forsking over statsbudsjettet

     

(i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Endring 2002/2003 (i pst.)

Utanriksdepartementet

378

380

0,5

Utdannings- og forskingsdepartementet

5 523

6 457

16,9

Kultur- og kyrkjedepartementet

71

77

8,5

Justisdepartementet

19

19

0,0

Kommunal- og regionaldepartementet

71

732)

2,8

Sosialdepartementet

63

71

12,7

Helsedepartementet

637

672

5,5

Barne- og familiedepartementet

39

41

5,1

Nærings- og handelsdepartementet

1 685

1 514

-10,13)

Fiskeridepartementet

794

615

-22,54)

Landbruksdepartementet

402

423

5,2

Samferdsledepartementet

176

186

5,7

Miljøverndepartementet

382

382

0,0

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

423

329

-22,2

Finansdepartementet

64

69

7,8

Forsvarsdepartementet

494

496

0,4

Olje- og energidepartementet

323

358

10,8

Statsbankane

101

125

23,8

Totalt

11 645

12 287

5,55)

1)Tala er nettotal, dvs. korrigerte for bruttobudsjettering. Fordi universiteta f.o.m. 2001 er nettobudsjetterte, er det ikkje lenger meiningsfullt å ha separate tal for brutto- og nettoløyvingar, slik det sist vart gjort i St.prp. nr. 1 (1999-2000).

2) 2003-talet er ei prisomrekning av 2002-talet. Regjeringa foreslår å delegere ansvaret for næringsutvikling i fylke og kommunar til regionalt folkevalt nivå. Fylkeskommunane får derfor frå 2003 ansvaret for hovudtyngda av løyvingane til regional næringsutvikling. Det er usikkert i kva grad denne omlegginga vil påverke kor stor del av midlane som blir nytta til FoU.

3)Den store reduksjonen skriv seg mellom anna frå at budsjetteringsmåten for løyvinga til EUs rammeprogram for forsking er endra. Korrigert for endringa i løyvinga til rammeprogrammet på om lag 208 mill. kroner er det ein auke på 2,2 pst.

4)Reduksjonen skriv seg frå at løyvinga til bygging av nytt havforskingsfartøy går ned med 252 mill. kroner, i samsvar med finansieringsplanen. FoU-delen av reduksjonen utgjer om lag 220 mill. kroner. Korrigert for dette, er det ein auke på 5,2 pst.

5)Korrigert for dei endringane som er nemnte i fotnote 3 og 4 er det ein auke i FoU-løyvingane på 9,2 pst.

Det blir berekna FoU-delar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskingsformål. Nedgangen i FoU over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet skriv seg frå at løyvingane til slike bygg er monaleg reduserte i høve til 2003.

Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.

Forskarrekruttering

Det er ei stor utfordring å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar i dei næraste åra. Målet om å auke den norske forskingsinnsatsen til gjennomsnittleg OECD-nivå innan 2005 føreset nyrekruttering. Samstundes er gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Det er òg aukande etterspurnad etter forskarkompetanse i både næringslivet og offentleg sektor. Doktorgradsprosjekta er nybrottsarbeid som utvidar kunnskapsfronten og medverkar til nyskaping. Alle delar av norsk forsking er avhengige av at universitet og høgskolar blir vidareutvikla som spennande og utfordrande møtestader for nye forskargenerasjonar, og at tilgangen på personar med vitskapleg skolering og kompetanse er god.

For å medverke til auka forskarrekruttering vil Regjeringa prioritere å betre forskingsvilkåra for forskarane, noko som mellom anna krev at institusjonane legg større vekt på strategisk utvikling av forskingsmiljøa sine. Dette er nokre av hovudpunkta i stortingsmeldinga om rekruttering som Regjeringa la fram i mai i år (St.meld. nr. 35 (2001-2002)). Meldinga varslar vidare ei opptrapping av talet på doktorgradsstipendiatstillingar med 1 600 innan 2007, fordelt med 200 stillingar i 2003 og 350 i dei neste fire åra.

På bakgrunn av dette foreslår Regjeringa å opprette 200 doktorgradsstipendiatstillingar over kategori 07.60 Høgre utdanning frå hausten 2003. I tillegg vil det komme midlar til nye rekrutteringsstillingar gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet på kap. 286 post 50, og gjennom auka løyvingar til Noregs forskingsråd frå fleire departement.

Eit betre forskingssystem

Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det er stor grad av ansvarsdeling mellom departementa, og kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir større eller mindre løyvingar til forsking. Koordinering av forskingspolitikken blir sikra gjennom Regjeringas forskingsutval og eit forskingsutval på departementsnivå, som drøftar overordna prioriteringar og større forskingspolitiske saker. Sekretariatet for desse utvala ligg i Utdannings- og forskingsdepartementet. Departementet er også forvaltningsdepartement for Forskingsrådet, sjå nedanfor.

Regjeringa vil arbeide for eit betre forskingssystem. God koordinering av forskingspolitikken er viktig for å realisere ein heilskapleg forskingspolitikk og forsking på tvers av sektorane. I samband med dette vil Regjeringas forskingsutval bli nytta aktivt. Omorganiseringa av Noregs forskingsråd vil vere viktig for å oppnå eit betre forskingssystem. Sjå omtale i kap. 3 og under kategori 07.70.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2002 blir om lag 30 pst. av statlege midlar til forsking, eller til saman meir enn 3,5 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem to tredjedelar av avkastninga frå den ordinære delen av Fondet for forsking og nyskaping. Forskingsrådet får løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa. Dei fleste departementa gir løyvingar til fleire område i Forskingsrådet.

Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytande departementa i 2003-budsjettet.

Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane.

    (i 1 000 kroner)

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

285/52 og 55

Utdannings- og forskingsdepartementet

884 413

1 149 4861)

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

799 000

844 535

1830/50

Olje- og energidepartementet

244 100

280 000

1023/50

Fiskeridepartementet

214 500

230 000

1137/50

Landbruksdepartementet

131 214

142 683

1410/51 og 52

Miljøverndepartementet

124 918

131 018

701/502)

Helsedepartementet

99 700

110 500

1301/503)

Samferdsledepartementet

84 000

104 800

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

350 462

528 821

Sum

2 932 307

3 521 843

1) Av dette er 150 mill. kroner ei kortsiktig løyving som skriv seg frå omlegginga av tippeinntektene til forsking, jf. omtale under

kap. 285.

2)I 2002-budsjettet var løyvinga fordelt på kap. 701, kap. 719 og kap. 739.

3)Ein mindre del av løyvinga på posten gjeld forsking utanom Noregs forskingsråd.

Som tabellen viser, aukar løyvingane til Forskingsrådet frå dei største bidragsytande departementa med nær 600 mill. kroner. Dette er ein samla auke på om lag 20 pst. i høve til 2002. Avkastninga frå Forskingsfondet og dei ordinære faglege løyvingane over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet aukar mest. Dette er i tråd med prioriteringa av langsiktig, grunnleggjande forsking. Om lag 150 mill. kroner av auken er ei mellombels styrking i samsvar med endra fordeling av tippemiddeloverskottet. Auka løyvingar over budsjetta til dei andre departementa gjeld i hovudsak styrking av dei fire tematiske satsingsområda, jf. omtale ovanfor.

I tillegg får Noregs forskingsråd løyvingar frå ei rekkje andre departement. Desse løyvingane er øyremerkte spesielle forskingsprogram og institutt.

Sjå også nærare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.

3 Eit nytt forskingsråd

Oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd

Kort historikk

Noregs forskingsråd vart oppretta i 1993, jf. St.meld. nr. 43 (1991-92). Til grunn for den politiske behandlinga av saka låg innstillinga frå Grøholtutvalet (NOU 1991: 24 Organisering for helhet og mangfold i norsk forskning). Før reforma var det fem forskingsråd i Noreg (Norges teknisk-naturvitenskapelige forskningsråd, Norges allmennvitenskapelige forskningsråd, Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd, Norges fiskeriforskningsråd og Norges råd for anvendt samfunnsforskning). Forslaget om å opprette eit system med eitt forskingsråd fekk brei tilslutning, både i høringa etter Grøholtutvalet si innstilling og i den politiske handsaminga av saka. Både den interne organiseringa av Forskingsrådet og systemet for forskingspolitisk rådgiving, vart i den endelege løysinga ulik den strukturen som vart tilrådd frå Grøholtutvalet.

Om Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er eit nasjonalt utøvande og rådgivande forskingsstrategisk organ. Noregs forskingsråd har ansvar for å auke det allmenne kunnskapsgrunnlaget og skal medverke til å dekkje samfunnet sitt behov for forsking. Forskingsrådet fordeler om lag 30 pst. av dei statlege midlane til forsking og utvikling. Forskingsrådet mottek og fordeler midlar frå alle departementa med unntak av Forsvarsdepartementet. I 2002 har Forskingsrådet eit samla budsjett på 3,6 mrd. kroner.

Forskingsrådet er delt inn i seks ulike område. Dei seks områda er Kultur og samfunn, Medisin og helse, Miljø og utvikling, Bioproduksjon og foredling, Naturvitskap og teknologi og Industri og energi. Kvart område har sitt eige styre.

Forskingsrådet har eit styringssystem med styre på tre ulike nivå. Hovudstyret er det øvste organet i Forskingsrådet og er ansvarleg for verksemda til Forskingsrådet. Hovudstyret blir oppnemnt av Regjeringa. Hovudstyret peiker ut områdestyra som representerer det andre styringsnivået. Administrerande direktør blir tilsett av hovudstyret. Det tredje styringsnivået er sett saman av ulike faglege komitear og programstyre. Den interne organiseringa av Forskingsrådet er fastsett i vedtektene. Endringar i vedtektene skjer ved kongeleg resolusjon.

Evalueringa av Noregs forskingsråd

Da Stortinget gjorde vedtak om å opprette Noregs forskingsråd, tok det samstundes til orde for ei framtidig evaluering av Forskingsrådet: «Fleirtalet ser behovet for å få evaluert den nye organiseringa når systemet har verka ei tid, gjerne av kunnige som står utanfor det norske miljøet.» (Innst. S. nr. 231 (1991-92)). Planane for evalueringa er lagde fram for Stortinget ved fleire høve, mellom anna Langtidsprogrammet for 1997-2001 og St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille. I St.meld. nr. 39 vart det skissert eit opplegg for evalueringa og ei førebels vurdering av reforma.

Etter ei internasjonal kunngjering av prosjektet vart Technopolis Ltd valt ut til å gjennomføre evalueringa. Technopolis er eit internasjonalt institutt som har hovudkontor i Storbritannia. Evalueringa vart utført i samarbeid med fagekspertise frå tyske Fraunhofer-ISI og Universitetet i Twente i Nederland. Eit fagleg tungt og breitt samansett internasjonalt evalueringspanel har stått for kvalitetssikringa av evalueringa og av sjølve prosessen.

Arbeidet med evalueringa vart avslutta i desember 2001.

Noregs forskingsråd vart evaluert opp mot eit sett av målsetjingar. I evalueringa vart desse knytte til seks hovudoppgåver. Nedanfor følgjer eit kort samandrag av hovudfunna i evalueringa.

  1. Forskingsrådet skal gi nasjonale og sektorvise råd om forskingspolitikk. Råda skal byggjast på eit nasjonalt perspektiv.

Evalueringa syner at kvaliteten på rådgivinga er blitt betre over tid, samstundes har styresmaktene vorten meir mottakelege for råda. Evalueringa meiner at Forskingsrådet med fordel kunne vore spissare i si rådgiving.

  1. Forskingsrådet skal finansiere forsking for å møte behova i samfunnet og næringslivet, og det skal formidle resultata vidare.

Forskingsrådet har eit breitt nettverk i næringslivet og offentleg sektor. Sjølv om det er mange komitear og styringsorgan i Forskingsrådet, blir rådet oppfatta som lukka. Evalueringa meiner at Forskingsrådet bør bli ein meir open arena.

  1. Forskingsrådet skal finansiere grunnforsking og brukarretta forsking.

Evalueringa syner at Forskingsrådet har fått på plass eit sett av prosedyrar som skal sikre at forsking som rådet finansierer, held høg kvalitet. Vidare nyttar Forskingsrådet store delar av budsjettet på samfunnsrelevant forsking. Evalueringa meiner det er rom for å fokusere meir av den grunnleggjande forskinga på strategiske område. Balansen mellom strategisk og fri forsking er eit politisk tema som ikkje har vore grundig nok diskutert i Noreg.

  1. Forskingsrådet skal ha eit strategisk ansvar for instituttsektoren i Noreg.

Forskingsrådet har utarbeidd einsarta retningslinjer for finansiering av institutta. Det er laga formålstenlege reglar for evaluering og styring. Autoriteten til å utføre det strategiske ansvaret er for liten, samstundes som Forskingsrådet ikkje har hatt tilstrekkeleg fridom og ressursar til å utøve den strategiske rolla overfor institutta.

  1. Forskingsrådet skal fremme samhandlinga mellom den norske og den internasjonale kunnskapsproduksjonen.

Forskingsrådet har gitt finansiell og praktisk støtte for å få norske forskingsmiljø med i forskingsprogram i EU, og har koordinert deltakinga i EU sitt rammeprogram for forsking på ein god måte. Evalueringa syner at Noregs forskingsråd har vore aktivt i å inngå bilaterale internasjonale avtalar, men at få av desse har noko særleg praktisk innhald. I det siste har rådet lagt inn ein internasjonal dimensjon i mange av aktivitetane, og dette blir vurdert som eit viktig framsteg.

  1. Forskingsrådet skal nytte eigna og effektive verkemiddel og organisatoriske strukturar for å utføre oppgåvene sine.

Det er eit stort mangfald i oppgåver og oppgåveløysing i Forskingsrådet. I forhold til kompleksiteten i oppgåvene har ikkje Forskingsrådet store administrative kostnader, heller ikkje samanlikna med forskingsråd i andre land. Evalueringa peiker på problema med strukturen i styring og organisering av Forskingsrådet. Evalueringa meiner at hovudstyret og områda kan gi inntrykk av å leve i parallelle univers. Dei har kontakt med ulike miljø utanfor rådet og er opptekne av ulike saker innanfor. I dei siste åra har auka ressursar - mellom anna i samsvar med Fondet for forsking og nyskaping - ført med seg eit nærare samarbeid mellom dei ulike nivåa.

Evalueringa tilrår at ein går vidare med eit system med eitt forskingsråd. Skal ein lukkast, må Forskingsrådet få ein struktur som er tilpassa måla for organisasjonen, samt at koplinga til dei ulike sektorane ikkje blir for sterk. Evalueringa tek til orde for å organisere Forskingsrådet etter funksjon, mellom anna med ei eiga avdeling for grunnforsking og ei avdeling for innovasjon. Dette vil i større grad gjere det mogleg å handsame dei ulike forskingskategoriane ut frå eigne premissar. Evalueringa viser til at Forskingsrådet må få rammevilkår som gjer det mogleg for rådet å nå sine mål. Dette gjeld mellom anna nivået på løyvingane og departementa si styring og bruk av Forskingsrådet.

Regjeringa har lagt vekt på å ha ein open prosess i etterkant av evalueringa. Det vart arrangert ein stor konferanse om evalueringa og ei rekkje møte med ulike aktørar innanfor forsking og næringsliv. Utdannings- og forskingsdepartementet har vidare oppmoda til skriftlege innspel, og saka har vore debattert i media. På denne måten har det komme inn kommentarar og forslag som har vore nyttige i arbeidet med å følgje opp evalueringa.

Spørsmålet om overordna forskingsrådsstruktur har vorte møtt med stor interesse. Dei ulike aktørane var ikkje samde i dette spørsmålet. Ei rekkje av aktørane innanfor forsking ønskte eit system med eitt forskingsråd. Dette gjaldt mellom anna Universitets- og høgskolerådet, som representerer alle universitet og høgskolar, dei teknisk-industrielle institutta og delar av miljøinstitutta. Eit fleirtal av organisasjonane i næringslivet ønskte å skilje ut innovasjonsdelen i Forskingsrådet. Representantar for dei samfunnsfaglege institutta, samt enkeltpersonar innanfor grunnforsking, ønskte også ei deling. Det var ulike syn på korleis Forskingsrådet eventuelt skulle delast. Alle aktørane var samde om at ein står framfor ei rekkje utfordringar innanfor Forskingsrådet, og at desse ikkje automatisk blir løyste ved ei deling av rådet. Mykje av kritikken som er kommen til syne gjennom evalueringa av Forskingsrådet og i høringa, heng saman med rammevilkåra for norsk forsking og med arbeidsformene i rådet.

Når det gjeld intern organisering av Forskingsrådet, er det også ulike syn. Både i grunnforskingsmiljøa og i næringslivet er ein lite nøgd med korleis Forskingsrådet er organisert. Dei fleste legg vekt på at grunnforsking og innovasjon må bli meir synlege i organisasjonen, og at prosjekt innanfor dei ulike forskingskategoriane blir vurderte på sine eigne premissar. Samstundes er mange opptekne av at dei ulike faga og disiplinane kjem til syne i organisasjonen og at ein blir sikra ein god samanheng mellom grunnforsking, brukerretta forsking og innovasjon.

Eit nytt forskingsråd

I arbeidet med oppfølginga av evalueringa har Regjeringa i første omgang prioritert spørsmålet om organisering og styring av Forskingsrådet. Når desse forholda er avklara, vil arbeidet med andre spørsmål som det er peikt på i evalueringa, bli teke opp. Dette gjeld mellom anna Forskingsrådet sine rammevilkår og finansiering av grunnforsking. Regjeringa vil føre vidare eit system med eitt forskingsråd. Dette er i tråd med tilrådingane frå evalueringa og med synet til eit fleirtal av dei som er hørte i etterkant av evalueringa. Norsk forsking står framfor ei rekkje store utfordringar, og det er Regjeringa sitt syn at desse best kan møtast innanfor eit system med eitt råd. Evalueringa og høringa har synt at det er naudsynt med omfattande endringar i styring, organisering og arbeidsform i Forskingsrådet. Evalueringa syner også at Forskingsrådet er inne i ei positiv utvikling, og at det er mykje som fungerer bra. Det er viktig at ein evnar å ta vare på dette framover.

Ei viktig oppgåve for Forskingsrådet er å finansiere grunnforsking. Søknader innanfor grunnforsking må handsamast på ein måte som skapar tillit og truverde i grunnforskingsmiljøa. Både næringslivet og offentleg sektor sitt behov for forsking må ivaretakast på ein god måte. Forskingsrådet må ha effektive rutinar og prosedyrar. Forskingsrådet har eit breitt spekter av brukargrupper, og det er viktig at rådet sikrar prosedyrar som er tilpassa behova hos dei ulike gruppene.

Den tverrgåande koordineringa i Forskingsrådet må tilleggjast stor vekt. Behova for å sjå grunnforsking og brukerretta forsking i samanheng er aukande. Samvirket mellom forskingsinstitusjonar og næringslivet må bli styrkt. Forholda internt i Forskingsrådet må leggjast til rette for koordinering. Store tverrgåande program vil vere eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. På ei rekkje område innanfor forskingspolitikken er det store koordineringsbehov. Det gjeld mellom anna internasjonalt forskingssamarbeid, arbeid med budsjettsaker, i forhold til infrastruktur og større forskingspolitiske satsingar. Ein struktur med eitt forskingsråd gjer at mykje av koordineringa kan gjerast på forskingsrådsnivå. Dette føreset at Forskingsrådet får rammevilkår som gjer slik koordinering mogleg. Å delegere oppgåver til Forskingsrådet fritek ikkje departementa for eit overordna koordineringsansvar.

Styring og organisering av Forskingsrådet

Erfaringane med Forskingsrådet syner at ein ny styringsstruktur bør vere enklare og meir funksjonell. Det bør også i framtida vere fleire styringsnivå i Forskingsrådet, men det bør vere færre og mindre styre enn i dag. Det må leggjast vekt på ei klar arbeidsdeling mellom styringsnivåa. Det må vidare sikrast at det er god informasjonsflyt mellom dei ulike nivåa.

Hovudstyret er det øvste organet i Forskingsrådet. Det er brei oppslutning om at hovudstyret si rolle i Forskingsrådet bør vere sterkare, og at hovudstyret må ha eit tydeleg ansvar. Hovudstyret er i dag for stort til å fungere som eit godt kollegialt organ, og bør i framtida ha færre medlemmer. Hovudstyret skal ha eit overordna ansvar for verksemda i Forskingsrådet. Hovudstyret skal tilsetje administrerande direktør og oppnemne medlemmer til avdelingsstyra. Avdelingsstyra vil få mandata sine frå hovudstyret og vil rapportere tilbake til hovudstyret. Det vil bli lagt vekt på eit tett samarbeid og god kommunikasjon mellom styringsnivåa. Dette kan mellom anna gjerast ved gjennomgåande representasjon. Dette inneber at nokre av medlemmene i hovudstyret samstundes er leiarar i avdelingsstyra.

Det kan leggjast ulike prinsipp til grunn for den interne organiseringa av Forskingsrådet. Regjeringa har vurdert ulike modellar, og har særskilt drøfta organisering etter fag/disiplin og organisering etter funksjon. Modellane har forskjellige sterke og svake sider. Uavhengig av val av modell må eventuelle svake sider bli kompensert gjennom bruk av særskilde verkemiddel og arbeidsformer. Prinsippet for ei organisering etter fag/disiplin er at særpreget til faga er så sterkt at det bør vere retningsgjevande for hovudstrukturen i organisasjonen. Ei organisering etter fag er ein tradisjonell måte å organisere forskingsråd på. I ein slik organisasjon vil alle avdelingar ha alle type verkemiddel og programaktivitet. Ei fag-/disiplininndeling kan gjerast etter ulike grenser. Ein slik modell vart foreslått i Grøholtutvalets innstilling (NOU 1991: 24), der ein la opp til følgjande inndeling: Naturvitskap/teknologi, biologi/miljø/helse og samfunnsfag/kultur. Noregs forskingsråd har i si tilråding gått inn for ein modell basert på ei disiplininndeling, men med ei avdeling for innovasjon i tillegg. Forskingsrådet si tilråding ligg på nettsida www.forskingsradet.no.

Ei organisering etter funksjon byggjer på eit prinsipp om at krava og behova til dei ulike brukargruppene varierer, og at det må takast omsyn til dette i organiseringa av Forskingsrådet. Ein funksjonsdelt organisasjon kan utformast på ulike måtar. Regjeringa har arbeidd vidare med utgangspunkt i evalueringa si skisse til organisering av Forskingsrådet. Modellen byggjer på at forskingsaktivitet har ulike formål, og at dette vil vere førande for verksemda i dei ulike avdelingane. Ein funksjonsdelt organisasjon kan ha følgjande avdelingar: avdeling for fag- og disiplinutvikling, avdeling for innovasjon og brukarinitiert forsking og avdeling for strategiske satsingar. Avdeling for fag- og disiplinutvikling vil i hovudsak ha brukarar i forskingsmiljøa, medan avdeling for innovasjon og brukarinitiert forsking vil ha brukarar innanfor næringsliv og offentleg sektor. Avdelingane må kunne nytte ulike og fleksible arbeidsmåtar som er tilpassa dei ulike behova hos brukarane.

Regjeringa meiner at Forskingsrådet bør organiserast etter funksjon. Ei organisering etter funksjon vil kunne sikre at grunnforsking og innovasjon blir synleggjort i organisasjonen, og vil klargjere kva for vurderingskriterium som skal gjelde i dei ulike avdelingane. Ei funksjonsdeling legg også godt til rette for samarbeid på tvers av fag og disiplinar. God intern samordning og bruk av tverrgåande program vil vere viktig for at Forskingsrådet skal kunne møte dei utfordringane den nye organiseringa vil gi. Eit nytt forskingsråd må få høve til å utforme sin eigen organisasjon innanfor dei hovudlinjene som styresmaktene trekkjer opp. Dette vil vere ei viktig oppgåve for hovudstyret. Det er også viktig at ein legg opp til eit fleksibelt system som gjer det mogleg å vurdere og endre organisasjonen når det er naudsynt. Overordna retningslinjer for organisering og ansvarsdeling mellom dei ulike organa i Forskingsrådet vil bli fastsette i vedtektene.

Andre forhold

Forskingsrådet har i dag ei rekkje styre og fagkomitear på ulike nivå i organisasjonen. Ifølgje Forskingsrådet er meir enn 1 000 personar engasjerte i desse organa. Likevel blir Forskingsrådet oppfatta som lukka. Forskingsrådet må derfor leggje opp til ei meir ope arbeidsform, og vere i dialog med langt fleire enn i dag. Fleire må trekkjast med i utvikling av strategiar og forskingspolitiske prioriteringar.

Det har vore retta kritikk mot at Forskingsrådet skal spele ei særskilt rolle i å vere Regjeringa sin forskingspolitiske rådgivar. Forskingsrådet vil også framover vere ein viktig rådgivar, men Regjeringa vil i større grad også invitere andre aktørar innanfor forsking, næringsliv og offentleg sektor til å komme med innspel til forskingspolitikken.

Evalueringa er kritisk til den måten departementa handsamar sitt sektoransvar for forsking på. Dette heng dels saman med at sterk styring av forskingsmidlane gir Forskingsrådet liten fridom i disponeringa av forskingsmidlane, dels heng det saman med at for få departement tek ansvar for den langsiktige, grunnleggjande forskinga innanfor sin sektor. Regjeringa vil ta initiativ til ein gjennomgang av departementa si styring av forsking.

Evalueringa av Forskingsrådet peiker også på den manglande koordineringa av dei ulike næringsretta verkemidla. Dette gjeld mellom anna samarbeidet og arbeidsdelinga mellom Forskingsrådet og SND. Nærings- og handelsdepartementet er i ferd med å vurdere det næringsretta virkemiddelapparatet. I denne samanhengen vil arbeidsdelinga mellom Forskingsrådet og andre delar av verkemiddelapparatet bli vurdert. Målsetjinga er eit enkelt, effektivt og brukerretta system.

4 Miljø

Utdannings- og forskingssystemet medverker i miljøpolitikken med å gi innsikt i komplekse samanhengar i naturen, korleis menneske påverkar desse samanhengane, og korleis livskvalitet og helse er avhengig av miljøtilhøva. Departementet vil gjennom opplæring, høgre utdanning og forsking bidra til ei meir berekraftig utvikling.

Norsk skole har gått føre med å integerere miljølære i læreplanverka. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskaplege kunskapar og forståing, samt vilje og evne til å arbeide for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget, og skolen er tillagt ei viktig rolle i det lokale miljøarbeidet.

Departementet arbeider for å sikre god rekruttering til forsking, slik at behova for miljøkompetanse blir dekka. Forskingsrådet er i denne samanhengen viktig. For 2003 tek departementet sikte på å oppretthalde nivået på støtta til eit rekrutteringsprogram innan miljø- og utviklingsforsking.

Det skal etablerast ein artsdatabank i 2002. Artsdatabanken skal lokaliserast i Trondheim og vere knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken er ei elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologiske artar. Finansieringa kjem frå fleire departement. Over Utdannings- og forskingsdepartmentet sitt budsjett blir det foreslått å løyve 6 mill. kroner til formålet. Artsdatabanken vil vere operativ i 2003.

5 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Utdannings- og forskingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49:

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2002

Forslag 2003

0202

70

Tilskott til læremiddel o.a.

2 217

35 132

0221

60

Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg

1 587

10 870

0221

63

Tilskott til skolefritidsordningar

3 763

153 203

0224

68

Det samiske utdanningsområdet

2 372

35 712

0226

21

Særskilde driftsutgifter

35 408

381 818

0243

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

5 610

129 056

0248

21

Særskilde driftsutgifter

15 000

166 218

0259

21

Særskilde driftsutgifter

53 592

60 718

0270

75

Tilskott til bygging av studentbustader

88 857

199 959

0281

76

Tilskott til NORDUnet

15 404

22 930

0281

79

Ny universitetsklinikk i Trondheim

40 192

236 589

0283

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

1 867

42 129

6 Oversikt over forslaget til budsjett for Utdannings- og forskingsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

Administrasjon

0200

Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)

152 990

143 563

156 766

9,2

0202

Læringssenteret (jf. kap. 3202)

109 081

109 015

115 477

5,9

0203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)

123 247

103 127

109 812

6,5

0204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)

5 465

5 395

5 600

3,8

0206

Samisk utdanningsadministrasjon

25 938

25 687

26 689

3,9

0210

Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg

95 159

Sum kategori 07.10511 880386 787414 3447,1

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

0221

Grunnskolen (jf. kap. 3221)

1 340 400

1 887 123

1 475 554

-21,8

0222

Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 3222)

52 484

41 767

43 381

3,9

0223

Vidaregåande opplæring

222 172

262 404

18,1

0224

Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring

323 906

266 819

-17,6

0226

Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring

360 268

381 818

6,0

0228

Kvalitetsutvikling i grunnskolen

312 339

0229

Andre formål i grunnskolen

617 064

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

103 121

107 697

4,4

Sum kategori 07.202 322 2872 938 3572 537 673-13,6

Vidaregåande opplæring

0231

Tilskott til vidaregåande opplæring

279 538

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

162 363

0234

Tilskott til lærebedrifter m.m.

293 541

0238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238)

82 397

0239

Andre formål i vidaregåande opplæring

260 967

Sum kategori 07.301 078 806

Andre tiltak i utdanninga

0240

Private skolar mv.

1 193 193

1 319 663

1 775 633

34,6

0243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)

842 199

803 150

833 377

3,8

0248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

182 604

169 226

-7,3

0249

Andre tiltak i utdanninga

146 258

52 349

44 646

-14,7

Sum kategori 07.402 181 6502 357 7662 822 88219,7

Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning

0251

Fagskoleutdanning

110 648

0253

Folkehøgskolar

398 854

406 993

509 100

25,1

0254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)

993 599

903 707

843 723

-6,6

0256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)

63 124

65 260

60 360

-7,5

0258

Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa

87 039

80 063

80 585

0,7

0259

Kompetanseutviklingsprogrammet

90 576

100 718

60 718

-39,7

Sum kategori 07.501 633 1921 556 7411 665 1347,0

Høgre utdanning

0260

Universitetet i Oslo

2 645 907

2 554 665

2 778 775

8,8

0261

Universitetet i Bergen

1 544 076

1 552 737

1 623 346

4,5

0262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 070 595

2 011 902

2 232 589

11,0

0263

Universitetet i Tromsø

891 935

867 846

984 309

13,4

0264

Noregs handelshøgskole

215 872

184 254

211 905

15,0

0265

Arkitekthøgskolen i Oslo

63 929

51 728

75 726

46,4

0268

Noregs idrettshøgskole

103 575

82 625

99 912

20,9

0269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269)

96 832

98 242

113 617

15,7

0270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

399 113

370 887

337 971

-8,9

0273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273)

164 736

198 804

223 016

12,2

0274

Statlege høgskolar (jf. kap. 3274)

6 292 731

6 111 811

6 575 053

7,6

0278

Noregs landbrukshøgskole

514 659

339 471

414 007

22,0

0279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279)

242 928

226 583

264 268

16,6

0281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)

827 489

650 630

830 258

27,6

0282

Privat høgskoleutdanning

398 976

436 021

503 785

15,5

Sum kategori 07.6016 473 35315 738 20617 268 5379,7

Forsking

0283

Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283)

364 606

355 882

371 718

4,4

0285

Noregs forskingsråd

812 207

884 413

1 149 486

30,0

0286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)

6 204 227

3 350 462

3 528 821

5,3

0287

Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)

90 133

295 706

117 353

-60,3

0288

Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)

99 987

130 005

151 819

16,8

Sum kategori 07.707 571 1605 016 4685 319 1976,0

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)

15 850 007

16 439 813

19 582 575

19,1

Sum kategori 07.8015 850 00716 439 81319 582 57519,1

Den norske kyrkja

0294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294)

346 866

0295

Presteskapet (jf. kap. 3295)

591 439

0297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297)

30 968

0299

Opplysningsvesenets fond

52 142

Sum kategori 07.90

1 021 415

Sum programområde 07

48 643 750

44 434 138

49 610 342

11,6

Sum utgifter

48 643 750

44 434 138

49 610 342

11,6

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

01-29

Driftsutgifter

11 464 244

7 701 557

3 782 832

-50,9

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

392 245

229 767

121 465

-47,1

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

8 223 096

10 732 391

18 156 170

69,2

60-69

Overføring til kommunesektoren

3 259 694

2 998 762

2 592 415

-13,6

70-89

Overføring til private

11 014 413

11 405 253

12 031 252

5,5

90-99

Utlån, avdrag o.a.

14 290 058

11 366 408

12 926 208

13,7

Sum under departementet

48 643 750

44 434 138

49 610 342

11,6

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

Administrasjon

3200

Utdannings- og forskings- departementet (jf. kap. 200)

7 536

2 500

2 598

3,9

3202

Læringssenteret (jf. kap. 202)

17 076

19 503

17 564

-9,9

3203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)

22 357

11 655

12 063

3,5

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)

264

212

220

3,8

Sum kategori 07.1047 23333 87032 445-4,2

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

3221

Grunnskolen (jf. kap. 221)

30 095

46 388

41 243

-11,1

3222

Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 222)

3 463

350

364

4,0

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

5 951

6 181

3,9

Sum kategori 07.2033 55852 68947 788-9,3

Vidaregåande opplæring

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

21 296

3238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238)

473

Sum kategori 07.3021 769

Andre tiltak i utdanninga

3243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)

92 485

48 505

45 289

-6,6

Sum kategori 07.4092 48548 50545 289-6,6

Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning

3254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)

53 712

20 074

25 836

28,7

3256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)

14 362

18 188

10 548

-42,0

Sum kategori 07.5068 07438 26236 384-4,9

Høgre utdanning

3264

Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264)

47 080

3265

Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265)

7 305

4 671

-100,0

3268

Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268)

27 094

3269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)

4 442

1 500

1 512

0,8

3273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)

7 516

5 792

5 962

2,9

3274

Statlege høgskolar (jf. kap. 274)

784 604

325 453

4 081

-98,7

3278

Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278)

191 899

3279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)

104 294

81 999

80 023

-2,4

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)

16 679

1 285

1 335

3,9

Sum kategori 07.601 190 913420 70092 913-77,9

Forsking

3283

Meteorologisk institutt (jf. kap. 283)

163 011

147 214

160 954

9,3

3286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)

204 227

525 462

1 251 740

138,2

3287

Forskningsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)

12 400

3288

Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)

4 865

Sum kategori 07.70367 238672 6761 429 959112,6

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

5 629 752

5 448 554

6 713 856

23,2

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

4 767 583

5 377 800

6 033 000

12,2

Sum kategori 07.8010 397 33510 826 35412 746 85617,7

Den norske kyrkja

3294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294)

30 258

3295

Presteskapet (jf. kap. 295)

45 558

3297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297)

12 274

3299

Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299)

52 142

Sum kategori 07.90

140 232

Sum programområde 07

12 358 837

12 093 056

14 431 634

19,3

Sum inntekter

12 358 837

12 093 056

14 431 634

19,3

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2001

Saldert budsjett 2002

Forslag 2003

Pst. endr. 02/03

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

1 713 499

746 394

429 032

-42,5

30-49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

3 343

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

5 150 408

6 037 662

7 441 602

23,3

90-99

Utlån, avdrag o. a.

5 491 587

5 309 000

6 561 000

23,6

Sum under departementet

12 358 837

12 093 056

14 431 634

19,3