Tilråding

Finans- og tolldepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån.

Vi HARALD, Norges Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere desse vedtaka om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån og å godkjenne særskild føring av over- og underkurs ved opptak av statslån i samsvar med eit framlagt forslag.

Tilråding frå Finans- og tolldepartementet ligg ved.