St.prp. nr. 11 (1997-98)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innholdsfortegnelse

2 Innanlandske lån

2.1 Langsiktige lån

Opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjon av obligasjonar. Ein har lagt vekt på å skape ein oversiktleg og likvid marknad, og ein har derfor konsentrert opplåninga om eit fåtal lån som gradvis blir bygde opp til relativt store beløp. Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og små eller ingen forfall i andre år. Desse låna tener som referanselån i den norske obligasjonsmarknaden. Det er for tida fem slike statslån i marknaden, jf. tabell 2.1.

Tabell 2.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 30. september 1997.

VerdipapirnummerFørste gong utlagtForfallNominelt pålydande beløp (mill. kroner)Rentekupong (pst.)Effektiv marknadsrente1) (pst.)
10046228.01.9231.01.9930 0009,003,75
10046622.05.9531.05.0124 0007,005,00
10046327.10.9231.10.0220 0009,505,24
10046527.11.9331.11.0422 0005,755,53
10046708.01.9615.01.0722 0006,755,95

1Gjennomsnittleg midtrente notert av primærhandlarane 30. september 1997.

Salet av statsobligasjonar skjer hovudsakleg ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. I 1996 vart det avvikla til saman fem auksjonar fordelt på vnr. 100466 med forfall 31. mai 2002 og vnr. 100467 med forfall 15. januar 2007. Hittil i 1997 har det vore avvikla fire auksjonar fordelt på vnr. 100466, 100467 og 100465, den siste med forfall 30. november 2004, jf. tabell 2.2.

Auksjonar av statsobligasjonar er opne for alle, og kvar enkelt budgjevar kan gje fleire bud. Kursen på obligasjonane blir fastsett etter prinsippa for såkalla hollandsk auksjon eller einsprisauksjon, dvs. at alle som har gitt aksepterte bud, får tildelt obligasjonar til lågaste aksepterte kurs. Finansdepartementet vurderer med jamne mellomrom salsmetoden for statspapir, og det kan såleis bli aktuelt med endringar i opplegget.

Tabell 2.2 Opptak av innanlandske obligasjonslån i 1996 og per utgangen av 3. kvartal 1997.

AuksjonsdatoVerdipapirnummerKupongrente (pst.)Auksjonsvolum (pålydande mill. kroner.)Effektiv rente (pst.)Samla budvolum i høve til auksjonsvolum
08.01.961004676,757 0006,712,4
11.03.961004667,004 0006,271,9
06.05.961004676,754 0007,082,8
02.09.961004676,753 0007,162,9
11.11.961004667,003 0005,561,4
27.01.971004676,756 0006,023,5
17.03.971004667,002 0004,663,5
26.05.971004676,752 0006,072,3
22.09.971004655,752 0005,623,1

Ein indikator for kor vellukka ein auksjon har vore, er storleiken på den oppnådde effektive renta i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfelle der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. For utvidingane av eksisterande obligasjonslån i perioden 1993-96 har auksjonsresultata gitt ei effektive rente som i gjennomsnitt har lege i overkant av to rentepunkt (0,02 prosentpoeng) over midtrente (gjennomsnitt mellom kjøps- og salsrente) i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet. Hittil i 1997 har auksjonsresultata vore betre, med gjennomsnittleg effektiv rente om lag eitt rentepunkt lågare enn midtrenta i andrehandsmarknaden. Likevel vil det ofte vere slik at marknadsrenta på det lånet som skal utvidast, stig nokre rentepunkt i forkant av auksjonen. Dette er eit utslag av at aktørane i marknadene førebur seg på å motta utvidinga. Statens lånekostnader ligg derfor ofte nokre rentepunkt over dei rentene ein observerer i andrehandsmarknaden.

Ein annan suksessindikator som blir brukt ved vurderinga av ein auksjon, er kor stort det samla budvolumet i auksjonen er i forhold til auksjonsvolumet («bid to cover»). I perioden 1993-96 har dette forholdstalet variert mellom 1,3 og 3,1 for obligasjonsauksjonar. I obligasjonsauksjonane i januar og mars i år var talet 3,5, noko som tyder på stor interesse for desse to auksjonane. I mai- og septemberauksjonen var interessa også tilfredsstillande, med eit forholdstal på høvesvis 2,3 og 3,1. Interesse om auksjonane er viktig for at staten skal oppnå best mogeleg resultat i form av låge lånekostnader.

Endringar i rentenivået kan gje over- eller underkurs når ein utvidar eksisterande lån. I 1996 vart to av auksjonane teikna til overkurs for til saman 313 mill. kroner, medan tre vart teikna til underkurs for totalt 190 mill. kroner. Alle auksjonane hittil i 1997 er teikna til overkurs som til saman utgjorde 602 mill. kroner. Samla vart det utbetalte beløp ved auksjonane i 1996 21 123 mill. kroner. Hittil i 1997 (per 14. november) er det tilsvarande beløpet 12 602 mill. kroner.

Finansdepartementet tar i 1998 sikte på å dekkje ein del av statens lånebehov på 26,2 mrd. kroner ved opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden. For å oppretthalde den nødvendige handlefridomen i finansieringa av staten, vil Finansdepartementet be om at fullmakta til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 40 000 mill. kroner.

Som eit ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det bli aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Slike tilbakekjøp vart m.a. gjort i 1995 for å redusere uteståande i et stort avdragsfritt lån som forfall februar 1996. Eventuelle tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag. Ein kan sitje med eventuelle tilbakekjøpte obligasjonar som ein eigenbehaldning, eller ein kan nedskrive dei mot det aktuelle lånet. Det siste året har ein ikkje kjøpt tilbake obligasjonar i den innanlandske marknaden.

Opptak av nye lån i 1998 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som føregåande år, med eventuelle justeringar i salsmetoden. Det kan bli aktuelt å vurdere nye låneinstrument i tillegg til dei instrumenta ein nyttar i dag.

Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet blir avrekna under ramma for langsiktige lån. Sidan september 1991 har ein hatt ei ordning der Folketrygdfondet kan plassere midlar i form av kontolån på vilkår som, så langt det er mogeleg, svarer til vilkåra for nyare statslån som blir omsette i marknaden. Per 30. september 1997 var uteståande i slike lån 35 200 mill. kroner. Til samanlikning var uteståande 28 500 mill. kroner ved det siste årsskiftet og 26 500 mill. kroner per 30. september i fjor.

Tabell 2.3 viser uteståande beløp dersom fullmakta for nye langsiktige lån på 40 000 mill. kroner i 1998 blir nytta fullt ut.

Tabell 2.3 Uteståande langsiktige statslån innanlands1). Mill. kroner.

Uteståande 31. desember 1996154 797
-avdrag i 19973 262
+berekna låneopptak i 199720 700
=Uteståande 31. desember 1997172 235
+forslag til fullmakt for nye lån i 199840 000
-avdrag i 19983 251
=Maksimalt uteståande 31. desember 19982)208 984

1Inkl. langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.

2Ved full utnytting av ramma for 1998.

2.2 Grunnkjøpsobligasjonar

Ordninga med bruk av grunnkjøpsobligasjonar ved offentleg overtaking av grunn vart foreslått i St prp nr 38 (1964-65) Om fullmakt til å utferde spesielle grunnkjøpsobligasjonar. Ordninga er avvikla, men det kan framleis utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991.

Den gjeldande fullmakta til å utferde grunnkjøpsobligasjonar er på 3 400 mill. kroner (jf. St prp nr 18 og Innst S nr 54 for 1996-97). Denne fullmakta omfattar etter det innarbeidde opplegget summen av dei grunnkjøpsobligasjonane som har vorte utferda sidan ordninga vart innførd. Det vart sist utferda grunnkjøpsobligasjonar i november 1996, og då for eit beløp på 1,6 mill kroner. Det er til saman utferda grunnkjøpsobligasjonar for 3 324 mill. kroner sidan ordninga vart innførd. Per 31. desember 1996 var statens gjeld under grunnkjøpslån på 452,7 mill. kroner. Ein har då tatt omsyn til avdrag og andre tilbakebetalingar på desse låna.

Ein foreslår at fullmakta blir halden uendra på 3 400 mill. kroner og at ein under denne ramma også kan utferde grunnkjøpsobligasjonar i 1998 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991.

2.3 Kortsiktige lån

2.3.1 Kortsiktige marknadspapir

Opptak av kortsiktige lån i den innanlandske marknaden skjer i all hovudsak gjennom auksjon av statssertifikat. Som for statsobligasjonar blir det publisert ein auksjonskalender. I kalenderen for inneverande år er det lagt opp til ein auksjon i månaden. Kalenderen er ikkje bindande, dvs at auksjonar kan avlysast eller supplerast. Som omtalt under avsnitt 1.3, vart det i januar i år naudsynt å halde auksjonar utover den eine som vart førehandsannonsert for å trekkje inn overskotslikviditet i pengemarknaden som følgje av Noregs Banks intervensjonar i valutamarknaden. Med bakgrunn i at det var behov for å jamne ut svingningar i likviditeten, heldt ein i juli i år ein ekstra auksjon i eit nytt statssertifikat, vnr. 200039, med forfall tilpassa skatteinnbetalingane i november.

Auksjonar av statssertifikat er berre opne for verdipapirføretak. Kvar budgjevar kan gje fleire bud med ulik pris og volum. Minste budvolum er ein mill. kroner. Den enkelte budgjevar som får tildelt sertifikat, betaler ein kurs svarande til det rentebudet vedkommande har gjeve. Denne auksjonsforma blir kalla ordinær auksjon eller fleirprisauksjon og er altså noko ulik auksjonforma for statsobligasjonar, jf. avsnitt 2.2. Som omtalt framanfor vurderer Finansdepartementet med jamne mellomrom instrumentbruken, salsforma o.l. i statsopplåninga, og det kan såleis bli aktuelt med endringar i opplegget.

Tabell 2.4 Opptak av innenlandske sertifikatlån1). Desember 1996- november 1997

AuksjonsdatoVerdipapirnummerForfallsdatoKupongrente (pst.)Auksjonsvolum (pålydande mill. kroner)Effektiv rente (pst.)Midtrente i pengemarknaden2) (pst.)Budvolum i høve til auksjonsvolum
16.12.9620003517.12.974,305 5004,444,422,4
02.01.9720003219.03.974,7012 0004,133,892,9
06.01.9720003517.12.974,305 0004,003,874,3
15.01.9720003219.03.974,7012 0003,403,272,7
20.01.9720003620.05.973,5012 5003,353,322,6
03.02.9720003318.06.974,803 0003,533,572,6
03.03.9720003620.05.973,502 0003,493,522,1
07.04.9720003718.03.973,703 5003,893,943,0
05.05.9720003718.03.973,702 0003,703,763,3
02.06.9720003718.03.973,702 0003,703,783,6
07.07.9720003817.06.974,005 5004,164,211,3
10.07.9720003917.11.974,005 5004,014,011,9
04.08.9720003917.11.974,004 0004,224,131,1
01.09.9720003817.06.974,003 0004,344,394,6
06.10.9720004016.09.984,104 5004,074,102,9
03.11.9720004016.09.984,103 0004,364,432,8

1Etterteikning som Noregs Bank gjer er ikkje medrekna. Dette utgjer 1 500 mill. kroner hittil i 1997.

2Gjennomsnitt av bankane sine innlåns- og utlånsrenter i valutaswapmarknaden på auksjonstidpunktet. Interpolert og omrekna til effektive renter på faktisk/365-basis.

Målt i forhold til renta i andrehandsmarknaden har sertifikatauksjonane jamt over gitt brukbare resultat. Det kan likevel vere vel så relevant å jamføre resultatet av auksjonane med rentene i pengemarknaden. I utgangspunktet skulle ein vente at renta på statspapir (risikofri rente) ligg under tilsvarande rente i pengemarknaden. Likevel har renta staten har oppnådd i sertifikatauksjonane det siste året ved fleire høve lege over midtrenta i pengemarknaden (gjennomsnittet av bankane si kjøps- og salsrente). Dette kan bl.a. skuldast at statens kortsiktige opplåning blir nytta aktivt i gjennomføringa av pengepolitikken. Spesielt dårleg var resultatet i dei fire auksjonane i januar, då staten fekk ei effektiv rente som låg 13-17 basispunkt over midtrenta i pengemarknaden, og i auksjonen i august då statens rente låg om lag 9 punkt over. Dei dårlege resultata i januar må sjåast i samanheng med det ekstraordinært store inndragingsbehovet ved inngangen til 1997. Det svake resultatet i august er truleg eit tilfeldig utslag av fleire ting, bl.a. ferieavvikling hos sentrale marknadsaktørar, som kan ha redusert deltakinga i auksjonen. Samla budvolum var berre marginalt større enn auksjonsvolumet, jf. tabell 2.4.

Fullmakta under kortsiktige marknadspapir omfattar opplåning i form av statssertifikat og andre kortsiktige verdipapir. Folketrygdfondets kontolånsplasseringar til statskassen som er knytt til avkastninga på konkrete kortsiktige statspapir, blir også avrekna under denne fullmakta. Sal av kortsiktige statspapir utgjer eit vesentleg element i den pengepolitiske styringa. Fullmaktene under kortsiktige lån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp og ikkje som ei ramme for nye låneopptak. Ved Stortinget sitt vedtak i 1996, jf. St prp nr 18 og Innst S nr 54 for 1996-97, vart Finansdepartementet si fullmakt til å ha slike lån sett til 100 000 mill. kroner. Denne fullmaktsramma vart på det næraste uttømt i vinter som følgje av behovet for å trekkje inn likviditet for å nøytralisere verknadene av Noregs Bank sine valutaintervensjonar. På det meste vart samla uteståande 97 000 mill. kroner. I samband med handsaminga av Revidert Nasjonalbudsjett i 1997 vart derfor fullmakta for samla uteståande kortsiktige marknadslån utvida til 150 000 mill. kroner, jf. St prp nr 63 (1996-97) og Innst S nr 295 (1996-97).

Per 30. september 1997 hadde staten 36,5 mrd. kroner uteståande i statssertifikat under denne fullmakta. I tillegg var det kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet for 7,5 mrd. kroner. Sidan sal av kortsiktige statspapir blir nytta i den pengepolitiske styringa, er det behov for rommelege rammer. Ein foreslår såleis at fullmakta til å ha kortsiktige lån blir halden uendra på 150 000 mill. kroner.

2.3.2 Andre kortsiktige lån

Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond saman med eventuelle kontolån frå institusjonar med statleg finansiering som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Per 30. september 1997 var dei totale plasseringane under fullmakta 53,4 mrd. kroner.

Postbanken (postgirodelen), som er den største plasseraren, hadde per 30. september 1997 plassert 44,6 mrd. kroner under denne ordninga. Postbankens plasseringar har i hovudsak sitt grunnlag i likviditetsoverskotet på inn- og utbetalingar til og frå staten (m.a. skattar). Postbankens kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Så langt i 1997 har inneståande på det meste vore oppe i 67,9 mrd. kroner.

Konsernkontoordninga for staten, som er under innføring, jf. omtale i kap 7 i Gul bok 1998, vil føre til at inn- og utbetalingar som tidlegare har blitt ståande ein eller fleire dagar i betalingssystemet (Postbanken og andre bankar), skal overførast statens konto i Noregs Bank med valutering same dag som betalinga skjer. Postbanken er etter dagens ordning pålagd å plassere den likviditeten banken får ved statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten.

På bakgrunn av at Postbanken framleis vil ha store plasseringsbehov rundt skatteinnbetalingane foreslår ein at fullmakta til å ha andre kortsiktige lån blir halden uendra på 90 000 mill. kroner.