St.prp. nr. 11 (1997-98)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innholdsfortegnelse

3 Statens lån i utlandet

3.1 Forvaltninga av utanlandsgjelda

Finansdepartementet har for 1997 fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet for eit beløp som motsvarer 10 000 mill. kroner rekna etter valutakursane 30. september 1996. Under denne ramma er det i 1997 tatt opp eitt lån i Den europeiske investeringsbanken (EIB) på 60 mrd. italienske lire, dvs om lag 250 mill. kroner ved dagens valutakursar. Lånet er knytt til finansiering av samferdselsprosjekt under programmet for det transeuropeiske transport- og energinettverket (TEN).

Som rapportert for tidlegare år, har Finansdepartementet også i 1997 inngått rente- og valutabyteavtalar for å få den rente- og valutaeksponeringa ein finn ønskjeleg. Avtalane som er inngått det siste året har alle vore transaksjonar for å betre avkastninga på Noregs Banks immuniseringsportefølje samtidig som sikringa av staten utanlandslån blir oppretthalden, jf. pkt. 3.2. Finansdepartementet vurderer løpande bruken av ulike instrument i kapital- og valutamarknadene for å oppnå den samansetjinga av porteføljen som ein til ei kvar tid finn mest høveleg.

Det vil kunne vere ein viss risiko for at motparten i desse avtalane ikkje vil vere i stand til å oppfylle sine skyldnader. Sjølv om skyldnader og tilgodehavande på avtaletidspunktet balanserer, vil utviklinga i valutakursane og i rentenivået kunne føre til at det byggjer seg opp relativt betydelege skyldnader eller tilgodehavande på ein enkelt motpart. Finansdepartementet gjer derfor berre avtalar med velrenommerte finansinstitusjonar som blir vurderte som særleg kredittverdige av dei største kredittvurderingsselskapa. Skyldnader under rente- og valutabytteavtalar blir avrekna mot Finansdepartementets fullmakter for utanlandslån.

Tabell 3.1 Statens utanlandsgjeld per 30. september 1997. Skyldnader i dei ulike valutaene1)

Pålydande i mill.Omrekna til mill. kronerAndel i pst.
Tyske mark1 4405 78226,7
Amerikanske dollar2171 5427,1
Japanske yen82 9874 85422,4
ECU (den europeiske pengeeininga)1381 0885,0
Britiske pund1972 25210,4
Franske franc1 3301 5907,3
Belgiske franc5 5111 0724,9
Italienske lire388 1171 5927,3
Kanadiske dollar3741 9238,9
Svenske kroner220,0
Totalt21 697100,0

1Omsyn tatt til gjennomførde valutabyteavtalar.

Tabell 3.1 viser statens utanlandsgjeld fordelt på valutaslag. Rekna etter valutakursane 30. september 1997 utgjer denne porteføljen motverdien av 21 696 mill. norske kroner. Renta for 66,7 pst. av gjelda var fast for heile løpetida medan resten var knytt til utviklinga i interbankrenta. Staten har berre tatt opp lån med 5 til 10 års løpetid.

Ein reknar med at det framleis vil vere føremålstenleg å ha fullmakt for opptak av nye statslån i valuta. Det synest uaktuelt å ta opp nye utanlandslån av pengepolitiske årsaker, men av reint forretningsmessige årsaker vil det også i 1998 vere føremålstenleg å ha høve til å ta opp nye lån i situasjonar der dette kan føre til lågare kostnader eller mindre risiko samla sett for statens gjeldsforvaltning. På denne bakgrunnen foreslår ein at Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp inntil 10 000 mill. kroner i nye lån i utlandet. Under denne ramma vil ein også rekne eventuelle nye lån frå Den europeiske investeringsbanken.

Som eit ledd i forvaltninga av låneporteføljen vurderer ein tilbakekjøp av obligasjonar i uteståande lån med tanke på å redusere nettokostnadene når ein ser statens utanlandsgjeld og Noregs Banks immuniseringsportefølje under eitt. Tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag, men det kan vere aktuelt å sitje med dei oppkjøpte obligasjonane som ei eigenbehaldning. I den grad det er føremålstenleg tar ein likevel sikte på å nedskrive dei tilbakekjøpte obligasjonane mot lånet. Noregs Bank har for eiga rekning kjøpt norske statsobligasjonar denominert i utanlandsk valuta og det kan bli aktuelt for staten å overta desse. Samla pålydande verdi for Noregs Banks behaldning av slike obligasjonar per 30. september i år motsvarde 1 040 mill. norske kroner.

Oppstillinga i tabell 3.2 viser utviklinga i statens utanlandsgjeld dersom foreslått fullmakt for nye lån i 1998 blir nytta fullt ut.

Tabell 3.2 Statens uteståande gjeld i utanlandsk valuta1)

Mill. kroner
Gjeld per 31. desember 19962 )44 522
-berekna reduksjon på gamle lån i 19973)4)23 077
+låneopptak i 1997252
=Gjeld per 31. desember 19974)21 697
-avdrag i 19984 )15 224
+forslag til fullmakt for nye lån i 199810 000
=Maksimal gjeld per 31. desember 19985)16 473

1Berekningane er gjorde på grunnlag av faktiske skyldnader, dvs. at ein har tatt omsyn til gjennomførde valutabyteavtalar.

2Netto gjeld under separate valutabyteavtalar som er inngått i tilknyting til dei ulike låna er 2 072,6 mill. kroner.

3Av dette skriv 23 104 mill. kroner seg frå avdrag og 27 mill. kroner frå gevinst som følgje av valutakursendringar rekna på grunnlag av kursane 30. september 1997.

4Utrekna på grunnlag av valutakursane 30. september 1997. I budsjettdokument, jf. tabell 1, er avdrag basert på valutakursar 31. juli 1997. Skilnaden i avdragsbeløp skriv seg hovudsakleg frå oppgang i verdien på den norske krona. Kroneindeksen var 98,8 per 30. september, ein oppgang på 3,8 pst frå 31. juli.

5Ved full utnytting av ramma for 1998.

3.2 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Kostnadene ved opplåning i utanlandsk valuta vil ved sida av rentene som blir betalte på låna, vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane. Det er stor uvisse knytt til kursutviklinga og lånekostnadene kan derfor variere sterkt.

For å minimere denne uvissa for statsforvaltninga har Noregs Bank og Finansdepartementet sidan utgangen av 1994 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av valutareservane (kalla «immuniseringsporteføljen») svarande til storleiken på statens utanlandsgjeld vart skilt ut og plassert med ei samansetjing som om lag svarer til eksponeringa på gjelda. For kvart utanlandslån staten har, vil det generelt vere eit motsvarande tilgodehavande i immuniseringsporteføljen i same valuta og med om lag same durasjon og løpetid. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar. Dersom det skulle bli aktuelt å nytte større deler av Noregs Banks valutareservar til intervensjonar for å halde kronekursen stabil, vil sikringa gjennom immuniseringsporteføljen kunne bli redusert.

Den rekneskapsmessige samordninga vart gjennomførd 1. januar 1995, jf. St prp nr 14 (1995-96) og St prp nr 18 (1996-97). Noregs Banks avkastning på immuniseringsporteføljen blir godskriven/belasta staten, og sentralbanken har dermed ikkje lenger nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er avsett til sikring av statens utanlandsgjeld.

1

Figur 3.1 gjev eit bilete av samordninga mellom Noregs Banks immuniseringsportefølje og statens utanlandsgjeld per 30 september i år. Valutafordelinga i dei to porteføljane er nesten identisk, medan det er enkelte marginale avvik når det gjeld durasjon. Sett under eitt er valutarisikoen såleis nær eliminert og renteriskoen svært liten.

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen.

Figur 3.1 Immuniseringsporteføljen og gjeldsporteføljen.

Kilde: Kjelde: Noregs Bank og Finansdepartementet.

Fotnoter

1.

Pga. kurstap kan denne avkastninga i perioder bli negativ.