St.prp. nr. 14 (1996-97)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1996

Til innholdsfortegnelse

2 forklaring på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Lønn og godtgjersle

Posten er foreslått netto redusert med 110.254 mill kroner.

Lokal forvaltningsmyndighet - organisasjon

Ny struktur i lokal forvaltningsmyndighet (LFM) medførte behov for til dels store budsjettmessige endringar. Då dette ikkje vart klart ved utarbeidinga av budsjettet for 1996. er justeringane naudsynte ved denne omgrupperinga. Endringane omfattar både omfordeling av personalrelaterte drifts- og vedlikehaldsutgifter på post 01 og drift- og vedlikehaldsmidlar på post 11. Ovannevnte medfører ikkje endringar i totalramma. men gir utslag i fordelinga både mellom postane og kapitla.

Tilbakeføring av midlar omdisponert frå FrG i 1995

På grunn av forseinka framdrift på prosjektet FrG. vart det ved omgrupperingsproposisjonen for 1995 omdisponert 73.649 mill kroner frå FrG til fleire andre kapittel. Desse midlane er ved denne omgrupperinga ført tilbake til FrG frå fleire driftskapittel både frå post 01 og 11.

Dekking av tidlegare overskridingar

Grunna store overskridingar på prosjekt i Sjøforsvaret og Luftforsvaret i 1994. vart det i samenheng med omgrupperinga i fjor omdisponert midlar frå kap 1760. post 45 til desse kapitla. Midlane er ved denne omgrupperinga ført attende til kap 1760.

Til dekking av meirbehov på kap 1725. post 50 Overføring Statens pensjonskasse og post 72 Avgangsstimulerande tiltak vart kapitlet ved omgrupperinga i 1995 tilført ca 70 mill kroner frå kap 1761 Forsvarets relokalisering Gardermoen. Desse midlane er ved denne omgrupperinga ført tilbake til kap 1761 frå driftspostana 01 og 11.

For lite innbetalt arbeidsgivaravgift i 1993 og 1994

I 1993 og 1994 betalte Forsvaret til saman 34.2 mill kroner for lite i arbeidsgivaravgift. Dette vart først oppdaga i 1995 og departementet tok med ein gong kontakt med Finansdepartementet som kom fram til at midlane kunne førast tilbake til statskassen ved rekning. Summen er såleis alt utbetalt over kap 1725 og midlane vil ved omgrupperinga ikkje få rammemessige konsekvensar. men vert fordelt på dei einskilde kapitla etter ei prosentvis fordeling. Midlane er ført tilbake til kap 1725 både frå post 01 og 11.

2.1.2 Post 11 Varer og tenester

Posten er foreslått netto redusert med 278.192 mill kroner.

Kap 1794 NATO sin Bosnia-styrke

Det er rekna med eit mindrebehov på kap 1794 NATOs Bosnia-styrke på totalt 230 mill. Av det totale mindrebehovet skuldast 130 mill kroner dels usikre prognosar på budsjetteringstidspunktet og dels innsparingar på drifta. Desse midlane vert foreslått permanent ført tilbake til statskassen. Resten av midlane skuldast at Forsvarsdepartementet i Revidert nasjonalbudsjett vart løyvd 100 mill kroner til tilbaketrekking av dei norske IFOR-styrkane. Ei eventuell tilbaketrekking vil stort sett verte utgiftsført i 1997. og midlane vert foreslått ført tilbake til statskassen med føresetnad av nyløyving når endeleg tilbaketrekking er vedtatt. Forsvarsdepartementet minner om at av midlane løyvde til IFOR-operasjonene. vart 300 mill kroner omdisponert frå materiellinvesteringane og ein foreslår at også desse midlane vert løyvde på nytt ved behov.

Departementet foreslår at ei eventuell framleis norsk deltaking i ei internasjonal fredsstyrke i Bosnia etter utløpet av noverande mandat. vert finansiert ved ei tilleggsløyving.

Lokal forvaltningsmyndighet - organisasjon

Ny struktur i lokal forvaltningsmyndighet (LFM) medførte behov for til dels store budsjettendringar. Då dette ikkje vart klart ved utarbeidinga av budsjettet for 1996. er justeringane naudsynte ved denne omgrupperinga. Endringane omfattar både omfordeling av personalrelaterte utgifter på post 01 og drift- og vedlikehaldsmidlar på post 11. Ovannemnde medfører ikkje endringar i totalramma. men gir utslag i fordelinga både mellom postane og kapitla.

Tilbakeføring av midlar omdisponert frå FRG i 1995

På grunn av forseinka framdrift på prosjektet FRG vart det ved omgrupperingsproposisjonen for 1995 omdisponert 73.649 mill kroner frå Gardermoen til fleire andre kapittel. Desse midlane er ved denne omgrupperinga ført tilbake til FRG frå fleire driftskapittel både frå post 01 og 11.

Dekking av tidlegare overskridingar

Grunna store overskridingar på prosjekt i Sjøforsvaret og Luftforsvaret i 1994. vart det i samenheng med omgrupperinga i fjor omdisponert midlar frå kap 1760. post 45 til desse kapitla. Midlane er ved denne omgrupperinga ført attende til kap 1760.

Til dekking av meirbehov på kap 1725. post 50 Overføring Statens pensjonskasse og post 72 Avgangsstimulerande tiltak. vart kapitlet ved omgrupperinga i 1995 tilført ca 70 mill kroner frå kap 1761 Forsvarets relokalisering Gardermoen. Desse midlane er ved denne omgrupperinga ført tilbake til kap 1761 frå driftspostana 01 og 11.

For lite innbetalt arbeidsgivaravgift i 1993 og 1994

I 1993 og 1994 betalte Forsvaret til saman 34.2 mill kroner for lite i arbeidsgivaravgift. Dette vart først oppdaga i 1995 og departementet tok med ein gong kontakt med Finansdepartementet som kom fram til at midlane kunne førast tilbake til statskassen ved rekning. Summen er såleis alt utbetalt over kap 1725 og midlane vil ved omgrupperinga ikkje få rammemessige konsekvensar. men verte fordelt på dei einskilde kapitla etter ei prosentvis fordeling. Midlane er ført tilbake til kap 1725 både frå post 01 og 11.

Ymse

Posten er tilført midlar ved tilsvarande auka inntekter. Det er og flytta midlar frå grunntilskotet til Forsvarets bygningsteneste til kap 1760. post 11. noko som er ei budsjetteknisk omdiponering.

2.1.3 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 64.579 mill kroner.

Auken skuldast i alt vesentleg midlar som i 1994 mellombels vart omdisponert til andre kapittel og som ved denne omgrupperinga er foreslått ført tilbake.

Posten har og stilt ubrukte midlar frå FO/E si deltaking i IFOR til disposisjon for bygg- og anleggsinvesteringar.

2.1.4 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 20 mill kroner.

Løyvinga representerer ei reserve for Forsvarsdepartementet som ved omgrupperinga vert overført Forsvarets overkommando til fordeling. Midlane vert foreslått nytta til bygg- og anleggsinvesteringar og til dekning av 2.782 mill kroner i driftsstøtte som Stiftelsen Det Norske Sivile Luftfartsmuseum er løyvd over Forsvarsbudsjettet.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått netto redusert med 15.292 mill kroner.

Reduksjonen gjeld mellom anna midlar som vart tilført Forsvarets etteretningsteneste med bakgrunn i ei mellombels omdiponering som vart gjort i 1994. midlar tilført bygg og anleggsinvesteringar for finansiering av Hærens anlegg for strid i utbygd område. dekking av overskriding i 1995 og reduserte inntekter på royalties.

Posten er og tilført midlar som i hovudsak gjeld auka inntekter ved sal av materiell. midlar tilført frå post 11 til nyskaffing av utstyrssats for internasjonale operasjonar. tilbakeførte midlar frå driftspostar som følgje av omdisponeringar i 1995 og midlar tilført frå kap 1760. post 47 til nyskaffing av utstyrssats ved sikringstiltak for lagra i Forsvaret.

2.1.6 Post 47 Nye bygg og anlegg

Posten er foreslått netto auka med 386.790 mill kroner.

Posten vert tilført 230 mill kroner frå fellesfinansierte bygg- og anleggsinvesteringar. I 1995 vart det overført 227.3 mill kroner til 1996 på kap 1760. post 48. Dette skuldast mellom anna at tidlegare prefinansierte prosjekt vart autorisert i 1995. For vidareføring av andre prefinasierte prosjekt som er i produksjon i 1996 og 1997 er det no behov for å tilføra midlar til post 47. Ein del av desse midlane vil og verte brukt til finansiering av nasjonale prosjekt som vart utsett avdi prefinansiering av prosjekt vart prioritert. jfr St prp nr 67 (1992-93).

I tillegg er posten tilført midlar til generell styrking av investeringar innan bygg og anlegg sektoren. Den er tilført midlar frå Sjøforsvaret og Luftforsvaret til fleire mindre bygningstekniske tiltak. Posten er tilført midlar frå driftspostane for gjennomføring av ein teknisk brannvernplan og som følgje av auka inntekter.

Kap 1761 er tilført 73.649 mill kroner. som i 1995 vart omdiponert til dekning av meirbehov på overføring til Statens pensjonskasse og avgangsstimulerande tiltak. Vidare er kapitlet tilført midlar i form av auka inntekter og intern omdisponering frå post 01 og 11 på same kapitlet.

Posten er og redusert for å dekkje overskriding i 1995 og ein omdisponering til post 45 for nyskaffing av utstyrssats i samanheng med sikringstiltak for Forsvaret sine lager og ei mindre omdisponering til Forsvarets etterretningsteneste for tilleggsarbeid på prosjekt 2010 Lutvann.

2.1.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeider

Posten er foreslått redusert med 227.799 mill kroner.

230.0 mill kroner på kap 1760 er flytta til post 47 for prefinansiering av bygg- og anleggsprosjekt for NATO. sjå nærare forklaring under post 47.

Det er og søkt om ei tilleggsløyving på 2.2 mill kroner grunna ei meirintekt som ikkje vart søkt overført i 1995.

2.1.8 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 69.627 mill kroner. Auken gjeld utgifter til førtidspensjon for sivilt tilsett personell.

2.1.9 Post 51 Tilskudd til Forsvarets forskningsinstitutt

Posten er foreslått redusert med 80.000 mill kroner. Reduksjonen gjeld dekning av ei tilsvarande overskriding i 1995. Sjå nærare forklaring i del I.

2.1.10 Post 52 Tilskot til Forsvarets bygningsteneste

Posten er foreslått redusert med 26.000 mill kroner grunna reduksjon av grunntilskotet til Forsvarets bygningsteneste mot tilsvarande auke i oppdragsfinansieringa over kap 1760. post 11.

2.1.11 Post 70 Renter

Posten er foreslått redusert med 3.500 mill kroner. Dette skuldast redusert utbetaling av rentestønad og utbetaling for garantiansvar.

2.1.12 Post 72 Avgangsstimulerande tiltak

Posten er foreslått auka med 11.776 mill kroner som gjeld avgangskontraktar for sivilt og militært personell.

2.1.13 Post 73 Forskning og utvikling

Posten er foreslått auka med 0.7 mill kroner til dekning av forskingsprosjekt. Prosjektet. leda av NUPI. om operative erfaringer frå UNPROFOR. er retta mot å hausta lærdom for framtidige FN-operasjonar.

2.1.14 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 2.000 mill kroner til dekking av ei tilsvarande overskriding på kap 1760 i 1995.

2.1.15 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1.600 mill kroner som gjeld redusert behov på kap 1719 for utbetaling av forskot i samanheng med virksemda ved Forsvaret si låneordning.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 16.696 mill kroner.

Auken gjeld sal av vedlikehaldstenestar ved Luftforsvarets hovudverksted. auka refusjonar for ambulanseoppdrag. auka refusjonar frå FN og auka bilettintekter ved «Hjemmefrontmuseet».

Posten er og redusert grunna reduserte personellrefusjonar for lokalt ansatt personell ved HQ NORTH/FKS og reduserte personellrefusjonar for MEB-lager i Trøndelag

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 8.083 mill kroner.

Auka gjeld leigeinntekter. inntekter frå tilfeldig materiellsalg og konvensjonalbøter. materiellrefusjonar for alliert lagring i Nord-Noreg og MEB-lager i Luftforsvaret. inntekter frå ambulanseoppdrag. refusjonar frå FN. inntekter frå sal av kursplasser og «Jobbklar 97». inntekter frå leasingavtale med Finland og refusjon ved flytting av plasthall.

Posten er og redusert grunna lågare inntekter frå sal av kart. reduserte inntekter frå sal av utrangert materiell og reduserte tilbakeføringar frå dei såkalla FMS-Cases og omdisponerte inntekter ved desentralisert inntektsføring av royalties-inntekter

2.2.3 Post 15 Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

Posten er foreslått auka med 8.631 mill kroner og gjeld auka refusjon for lærlingar frå Arbeidsmarknadsetaten

2.2.4 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått løyvd med 10.500 mill kroner som gjeld inntekter i form av konvensjonalbøter i samanheng med materiellinvesteringsprosjekt ved Hærens forsyningskommando.

2.2.5 Post 47 Sal av eigedom

Posten er foreslått auka med 39.361 mill kroner som gjeld inntekter ved salg av eiendom.

23.5 mill kroner gjeld sal av Leangen og Granåsen leir som i samsvar med St prp nr 20 (1991-92). jfr Innst S nr 58 (1991-92). der alt var føresett tilført kap 60. post 47 for kjøp og omstilling av Lade-bygget i Trondheim. Restsummen gjeld sal av eigedom på kapitlet for Forsvarets relokalisering Gardermoen.

2.2.6 Post 70 Renteinntekter

Posten er foreslått redusert med 1.779 mill kroner og gjeld reduserte renteinntekter grunna lågare rentenivå og mindre utlånsvolum enn forutsatt.

2.2.7 Post 90 Lån til boligformål

Posten er foreslått auka med 4.926 mill kroner og gjeld tilbakebetaling av avdrag på lån og tilbakebetaling av forskot til Befalet si låneordning.

Til forsiden