St.prp. nr. 14 (1996-97)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 1996. Formålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 1996 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonens kompliserte form har gjort den uoversikteleg og vanskeleg å forstå. Det er i den samanheng frå Forsvarskomiteen si side ytra ønskje om at proposisjonen vert utforma på ein meir forståelig måte.

Forsvarsdepartementet har ved utarbeidinga av denne proposisjonen valgt å tona ned dei detaljerte forklaringar på det enkelte kapittel og lagt vekt på hovudårsakar til økningar/reduksjonar på postnivå. Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen i denne proposisjonen.

1.2 Forhold som endrer ramma for 1996-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 1995

Ved rekneskapsavsluttinga for 1995 kom det fram eit meirforbruk under enkelte kapittel på totalt 109,068 mill kroner. Desse midlane vil verte dekte ved at ramma for 1996 vert føreslått redusert med ein tilsvarande sum, fordelt på dei kapitla som stod for overskridingane.

1.2.2 Midler ført attende til Statskassen (IFOR)

For å få løyvingingane under kap 1794 NATOs Bosnia-styrke overens med rekna forbruk, vert det foreslått at 230 mill kroner frå kapitlet vert ført attende til Statskassen.

1.2.3 Netto meirinntekter i 1996

Det er rekna med at det i 1996 vil verte ei netto meirinntekt på 86,418 mill kroner i forhold til det som vart løyvd i St prp nr 1 (1995-96). Desse midlane vert søkt lagt til ramma under tilvisning til vedtakspost IV i St prp nr 1 (1995-96) som gir Forsvaret ein generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet unntatt militære bøter.

1.2.4 Tilleggsløyvingar i 1996

Tabell 1.1 Det vert gjort framlegg om følgjande tilleggsløyvingar:

Forsvarets relokalisering Gardermoen3,100 mill kr
FN-teneste16,170 mill kr
Fellesfinansierte bygg- og anleggsinvesteringar2,201 mill kr
Sum tilleggsløyving21,471 mill kr

Nedanfor er ein nærare omtale av framlegg om tilleggsløyvingar:

Forsvarets relokalisering Gardermoen (FrG). kap 1761. post 11 - 3.1 mill kroner.

Midlane vart ført tilbake til statskassen. som følgje av overføringsbegrensinga på 5 prosent. då ein bad om overføring av ubrukte løyvingar frå 1995 til 1996.

FrG er eit unikt prosjekt som opererer ut frå ei totalramme fordelt på postane 01. 11 og 47. Fordelinga mellom postane er avhengig av framdrifta på prosjektet. Det har vist seg svært vanskeleg å budsjettera nøyaktig på dette kapitlet. Sidan størsteparten av midlane er løyvd utanfrå. og med bakgrunn i at midlane vil verte brukte innan prosjekttida. verkar det urimeleg at midlar i eit budsjettår vert trekt attende til fordel for statskassen.

FN-teneste. kap 1792. post 11 - 16.170 mill kroner.

Midlane vart. som følgje av overføringsbegrensinga på 5 prosent. ikkje søkt lagt til totalramma. men ført attende til statskassen då ein bad om overføring av ubrukte løyvingar frå 1995 til 1996. Noregs faste delegasjon til FN i New York vart sommaren 1995 meddelt at organisasjonen sin økonomiske stilling var svært vanskeleg. og at FN difor hadde innstilt betaling av refusjonar til troppebidragsytarar og oppgjer for «Letter of Assist» inntil vidare. Dette vart innarbeidd i omgrupperingsforslaget til FD.

FN vart likevel betalingsdyktig ultimo 1995 og ekspederte innan november og desember utbetaling av refusjonar og oppgjer på i alt 45.2 mill kroner. Det var ikkje mogeleg å fange opp denne nye situasjonen innanfor dei gitte tidsfristane.

Fellesfinansierte bygg- og anleggsinvesteringar. kap 1760. post 48 - 2.201 mill kroner.

Midlane skyldast ei meirinntekt som ikkje vart søkt overført til 1996.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperingsproposisjonen

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (S III) for 1996 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke. I 1996 er det for forsvarsbudsjettet føreteke løyvingsendringar ved følgjande:

  • St prp nr 79 (1995-96). jfr Innst S nr 248 (1995-96). «Om endringer i regulativ for tillegg mv til utskrevne vernepliktige mannskaper» medførde ei rammeauke på 33.991 mill kroner.

  • St prp nr 58 (1995-96). jfr Innst S nr 283 (1995-96). «Omprioriteringer og tilleggsløyvingar på Statsbudsjettet 1996» medførde ei rammeauke på 100 mill kroner i samband med IFOR.

  • St prp nr 58 (1995-96). jfr Innst S nr 283 (1995-96). «Omprioriteringer og tilleggsløyvingar på Statsbudsjettet 1996» medførde ein rammereduksjon på 119.1 mill kroner i samband med redusert priskompensasjon

Tabell 1.2 Løyvinga før omgrupperinga 1996 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

S III 199624 254 639
Innst S nr 248 (1995-96)33 991
Innst S nr 283 (1995-96)100 000
Innst S nr 283 (1995-96)-119 000
Løyving før omgruppering24 269 530

Tabell 1.3 Netto mindrebehov i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 1995-109 068
Midler ført attende til Statskassen (IFOR)-230 000
Netto meirinntekter i 199686 418
Tilleggsløyvingar i 199621 471
Sum behov ved omgrupperinga-231 179
Total løyving etter omgrupperinga24 038 351

Departementet foreslår på denne bakgrunn at løyvingane vert endra slik at utgiftsramma vert redusert med 231.179 mill kroner og inntektsramma auka med 86.418 mill kroner.

1.3.2 Utgifter

Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg -
Meirutg +
01Løn og godtgjersle-110 254
11Varer og tenester-278 192
21Spesielle driftsutgifter64 579
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-20 000
45Store nyskaffingar-15 292
47Nye bygg og anlegg386 790
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-227 799
50Overføringar til statsinstitusjonar69 627
51Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt-80 000
52Tilskot til Forsvarets bygningsteneste-26 000
70Rentestønad-3 500
71Overføring til andre-14
72Tilskot til private11 776
73Forsking og utvikling700
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid,
Noregs tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO-2 000
90Lån til private-1 600
Sum-231 179

1.3.3 Inntekter

Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg -
Meirutg +
01Driftsinntekter16 696
11Salsinntekter8 083
15Refusjon arbeidsmarknadstiltak8 631
45Store nyskaffingar10 500
47Sal av eigedom39 361
70Renteinntekter-1 779
90Lån til bustadsformål4 926
Sum86 418

Tala i tabellane ovanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntektene.

Til forsiden