St.prp. nr. 19 (1998-99)

Endringar på statsbudsjettet for 1998 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

Kap 800 Barne- og familiedepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 2,3 mill kr som skuldast at nokre internasjonale tiltak i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel.

Ved Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett i vår foreslo departementet å omdisponere i alt 4,4 mill kr til kap 800. Innanfor dette beløpet var det avsett 2,3 mill kr til norske tenestemenn i EU-kommisjonen. Stortinget røysta mot å auke posten med 2,3 mill kr til utlån av tenestemenn til europeiske organisasjonar. Barne- og familiedepartementet tilrådde dette ved å foreslå ei teknisk overføring av beløpa frå dei aktuelle fagkapitla. Eit fleirtal i Stortinget røysta likevel for å nedsette fagkapitla/postane. Konsekvensen av voteringa er dermed at midla som skulle finansiere dei nasjonale ekspertane i 1998 er tapt.

Ei slik teknisk overføring har vore gjennomførd i fleire år og innebær ikkje ei svekking av dei faglege føremåla på kapitla. Midla som er reine driftsmiddel (løn og anna godtgjersle) vert budsjettert over fagkapitla som ein del av kontingenten departementet betaler til EU for deltaking i ungdomsutvekslingsprogrammet «Youth for Europe», tiltaket «Europeisk Voluntørtjeneste» og EU sitt likestillingsprogram, men vert overførd driftskapitlet (kap 800) fordi løn og anna godtgjersle til dei aktuelle tenestemenn iflg økonomireglementet må utbetalast over driftskapitlet. Det er med andre ord ikkje tale om at det vert overførd middel som elles ville ha blitt brukt til faglege føremål.

(i 1000 kr)
Rekneskap 199772 071
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg72 064
Tilleggsforslag2 300

Kap 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak

Statstilskotet er eit øyremerka tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter m.v). I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak skal staten yte 50 % av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjend av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar. Den største bidragsytaren ved sia av staten (50 pst), er kommunen. Kommunale tilskot dekkjer om lag 45 pst av dei totale driftskostnadene, medan dei resterande 5 pst er tilskot frå fylkeskommunar og private bidragsytarar.

Statstilskotet til kommunane til drift av krisetiltak utgjer halvparten av inntektene til krisetiltaka, og storleiken på statstilskotet følgjer difor direkte av storleiken på tilskot for lokale og regionale bidragsytarar. Dersom til dømes ein kommune aukar tilskotet sitt, aukar det statlege tilskotet tilsvarande.

Storleiken på det samla statstilskotet har auka dei siste åra. Dette skuldast i hovudsak at fleire kommunar i dag yter tilskot til drift av krisetiltak enn tidlegare, og fordi kommunane i snitt har auka bidraga sine til drifta. Dei kommunale prioriteringane kan tyde på at krisetiltaka har fått eit betre økonomisk fundament for drifta.

Løyvinga for 1998 vart auka med 4 mill kr i revidert nasjonalbudsjett, jf St prp nr 65 (1997-98). Tilleggsløyvinga har vist seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å dekkje behovet, og på denne bakgrunn vert det gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,753 mill kr.

(i 1000 kr)
Rekneskap 199746 344
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg46 150
Tilleggsforslag1 753

Kap 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utbetalingane til barnetrygd er regelbundne, og fylgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-16 år. Utgiftene i år vil i fylgje berekningar bli 38 mill kr høgare enn vedtatt løyving. Dette har mellom anna følgjande årsaker: auken i talet på barn med rett til stønad har vore større enn tidlegare føresett og det har vore ein aukande del mottakarar med to og tre barn. Dermed blir utbetalingane pr mottakar høgare. Det har og vore ein auke i talet på mottakarar med utvida stønad (einslege forsørgjarar).

På bakgrunn av desse berekningane blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap 845 Barnetrygd post 70 Tilskot med 38 mill kr.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 199712 835 443
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg13 032 250
Tilleggsforslag38 000

Kap 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet

Etter ein gjennomgang av Rikstrygdeverket sine utbetalingar av adopsjonsstønad tidlegare i år, kom det fram at til saman 6 060 000 kroner av løyvinga til adopsjonsstønad er blitt ført på feil kapittel. I staden for posten adopsjonsstønad har enkelte av dei lokale trygdekontora ført tilskota over kapittelet for fødselspengar. Feilposteringane vart gjort i perioden 1992 til 1997. Dette har ført til eit aukande mindreforbruk på kap 852 post 70. Det er no sett i verk tilfredsstillande tiltak frå Rikstrygdeverket si side for å unngå slike feilposteringar i framtida.

Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga på kap 852 post 70 vert nedjustert med kr 6 060 000 i 1998. Ein vil understreke at dette er reint rekneskapsmessig. Stønad til adopsjon frå utlandet vil halde fram på same nivå som før.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 19977 110
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg10 500
Forslag til omdisponering- 6 060

Kap 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar.

Kommunar og fylkeskommunar fekk t o m 1995 refundert utgiftene sine til barnevern for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Frå 1. januar 1996 vart ordninga lagt om slik at kommunane årleg tek imot eit fast tilskot på kr 80 000 pr barn. Tilskotet vert utløyst når barnet vert busett/direktebusett i ein kommune og vert utbetalt til den einslege mindreårige fyller 18 år. Fylkeskommunane sine utgifter til barnevern vert framleis refundert.

Utgiftene til rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane vart i St prp nr 1 (1997 - 1998) utrekna til kr 30 550 000. Løyvinga viser seg å verte for lita da det gjennom heile 1998 har kome langt fleire einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar enn kva som var forventa og dermed budsjettert.

Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 14,450 mill kr for 1998.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 199735 304
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg30 550
Tilleggsforslag14 450

Kap 857 Barne - og ungdomstiltak

Post 79 Tilskott til internasjonalt ungdomssamarbeid mv

Posten dekkjer i hovudsak dei faste kostnadene knytt til Noregs bidrag til deltaking i EU sitt ungdomsprogram som fylgje av EØS-avtala. Departementet har ikkje høve til å påverka desse kostnadene. Frå 1997 til 1998 har desse kostnadene auka med omlag 2 mill kr. Auken har samanheng med ein auke i programbudsjetta og at deltakinga i programmet Europeisk voluntørtjeneste for ungdom først fekk verknad frå slutten av 1997, samt ein auke i EFTA sin del av EU-budsjettet frå 1,8 % til 1,89 % ( Noreg sin del av dette er omlag 95 %). Ein svært stor del av midla på kap 857 post 79 er no bundne opp i utgifter knytt til EU-programma og det har difor ikkje vore mogleg å finne rom for heile denne auken andre stader på posten. På denne bakgrunn treng ein ei tilleggsløyving på 1,3 mill kr for 1998.

Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 1,3 mill kr for 1998.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 199711 898
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg10 710
Tilleggsforslag1 300

Kap 858 Statens ungdoms- og adopsjonskontor

Post 01 Driftsutgifter

Statens ungdoms - og adopsjonskontor (SUAK) vart oppretta 01.01.98 etter ei samanslåing av Statens adopsjonskontor, Sekretariatet for Fordelingsutvalet og deler av den private stiftinga Atlantis. Ved utarbeidinga av kontoret sitt budsjett for 1998 var det ein del vanskar med å berekne eksakt kostnadene ved samanslåinga. Når kontoret no har vore i drift i nærmare eit år viser det seg at løyvinga på budsjettet for inneverande år har vorte for lita. Dette har mellom anna samanheng med at husleigeutgiftene og investeringar i datautstyr og anna kontorteknisk utstyr, har vorte større enn det ein tidlegare rekna med. Også utgiftene i samband med Fordelingsutvalet har vorte større enn budsjettert. Meirbehovet for 1998 ligg på 1,8 mill kr.

Departementet gjer difor framlegg om at kap 858 Statens ungdoms - og adopsjonskontor post 01 Driftsutgifter vert auka med 1,8 mill kr mot innsparing på kap 854 Tiltak i barne - og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid mv med 0,870 mill kr, kap 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,350 mill kr, kap 856 Barnehagar post 64 Tilskot til andre barnehageføremål med 0,130 mill kr, kap 857 Tiltak for barn og unge post 70 Barne - og ungdomsorganisasjonane med 0,450 mill kr.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 1997
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg10 365
Tilleggsforslag1 800

Kap 866 Statens institutt for forbruksforsking

Post 50 Basisløyving

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) er frå 1.1.1998 eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og er sjølv ansvarleg for framtidig dekking av feriepengar.

I samsvar med statleg praksis vart det ikkje sett av feriepengar i 1997 for utbetaling i 1998. Året 1998 vil på grunn av omorganiseringa vere eit overgangsår der SIFO må dekkje feriepengar for 1998 og samtidig sette av midlar til opptente feriepengar som først kjem til utbetaling i 1999.

Barne- og familiedepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga til SIFO med 1,65 mill kr med innsparing frå kap 844 Kontantstønad post 21 Særskilde driftsutgifter med 1,6 mill kr og kap 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,050 mill kr.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 1997
Løyvd beløp 1998 inkl tidlegare løyving om tillegg15 643
Tilleggsforslag1 650
Til forsida