St.prp. nr. 3 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)

Til innholdsfortegnelse

3 Avgjerda til EØS-komitéen

EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 inneber at rådsforordning (EF) nr 1610/96 vert teken inn i EØS-avtala (vedlegg XVII). Etter ordlyden i avgjerda skulle ho take til å gjelde 1. august 1997, på det vilkåret at EØS-komitéen då hadde teke imot alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr 1 i EØS-avtala. Noreg har ikkje gjeve noka slik melding, difor har avgjerda enno ikkje teke til å gjelde. Etter artikkel 103 nr 1 andre leddet skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet då avgjerda vart teken (som var 31. juli 1997), stadfeste at dei forfatningsrettslege krava for ikraftsetjing er stetta, det vil for Noreg seie at Stortinget har gjeve sitt samtykke. Fristen for å gjennomføre den EØS-tilpassa versjonen av forordninga i norsk rett er 2. januar 1998.