St.prp. nr. 3 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)

Til innholdsfortegnelse

6 Konklusjon

Føremålet med EØS-avtala er å sikre eit einskapleg økonomisk samarbeidsområde som er grunnlagt på felles reglar og like konkurransevilkår. Forordninga går inn som ein del av dei felles reglane og dei like konkurransevilkåra i EU. Gjennomføringa av forordninga i norsk rett vil krevje lovendringar. Dei tilpassingane som må gjerast i samband med dette, skal leggjast fram for Stortinget i ein eigen lovproposisjon frå Justisdepartementet.

Regjeringa finn at forordninga om innføring av eit supplerande vernesertifikat for plantefarmasøytiske produkt tener dei norske interessene på ein tilfredsstillande måte, og tilrår på dette grunnlaget at Noreg godkjenner avgjerda til EØS-komitéen om å ta henne inn i EØS-avtala.