St.prp. nr. 3 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)

Til innholdsfortegnelse

4 Tilhøvet til norsk rett og vurdering i høve til EØS-avtala

Det finst ingen føresegner om vernesertifikat for plantefarmasøytiske produkt i norsk rett idag. Forordninga skal gjennomførast ved at det i ein ny § 62 b i patentlova vert fastsett at forordninga, med EØS-tilpassingane, skal gjelde som norsk lov. Det vert lagt opp til at den nye § 62 b skal vise til § 62 a, som gjennomfører rådsforordning (EØF) nr 1768/92 om innføring av et supplerende beskyttelsessertifikat for legemidler, slik at føresegnene om eit vernesertifikat for lækjemiddel vil kunne nyttast tilsvarande for plantefarmasøytiske produkt. Bakgrunnen for dette er at den nye forordninga i hovudsak stiller dei same krava til reglane om eit vernesertifikat for plantefarmasøytiske produkt som rådsforordning (EØF) nr 1768/92 stiller til reglane om eit supplerande vernesertifikat for lækjemiddel. Nærmare reglar om sakshandsaminga vil kunne gjevast ved ei endring av forskrift av 20. desember 1996 nr 1162 til patentloven (patentforskrifta) og forskrift av 20. desember 1996 nr 1164 om avgifter til Patentstyret etter lovgivning om industrielt rettsvern.