St.prp. nr. 3 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr 59/97 av 31. juli 1997 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)

Til innholdsfortegnelse

2 Nærmare om forordninga

Bakgrunnen for forordninga er, likeeins som med forordning (EØF) nr 1768/92 om innføring av et supplerende beskyttelsessertifikat for legemidler, at den «effektive» patenttida ofte er monaleg kortare for patenterte plantefarmasøytiske produkt enn for andre patenterte oppfinningar på grunn av den omfattande utprøvinga som mange plantefarmasøytiske produkt må gjennom før dei kan kome i handelen. Likeeins som for lækjemiddel er det ikkje uvanleg at halvparten av patenttida på 20 år har gått før det vert gjeve løyve til å marknadsføre plantefarmasøytiske produkt. For å bøte på dette gjev forordninga reglar om at vernetida kan lengjast med inntil fem år ved at det vert utferda eit «supplerande vernesertifikat». Vilkåra for å utferde vernesertifikat og verknaden av sertifikata går fram av forordninga, jf i første rekkje artikkel 3-5 og artikkel 13.

Supplerande vernesertifikat vert gjevne for plantefarmasøytiske produkt som er verna av eit patent som er i kraft i landet der det vert søkt om vernesertifikat (basispatent).

Vernesertifikatet gjeld frå utgangen av patenttida for basispatentet. Sertifikatet skal gjelde frå den dagen då søknaden om basispatent vart innlevert, til den dagen då det første løyvet til å marknadsføre produktet innan EØS vart gjeve, redusert med fem år. Dersom det er gjeve mellombels løyve til marknadsføring, og dette løyvet straks vert følgt opp av eit endeleg løyve, skal det takast omsyn til det mellombels løyvet når det skal fastsetjast kor lenge sertifikatet skal gjelde. Sertifikatet kan likevel ikkje gjelde lenger enn i fem år.

Innanfor ramma av basispatentet vernar vernesertifikatet produktet slik det er omfatta av marknadsføringsløyvet og av eventuelle seinare løyve til å nytte det som plantefarmasøytisk produkt.