St.prp. nr. 41 (1996-97)

Om endringar i Noregs utanriksrepresentasjon

Til innholdsfortegnelse

2 Generelle prinsipp

Oppretting og nedlegging av utanrikske fagstasjonar må vurderast ut frå eit breitt perspektiv, der ein legg vekt på dei totale behova til utanrikstenesta. Ein må i denne samanhengen ta omsyn til både den politiske situasjonen, økonomiske tilhøve, næringspolitikk, forvalting av utviklingshjelpa og konsulære spørsmål. Regjeringa ser det som ei sentral målsetjing å bruka dei ressursane ein har til rådvelde ved utanriksstasjonane på ein effektiv måte.

Av effektivitetsomsyn bør ein i størst mogleg grad unngå å oppretta små utanriksstasjonar med færre enn tre utsende tenestemenn.