St.prp. nr. 41 (1996-97)

Om endringar i Noregs utanriksrepresentasjon

Til innholdsfortegnelse

5 Norsk representasjon i Mellom-Amerika

På grunnlag av St.meld. 19 (1995-96) har Stortinget vedteke at Nicaragua skal vera eit prioritert land for utviklingssamarbeidet. Samstundes vart det vedteke å vidareføra ei regionalløyving for Mellom-Amerika som m.a. omfattar Guatemala. Den mellombelse ambassaden i Guatemala og ambassaden i Nicaragua blir i 1997 gjorde om til permanente, integrerte ambassadar, samstundes som ambassaden i San José vert nedlagd jfr. handsaminga av St.prp nr. 1 (1996-97) og Budsjett-innst. S. nr. 3. (1996-97).

Det er ikkje naudsynt å styrkja ambassaden i Nicaragua.

Ambassaden i Guatemala vil få ansvar for regionalløyvinga til Mellom-Amerika. Samstundes er ambassaden viktig i samband med den aktive rolla Noreg har i tilknyting til fredsprosessen i landet. Regjeringa føreslår derfor at ambassaden får tilført ei ny stilling, i tillegg til dei fire som vart vedtekne ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (1996-97) og Budsjett-innst. S. nr. 3. (1996-97).