St.prp. nr. 41 (1996-97)

Om endringar i Noregs utanriksrepresentasjon

Til innholdsfortegnelse

6 Kostnader i samband med endringane

Det er ein føresetnad frå Regjeringa si side at endringane skal gjennomførast innanfor dei eksisterande budsjettrammene og stillingsrammene for Utanriksdepartementet og NORAD.

Stillingar

Nedlegginga av ambassadane i Windhoek i Namibia og Gaborone i Botswana vil føra til at totalt åtte heimlar for utsende tenestemenn vert frigjorde og kan brukast ved andre stasjonar i samsvar med forslaga i denne proposisjonen. Ambassadørstillinga i Windhoek vert føreslått flytta til Luanda, medan ei stilling i Kampala og ei i Nairobi vert føreslått omgjorde til ambassadørstillingar. Desse og andre omdisponeringar innanfor gjeldande stillingsramme vil vera nok til å dekkja dei behova for stillingar som er omtalte i denne proposisjonen.

Konsekvensar for budsjettet:

Endringane i utanriksrepresentasjonen slik vi har skissert ovanfor, vil bli gjennomførte ved omdisponeringar innanfor budsjettrammene under kap.0101 Utanriksrepresentasjon, kap.0142 lokale representasjonar og kap. 0143 Utanriksrepresentasjon i 03-området. Det vert lagt til grunn at endringane kan setjast i verk frå 1.oktober 1997.