St.prp. nr. 52 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II)

Til innholdsfortegnelse

2 Nærare om SAVE II-programmet

Det tidlegare SAVE-programmet hadde som formål å fremje energieffektivitet i byggjesektoren, industrien, hushaldningane og i transportsektoren.

SAVE II-programmet (Rådsvedtak 96/737/EF, sjå vedlegg 2) har i stor mon same hovudinnhald som SAVE-programmet. Programmet skal mellom anna medverke til betre kompetanse om energisparetiltak ved hjelp av informasjon, opplæring, oppbygging av nettverk og infrastruktur og lovgjeving. SAVE II-programmet er ein viktig del av EU sin noverande politikk for å redusere utsleppa av klimagassar.

Vinklinga i programmet fell godt saman med den norske aktiviteten på området og vil vere eit godt tillegg til aktivitetane innan forsking og tiltaka for å fremje bruk av effektiv energiteknologi. Noreg har lang røynsle med aktivitetar innan energieffektivitet. EU er derfor interessert i norsk ekspertise i planlegging og vidareføring av SAVE II-programmet.