St.prp. nr. 52 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II)

Til innholdsfortegnelse

3 EØS-komiteen si avgjerd

EØS-komiteen si avgjerd inneheld tre artiklar (sjå vedlegg 1).

Artikkel 1 slår fast at EFTA-statane skal ta del i SAVE II i tillegg til ALTENER. Artikkelen seier vidare at EFTA-statane skal medverke finansielt til programma i samsvar med artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. EFTA-statane skal og delta fullt ut i EU sine komitear og arbeidsgrupper som hjelper Kommisjonen i styring og utvikling av programma.

Artikkel 2 set fast dato for når avgjerda kan ta til å gjelde under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala om fullføring av interne prosedyrar for godkjenning.

Artikkel 3 slår fast at EØS-komiteen si avgjerd skal kunngjerast i EØS-avdelinga i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i SAVE II vil gjere det nødvendig å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 20. desember 1996 tok avgjerda om innlemming av programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan verte bindande.