St.prp. nr. 52 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II)

Til innholdsfortegnelse

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil føre til at EFTA-statane har plikt til å ta del i finansieringa av programmet. EFTA-statane betalte inn midlar til programmet i 1996, under den føresetnad at det vart gjort vedtak om programmet i EU og EØS i 1996. Den økonomiske ramma for gjennomføringa av programmet er på 45 mill ECU for 5-årsperioden. Etter to år skal programmet evaluerast. Budsjettet for dei resterande åra kan verte endra som følgje av evalueringa.

Det norske tilskotet til SAVE II-programmet var i 1996 rekna til om lag 59 000 ECU (om lag 480 000 NOK). Over ein 5-årsperiode vil det samla tilskotet nå opp i om lag 765 000 ECU eller om lag 6 mill. NOK

Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m. v. Stortinget er tidlegare orientert om vår deltaking i SAVE II og ALTENER i St prp nr 1 (1996 - 97).

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.