St.prp. nr. 52 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II)

Til innholdsfortegnelse

5 Konklusjonar og tilråding.

For Noreg som energinasjon er det viktig å styrkje samarbeidet med EU på energi- og miljøområdet innan EØS. Aktivitetane under SAVE II- og ALTENER-programma er i godt samsvar med våre nasjonale aktivitetar om energieffektivitet og fornybare energikjelder. Deltaking i programma vil vere ein positiv stimulans for dei norske miljøa og vil kunne gje nyttige impulsar for arbeidet nasjonalt. Deltaking i SAVE II-programmet inneber, saman med deltakinga i ALTENER-programmet, at EFTA-statane innan ramma av EØS-avtala vert knytta nærare EU sitt arbeid for å redusera utsleppa av klimagassar. Utanriksdepartementet tilrår derfor at protokoll 31 i EØS-avtala vert utvida slik at EØS-samarbeidet kan omfatte samarbeid innan energieffektivitet under SAVE II-programmet.