St.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC

Til innhaldsliste

3 Avgjerd i EØS-komiteen

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 inneber endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridommane ved innlemming av europaparlaments- og rådavgjerd nr. 2004/387 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC-programmet).

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og 3 artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til visse protokollar i avtala. Vidare vert det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC-programmet).

Artikkel 1 slår fast at denne avgjerda vert innlemma i protokoll 31 i EØS-avtala.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda skal gjelde frå dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala. Ho skal gjelde frå 1. januar 2006.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen .