St.prp. nr. 60 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteennr. 66/2004 av 26. april 2004 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 96/2003 av 11. juli 2003 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatteEuropaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF om skiping av eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004-2008) 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2004 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I artikkel 4 i protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar:

1. Etter nr. 2g skal nytt nr. 2h lyde:
«2h. EFTA-statene skal fra 1. januar 2004 delta i følgende program:
- 32 003 D 2317 : Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF om skiping av eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004-2008) (TEU L 345 av 31.12.2003, s. 1) .»
2. Teksten i nr. 3 skal lyde:
«EFTA-statene skal bidra finansielt til de programmer og tiltak som er fastsatt i nr. 1, 2, 2a, 2b, 2c, 2d, 2e, 2f, 2g og 2h i samsvar med artikkel 82 nr. 1 bokstav a).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2004.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, 26. april 2004

For EØS-komiteen
Formann
P. Westerlund
Sekretærar for EØS-komiteen
Ø. Hovdkinn M. Brinkmann

Fotnotar

1.

TEU L 272 av 23.10.2003, s. 34, og EØS-tillegget til TEU nr. 54 av 23.10.2003, s. 11.

2.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.