St.prp. nr. 7 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av avtale av 3. september 1996 mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige om tilgjenge til høgare utdanning

Til innholdsfortegnelse

2 Særskilde merknader til dei einskilde føresegnene i avtalen

Artikkel 1 slår fast prinsippet om at utdanningssøkjande frå andre partar skal behandlast på same måten som kvar parts eigne søkjarar. Artikkelen definerer vidare kva som skal reknast som høgare utdanning hos den einskilde part. Generelt vert utdanning utover vidaregåande skule rekna som høgare utdanning.

Artikkel 2 regulerer tilhøvet mellom denne avtalen og andre avtalar. Han skal ikkje ha innverknad på partana sine respektive føresegner om opphaldsløyve. Avtalen skal heller ikkje vere til hinder for bilaterale avtalar mellom partane om kjøp eller liknande av studieplassar innanfor spesielle utdanningar.

Artikkel 3 fastset at eventuelle særlege kvalifikasjonar eller faglege kunnskapar som krevst for å bli teken opp til ei viss utdanning, skal gjelde likt for alle søkjarar anten dei er frå vedkommande part eller ein annan part.

Artikkel 4fastset at opptak av søkjarar til utdanning som er avgrensa, skal gjerast etter dei same inntaksreglane som gjeld for parten sine eigne søkjarar.

Artikkel 5føreskriv at utdanning gjennomførd hos ein part skal godkjennast som tilsvarande utdanning hos ein annan part.

Artikkel 6 pålegg partane ei gjensidig plikt til å informere om sine utdanningstilbod.

Artikkel 7 gjev reglar for betalingsordninga. Kvart nordisk land må betale ei godtgjersle til studielandet for sine studentar i studielandet. Det skal betalast for 75% av alle studentar ein part har hos ein annan part, etter ein pris på DKR 22 000,- pr. student pr. år. Betalinga vert avrekna som ei minsking eller ein auke i kvar part sin del av det årlege budsjettet for det nordiske samarbeidet. Denne betalingsordninga omfattar ikkje Island.

Artikkel 8 handlar om det statistiske grunnlaget som betalingsordninga byggjer på, og føreskriv mellom anna at opplysningar gjevne av dei nordiske studiefinansieringsinstitusjonane skal danne grunnlaget for å rekne ut talet på studentar.

Artikkel 9 føreskriv m.a. at Nordisk Ministerråd skal setje ned eit rådgjevande utval som skal følgje bruken av avtalen og rapportere til ministerrådet etter behov.

Artikkel 10 handlar om iverksetjingsføresegner, og slår mellom anna fast at avtalen skal ta til å gjelde 30 dagar etter den dagen då alle partar har meldt frå at avtalen er godkjend, men tidlegast 1. januar 1997. Avtalen skal gjelde til utgangen av 1999, så sant ikkje anna vert avtala.

Artikkel 11 gjev nærare reglar om oppseiing. Avtalen opphøyrer når ein av partane har gjeve skriftleg melding om dette.

Artikkel 12føreskriv at det finske utanriksdepartementet skal vere depositar for avtalen.