St.prp. nr. 7 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av avtale av 3. september 1996 mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige om tilgjenge til høgare utdanning

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn for og innhald i avtalen

Som ledd i det nordiske samarbeidet vart det i 1994 gjort ein avtale mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgare utdanning. Avtalen vart underteikna den 29. mai 1994, tok til å gjelde den 24. mars 1995 og gjaldt til og med opptaket 1995/96.

For å revidere avtalen med særleg sikte på å innarbeide reglar om ei betalingsordning, vart det i 1995 sett ned ei arbeidsgruppe med representantar for dei nordiske landa. Gruppa utarbeidde utkast til ny avtale.

På eit møte den 24. mai 1996 mellom dei nordiske utdanningsministrane vart det oppnådd semje om utkastet til avtale.

Fullmakt til underteikning, med atterhald om godkjenning i Stortinget, vart gjeven ved kongeleg resolusjon den 6. september 1996. Avtalen vart underteikna i Helsinki den 20. september 1996 av Noreg sin ambassadør. Utdanningsministrane i dei andre landa underteikna avtalen i København den 3. september 1996.

Avtalen er eit ledd i det overordna målet om å skape eit nordisk utdannings- og forskingsfellesskap. Gjennom avtalen forpliktar partane seg til å gje utdanningssøkjande som er busette i eit anna nordisk land tilgjenge til si offentlege høgare utdanning på same eller likeverdige vilkår som for søkjarar frå eige land.

I avtalen er det innarbeidd føresegner om ei betalingsordning mellom partane. Kvart land skal etter nærare føresegner dekkje ein del av utgiftene for eigne studentar i eit anna nordisk land. Dette er nytt i høve til den tidlegare avtalen av 29. mai 1994.

Bakgrunnen frå norsk side for å akseptere ei slik betalingsordning er at svært mange norske studentar dei seinare åra har søkt seg til visse kostbare studium spesielt i Danmark. Det har skapt problem for dei danske utdanningsstyresmaktene. Ein har difor funne det rimeleg at ein dekkjer ein del av utgiftene for dei studieplassane som norske studentar tek opp. Gjennom fleire tiår har dessutan norske studentar i større grad enn studentar frå andre nordiske land gjort seg nytte av tilbodet om å ta høgare utdanning i eit anna nordisk land.

Den norske avtaleteksten følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.