St.prp. nr. 7 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av avtale av 3. september 1996 mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige om tilgjenge til høgare utdanning

Til innholdsfortegnelse

3 Administrative og økonomiske konsekvensar av godkjenning av avtalen

Avtalen får budsjettmessige konsekvensar. For 1997 er nettoutgiftene rekna til ca. kr. 15 millionar. Desse kostnadene vert å dekkje innanfor Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sine budsjettrammer. Det er ein føresetnad at avrekning landa imellom skal skje over det nordiske budsjettet.

Det er ikkje venta at avtalen vil medføre vesentlege administrative konsekvensar.

Avtalen vil vere viktig i arbeidet for å skape eit nordisk utdannings- og forskingsfellesskap. Han fører vidare den tidlegare avtalen av 29. mai 1994, og utvidar denne ved at det vert innført ei betalingsordning mellom partane. Denne ordninga fordeler på ein rimeleg måte dei utgiftene gjennomføringa av avtalen fører med seg.

Avtalen er lagt fram for Finansdepartementet, som ikkje har hatt merknader. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet rår til at det vert gjeve godkjenning. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Etter Grl § 26, andre ledd må Stortinget samtykke i godkjenning av avtalen før han kan bli bindande for Noreg. Samtykket bør gjevast i løpet av haustsesjonen 1996, då ein tek sikte på at avtalen skal ta til å gjelde 1. januar 1997.