St.prp. nr. 72 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD

Til innholdsfortegnelse

5 Det norske bidraget til IFADs fjerde kapitalpåfylling

Nivået på IFADs fjerde kapitalpåfylling er US dollar 430 mill. Det norske bidraget er fastsett til 118 216 205 kroner. Dette utgjer 4,27 % av påfyllinga. Noregs del av OECD-landa sitt bidrag er 5,7 % dersom dei frivillige bidraga frå Nederland og Belgia vert haldne utanfor. Medrekna dei frivillige bidraga er delen omtrent 5 %. Dette er ein noko høgare del enn det ein har hatt i tidlegare kapitalpåfyllinger, då delen har lege på mellom 4,2 og 4,4 % av OECD-landa sitt bidrag. Dette skuldast i hovudsak justeringa på grunn av USAs reduserte bidrag.

Før kapitalpåfyllingsforhandlingane var endeleg avslutta, vart det i samband med statsbudsjettet for 1997 sett av 40 mill kroner over kap 0163, post 75 Innskot i Internasjonalt fond for jordbruksutvikling til eventuell deltaking i fondspåfyllinga. Løyvinga dekkjer den første av tre årlege innbetalingar. Resten av bidraget vil bli innbetalt dei kommande åra, og dei respektive løyvingsforslaga vil bli lagt fram for Stortinget i budsjetta for 1998 og 1999.